Tredje sesong av The Walking Dead kjem ikkje før neste år

Men Telltale hintar likevel om noko stort før året er omme.

Om du er spent på kva som skjer vidare i Telltales The Walking Dead-serie må du smørje deg med solide mengder tolmod. Via Twitter har Telltale-talsmann JOb J Stauffer stadfesta at sesong tre ikkje vil kome før neste år.

Dette betyr likevel ikkje nødvendigvis at vi ikkje får meir The Walking Dead i år. Stauffer har i nyare Twitter-meldingar hinta ganske tydeleg om at noko «stort» er på veg for The Walking Dead-fans. Han har ikkje gjeve detaljar om kva vi kan ha i vente, men vi skal få vite meir under E3-messa i midten av juni. Kanskje er det snakk om ein venteepisode i same gate som The Walking Dead – 400 Days, som kom mellom sesong ein og to?

Travelt studio

Utyska kjem tilbake neste år.

Telltale Games har svært mange jarn i elden for tida, og det er såleis ikkje så rart om dei ikkje har tid til å gjere ferdig ein ny The Walking Dead-sesong akkurat no. Dei er no i sluttfasen på Game of Thrones, og held i tillegg på med nye episodar i Tales from the Borderlands.

Ved sidan av desse seriane jobbar dei med episodiske spel basert på Minecraft. Tidlegare i år blei det òg kjent at Telltale Games har inngått eit partnerskap med Lionsgate. Som om det ikkje var nok avslørte dei nyleg at dei skal lage spel om Marvels superheltar.

The Walking Dead har vore Telltales største suksess. Saman med suksessen til TV-serien med same namn er det ikkje rart fleire vil prøve seg på spel i zombieuniverset. Activision prøvde seg med det hårreisande dårlege actionspelet The Walking Dead: Survival Instinct, og til neste år lanserer Payday-studioet Overkill eit nytt spel basert på den opphavelege teiknserien.

The Walking Dead: Season One
Windows
The Walking Dead: Season One
Xbox 360
The Walking Dead: Season One
PlayStation 3
The Walking Dead: Season One
iPad
The Walking Dead: Season One
iPhone
The Walking Dead: Season Two
iPad
The Walking Dead: Season Two
Mac
The Walking Dead: Season Two
PlayStation 3
The Walking Dead: Season Two
Windows
The Walking Dead: Season Two
Xbox 360
The Walking Dead: Season One
PlayStation 4
The Walking Dead: Season One
Xbox One
The Walking Dead: Season Two
PlayStation 4
The Walking Dead: Season Two
Xbox One

Les også

Siste fra forsiden

Meritterte veteraner møter sultne debutanter i Telialigaens League of Legends-finale

Support-spiller «Touch» har savnet å løfte Telialiga-trofeet, men først må han slå Urban i sluttspillets finale.

E-sport