The War Z er fjerna frå Steam

Misvisande produktinformasjon har fått konsekvensar.

Tidlegare i dag kunne vi fortelje om korleis lanseringa av zombiespelet The War Z blei møtt med sterke reaksjonar. Informasjonen utviklarane hos Hammerpoint Interactive har gått ut med har vore direkte feil, og spelarane har enda opp med noko heilt anna enn kva dei har betalt for.

I kveld kan Kotaku fortelje at det ikkje lenger er mogleg å kjøpe The War Z på Steam, sjølv om spelet framleis ligg i Steam-databasen.

Valve fortel til Kotaku at det var ein feil som gjorde at The War Z blei tilgjengeleg for sal alt for tidleg. Vidare fortel dei at spelet er midlertidig fjerna frå sal medan Valve jobbar med utviklarane for å kunne få på plass ein ny versjon.

Sjefen for The War Z har følgjande å seie:

«Grunnen til at vi har fjerna The War Z er for å vere sikre på at Steam-sida er 100% riktig. Målet vårt er å ha tilfredse – ikkje sinte – kundar, og dette er viktigare for oss enn noko anna.»

Om du allereie har kjøpt The War Z kan du framleis spele det, og om du skulle vere ein av dei som reagerte på den misvisande informasjonen kan du be om å få pengane tilbake. Enn så lenge må alle andre som skulle vurdere å sjekke ut dette zombiespelet vente til Hammerpoint Interactive får orden i sakene sine.

Les også: Sniktitt: The War Z Les også: – Med DayZ kan man fortelle egne historier

Siste fra forsiden