Valve har kunngjort Steam Machines

Skreddarsydde PC-ar skal få ta speling til nye høgder.

Det har vore sagt mykje fram og tilbake om kor vidt Valve har jobba med å utvikle sine eigne maskiner for speling. Tidlegare i år stadfesta Valve-sjef Gabe Newell at dei jobba med eiga maskinvare, og i kveld har dei via ein eigen nettstad kunngjort det alle har venta på.

Steam Machines blir namnet på maskinene til Valve, og dei vil kome med SteamOS, Valve sitt eige operativsystem. Om du vil kan du likevel leggje inn det operativsystemet du sjølv vil, og herje med den som ei typisk datamaskin.

Vil ha hjelp frå brukarane

For å gjere Steam Machines til eit best mogleg produkt ber Valve om hjelp frå brukarane. Du kan allereie no melde deg på som betatestar for det nye produktet ved å vitje kunngjeringssida for Steam Machines. 300 heldige utvalde vil før året er omme få tilsendt ei Steam-maskin.

Alle som vil kan melde seg på betaprogrammet, men for å vere med i trekninga må du ha minst ti vener på Steam, i tillegg til å ha spelt minst eit spel med handkontroll i Big Picture-modusen.

Valve sin framtidsvisjon?

Valve har ikkje gått ut med konkret info om kva maskinvare Steam-maskinene vil by på, men gjer eit poeng ut av at dei skal vere enkle i bruk, og by på stor valfridom. Valve vil du skal kunne velje den maskinvara som passar for deg, avhengig av kor kraftig du vil ha den, og kva du har råd til. Valve fortel vidare at dei samarbeider med fleire maskinvareprodusentar om å levere ulike modellar av Steam-maskinene som vil kome i sal tidleg neste år.

Kunngjeringa av Steam Machines kjem få dagar etter at Valve kunngjorde SteamOS, eit operativsystem bygd på Linux-arkitektur som er skreddarsydd for å køyre spel og underhaldning. Steam Machines er den andre av tre kunngjeringar denne veka, den tredje og siste kjem fredag kl. 19.00.

Kva trur du om Steam Machines, og kva trur du Valve si siste kunngjering blir?

Les også: Snart kan du dele Steam-spela dine Les også: Valve åpner nytt samlekortsystem på Steam

Siste fra forsiden