Star Ocean-studioet med ny stjernefantasi

tri-Ace lagar rollespel i Phantasy Star-universet.

Dei siste åra har det vore ganske så stille frå den japanske rollespelutviklaren tri-Ace. Studioet har stått bak populære seriar som Star Ocean og Valkyrie Profile, men etter Xbox 360 og PlayStation 3-rollespelet Resonance of Fate har vi ikkje høyrt mykje frå dei på konsollfronten.

I tida etter Resonance of Fate har tri-Ace hovudsakleg fokusert på spel til portable plattformer. Blant dei finn vi spela Frontier Gate og Beyond the Labyrinth som aldri tok turen ut av Japan. Ved sidan av desse spela har hjalp dei til med utviklinga av Final Fantasy XIII-2.

Under Sony sin pressekonferanse i dag blei det kunngjort at dei er i full sving med eit nytt rollespel til PS Vita. Det nye spelet blir eit nytt kapittel i Phantasy Star-serien. Denne gamle serien til Sega starta som tradisjonelle japanske rollespel med Phantasy Star til Sega Master System i 1987, men utvikla seg etter kvart til å først og fremst fokusere på samarbeid over nettet.

Det nye spelet har fått namnet Phantasy Star Nova og blir først og fremst eit spel for ein spelar. Du vil likevel kunne slå deg saman med andre spelarar, blant anna for å nedkjempe massive monster. Detvil ikkje bli eit heilt sjølvstendig spel, sidan det vil gå trådar mellom dette og det så langt japan-eksklusive MMO-et Phantasy Star Online 2.

Phantasy Star Nova har ikkje fått nokon lanseringsdato enno, og kor vidt det vil kome til våre breiddegrader er førebels ukjent.

Les også: Hør uforglemmelig spillmusikk fra Sega Mega Drive Les også: Retrospill og samlemani

Siste fra forsiden