Spinnvill Final Fantasy-slåssing til iOS

Kva skjer når fleire titals heltar kjempar samtidig?

Tidlegare i veka opna Square Enix ei side for eit mystisk og ukjent spel. Det einaste vi fekk sjå var nokre silhuettar av figurar som såg ut til å stamme frå Final Fantasy V og Final Fantasy VI. Samtidig stod datoen for 17. januar – altså i morgon – på sida.

Sidan det allereie er torsdag i New Zealand har vi allereie fått svaret på kva dette mystiske spelet er for noko. Det viser seg at sida lada opp til eit nytt iOS-spel i Final Fantasy-universet, får vi vite via Kotaku. Denne gong er det ikkje noko rollespel i miniformat, men i staden eit spel som utelukkande fokuserer på ATB-systemet som har definert kampane i dei fleste Final Fantasy-spela opp gjennom åra.

ATB står for Active Time Battle, og det heile går ut på at sjølv om kampane teknisk sett er turbaserte, kan turane for kvar person kome på forskjellige tidspunkt. Ein liten målar fyller seg opp, og før ein krigar er klar til neste tur, og kor fort denne går opp kan avhenge av figuren, eller om han har fått statusmagi på seg.

Mykje lys og varme i Final Fantasy: All the Bravest.

Det nye spelet har fått namnet Final Fantasy: All the Bravest. Dette varemerket blei registrert av Square Enix på tampen av fjoråret, og mange spekulerte i om det kanskje kunne gjelde ei europeisk utgjeving av 3DS-rollespelet Bravely Default: Flying Fairy. No viser det seg derimot at All the Bravest og Bravely Default på ingen måte har noko med kvarandre å gjere.

Final Fantasy: All the Bravest vil la deg rekruttere Final Fantasy-figurar frå den lange rekka med Final Fantasy-spel. Du er ikkje låst til tre eller fire heltar i kvart slag, men kan praktisk talt fylle opp skjermen med fleire titals heltar. Alt du treng for å få dei til å angripe er å trykkje på dei eller dra fingeren over dei. Dette er – som du kan sjå av traileren nedanfor – ei oppskrift på kaos, og det ser på ingen måte ut til at Final Fantasy: All the Bravest er eit spel for dei som likar å ta det med ro.

Spelet vil i tillegg til dei mange heltane frå serien la deg ta i bruk klassiske jobbar som Red Mage, White Mage og Monk. Samtidig inkluderer spelet over 30 låter frå dei ulike spela i serien. Om dette ikkje skulle vere nok, kan du kjøpe nye heltar ved å opne lommeboka di.

Final Fantasy: All the Bravest er tilgjengeleg på iOS i morgon 17. januar.

Les også: Square Enix imponerer med ny spillmotor Les også: Final Fantasy V til iOS

Siste fra forsiden