Star Wars 1313 skulle handle om Boba Fett

Populær dusørjeger kunne fått sitt eige storspel.

Tidlegare i dag fortalde vi om at Disney etter oppkjøpet av LucasFilm har valt å leggje ned den legendariske spelutviklaraen LucasArts. Eit av spela som har blitt ramma av denne nedlegginga er Star Wars 1313. Formelt er utviklinga av spelet stogga, men sjansen for at det kan bli lisensiert bort til andre utviklarar er likevel til stade.

I kveld kjem Kotaku med nye detaljar om det førebels skrinlagde Star Wars-spelet som Marius så vidt fekk sjå glimt av under E3-messa i fjor.

Etter framvisinga på E3 gjekk spelet gjennom store forandringar. Frå å vere eit spel der du gjekk inn i rolla som ein ny figur i Star Wars-universet, enda det opp med å handle om den kjende byttejegaren Boba Fett. I følgje Kotaku sine kjelder er det George Lucas sjølv som ville ha denne endringa etter å ha sett på spelet.

At Star Wars 1313 no potensielt ligg i skuffa for evig tid kjem ikkje som ei overrasking. Tidlegare i månaden blei det kjent at Disney hadde stogga utviklinga av Star Wars 1313 rett etter at dei kjøpte Lucasfilm på tampen av fjoråret.

Les også: Anmeldelse: Kinect Star Wars Les også: Anmeldelse: Star Wars: The Old Republic

Siste fra forsiden