Timebetaling for karakoespel

Microsoft prøvar seg på ny betalingsmodell.

Utviklarar og utgjevarar prøvar stadig å finne nye måtar å ta betalt på. I ein stadig meir utfordrande marknad er det gull verdt å finne gode betalingsmodellar som får folk til å bruke meir pengar. Ein av dei mest populære modellane akkurat no er gratismodellen der du får grunnpakka utan å betale, medan du må punge ut for å fylle ut spelet med meir innhald.

Microsoft kjem snart med ein liten vri på denne når dei lanserer Karaoke frå The Karaoke Channel for Xbox 360 i tid før jul, skriv Eurogamer. Denne appen blir gratis å laste ned, og du betalar ingenting for låtene. I staden betalar du for tida du brukar. Eit utval songar vil til ei kvar tid vere gratis, men vil du ha meir må du betale i bolkar på to, seks eller 24 timar. Kva prisinga vil bli er ikkje klart.

Ein interessant detalj med dei 8000 songane Karaoke byr på frå lansering er at du ikkje må laste dei ned, men streamar dei i staden. Etter kvart vil songbiblioteket bli utvida med ny musikk innanfor alt frå pop og rock til hip-hop og country.

Karaoke vil by på SmartGlass-funksjonalitet, og vil la deg justere toneart på låtene, eller byte ut vokalsporet for å tilpasse musikken stemma di betre. Samtidig vil du kunne lage favorittlister for å ha lett tilgang til dei songane du helst vil synge. Medan du syng vil den obligatoriske Xbox-avataren din strutte over skjermen framfor eit like obligatorisk avatarpublikum.

Då spørs det om Karaoke vil bli ein større suksess enn Lips – Microsoft sitt førre forsøk på syngespel – blei i si tid. I andre musikknyhende lanserte Microsoft nyleg si nye musikkteneste Xbox Music.

Les også: Anmeldelse: SCORE – Orchestral Game Music
Les også: Anmeldelse: Theatrhythm Final Fantasy

Kommentarer (9)

Forsiden akkurat nå

Til toppen