Spel Wolfenstein 3D gratis

id Software feirar 20-årsdagen for klassikaren som forandra alt.

Før Crysis, Call of Duty, og Doom kunne glede og skremme folk om kvarandre var det berre eitt skytespel som gjaldt; Wolfenstein 3D. Dette spelet introduserte førstepersonsjangeren slik vi kjenner den i dag, og let oss for første gong vandre rundt i klaustrofobiske korridorar. Målet var å kverke Hitler som hadde utrusta seg med robotdrakt og mitraljøser. På vegen måtte både soldatar, hundar og mutantar bøte med livet.

Å fylle eit heilt spel med nazisymbol og ein sint Hitler er derimot ikkje noko du gjer utan reaksjonar. Spelet fekk store problem då det skulle lanserast i Tyskland sidan det er ulovleg å vise nazisymbol der. I tillegg støtte id Software på sterk motstand frå Nintendo of America som ikkje ville tillate spelet på Super Nintendo utan nokre solide endringar. Resultatet var at alle referansar til nazismen blei fjerna, og Hitler mista barten og blei omdøypt til Staatmeister. For den tyske Super Nintendo-versjonen blei i tillegg blodet gjort grønt.

John Carmack fortel om Wolfenstein 3D.

No har utruleg nok 20 år gått sidan Wolfenstein 3D snudde ein heil industri på hovudet. Om du enno ikkje har spelt klassikaren har du sjansen no, sidan du kan spele den i nettlesaren frå spelet sin offisielle nettstad. At Wolfenstein 3D har hatt enorm innverknad herskar det ingen tvil om, og no kan du sjølv sjå kor mykje som har skjedd dei siste 20 åra.

Utover dei tre aktene du kan kose deg med i Wolfenstein 3D, har Bethesda og id Software skrudd saman ein liten video der John Carmack – teknisk sjef hos id Software – fortel om utviklinga av spelet, og alle dei snodige problema dei møtte på undervegs.

I anledning 20-årsjubileet har Bethesda samtidig gjort iOS-versjonen av Wolfenstein 3D gratis i ein periode.

Les også: Anmeldelse: Wolfenstein
Les også: Nostalgisk skyteaction

Siste fra forsiden