Unike Flower på veg til Vita

Det eksperimentelle blomespelet kjem i miniformat.

Det siste året har thatgamecompany fått svært mykje merksemd for Journey, det førebels siste spelet på merittlista deira. Før dei skapte denne kritikarrosa perla slapp dei derimot ut eit anna spel som òg fekk svært god mottaking; Flower.

Flower handlar kort og godt om å sende eit kronblad gjennom vinden. Dette blir berre det første av mange små blad du fører langs vinden i ein lang hale ved å snu og vri på PlayStation 3-kontrollaren, medan du tek inn det stemningsfulle og vakre landskapet.

PS Vita-versjon på veg

Så langt har Flower vore eksklusivt for PlayStation 3, men i følgje Eurogamer er det no i ferd med å endre seg sidan ein PS Vita-versjon har dukka opp på IndieCade si liste over kva dei skal vise fram på E3-messa som går av stabelen 10-14. juni.

Mykje informasjon er ikkje på plass heilt enno, men i tillegg til å bruke gyroskopet vil spelet få valfrie trykkontrollar.

Flower blei i si tid motteke med stor ståhei her hos oss, og vår mann klinka til me ni flotte punkt på skalaen:

«Flower er ei oppleving ein må få med seg. Ikkje bare er det fortryllande vakkert, på ein måte som ville tildelt dei fleste landskapsfotografar gledestårer i augekrokane, det er involverande og gøy. Det å bevege seg gjennom ein serie nydelige maleri medan ein styrer kronblad i vinden og aktivt går inn for å samle så mange som mogleg, kan faktisk skildrast med et ord så enkelt som «gøy».»

Nokon lanseringsdato er ikkje kunngjort for Flower på PS Vita enno, men den vil garantert dukke opp under E3-messa.

Les også: Kommentar: Spillbransjen er fortsatt i puberteten
Les også: Kommentar: Må spill være kunst eller kultur?

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen