Wii U-oppdatering neste veke

No er det ikkje lenge igjen til du kan leike deg med Virtual Console.

Under Nintendo Direct-sendinga i dag hadde Nintendo-president Satoru Iwata gode nyhende for Wii U-eigarar som slit med trege lastetider og saknar tilgang på gamle klassikarar.

Den neste oppdateringa for maskina vil kome i løpet av neste veke, og vil kome med ei rekke forbetringar. Først og fremst vil lastetidene bli merkbart betre, og du vil ikkje trenge å tvinne tommeltottar fullt så lenge i framtida.

Ein ny funksjon som snart blir tilgjengeleg er at du kan kopiere data mellom fleire USB-stasjonar. I tillegg til dette vil installering av nye spel og programvare no bli ein lettare prosess. Spel kan installerast medan du spelar, og nye oppdateringar for ulike spel vil bli installerte automatisk utan at du må gjere noko som helst. Vidare kunne Iwata fortelje at du etter oppdateringa kan starte ei nedlasting før du slår av maskina. Når du slår den på igjen vil nedlastinga og installeringa vere ferdig.

For dei som likar å bruke Wii U til å spele Wii-spel kunne Iwata fortelje at alt du no treng gjere for å gå inn i Wii-modus, er å trykkje inn B-knappen medan maskina startar.

Klart for Virtual Console

Dagen etter Wii U-oppdateringa vil endeleg Virtual Console bli lansert for maskina. Denne fungerer uavhengig av Virtual Console på Wii, og om du vil spele dei same spela du spelte der, må du betale for dei. Om du allereie eig spelet får du ein solid rabatt, men du endar likevel opp med å ha kjøpt spelet to gongar.

Virtual Console-spel på Wii U vil kunne spelast utelukkande på Wii U-kontrollaren om du vil, og spela vil ha full integrering med Miiverse.

Etter oppdateringa vil Nintendo omsider lansere Panorama View. Dette er Nintendo sin eigen vri på Google Maps, sjølv om funksjonaliteten er ein heilt annan. I staden for å kunne gå kvar du vil, vil du følgje ei reise gjennom diverse populære turistattraksjonar. Ved å halde Wii U-kontrollaren framfor deg kan du bruke den som eit vindauge inn i desse videoane, og endre kva du ser på. Endrar du kvar du held kontrollaren følgjer biletet på skjermen med, som om du skiftar blikket med auga. Det er ikkje heilt Oculus Rift, men tankegangen er mykje den same.

Nøyaktig kva dag oppdateringa blir tilgjengeleg har ikkje Nintendo sagt, men den vil som sagt kome i løpet av neste veke.

Les også: Zelda-klassikar får oppfølgjar Les også: Nytt Yoshi's Island-spel på veg

Siste fra forsiden