Xbox Music lanserast i morgon

Microsoft går hardt ut i kampen mot WiMP og Spotify.

Heilt sidan Microsoft lanserte den første Xbox-maskina i 2001 har dei hatt eit høgre mål om å ta over stova di. Dette har blitt svært tydeleg spesielt i seinare år med korleis dei kontinuerleg har endra på Xbox-opplevinga. Over tid har menyane endra seg, og ny funksjonalitet har kome til. Det største hoppet kom derimot med Kinect der dei fridde til heilt andre målgrupper dei som gjerne slappar av med eit spel.

Dei fleste multimediafunksjonane til Xbox 360 har vi sett lite av her til lands. I statane har dei hatt eit mylder av tilbod, som til dømes sportskanalen ESPN, medan vi har måtte ta til takke med diverse filmar.

No har derimot Microsoft noko nytt å by på gjennom tenesta Xbox Music, som i følgje ei pressemelding kjem til Noreg i morgon. Denne konkurrenten til straumetenester som WiMP og Spotify vil by på over 30 millionar songar, noko som må kunne seiast å vere ganske lovande sett opp mot at Spotify har omlag 18 millionar songar i databasen sin.

Eit glimt av Xbox Music i bruk.

I første omgang blir tenesta berre tilgjengeleg på Xbox 360, men ved lanseringa av Windows 8 i slutten av månaden vil den bli tilgjengeleg på PC-ar som køyrer det nye operativsystemet, samt Windows 8-nettbrett og telefonar. Støtte for Windows 7 og nedover ser ikkje ut til å liggje i korta, sjølv om Xbox Music vil bli tilgjengeleg for andre plattformer i løpet av neste år.

Som med dei fleste andre musikktenester av liknande sort vil Xbox Music bli gratis i bruk så lenge du ikkje har noko i mot litt reklame no og då. For 99 kroner i månaden kan du derimot fjerne all reklame. Eit lite skår i gleda kjem likevel av at du for å bruke Xbox Music på Xbox 360 må ha eit gullmedlemskap.

Det som kanskje gjer tenesta mest spanande for musikkelskarar som godt mogleg har sett seg leie på å ikkje finne musikken dei vil ha på til dømes Spotify, er at du kan leggje til din eigen musikk i Xbox Music, lagre den i skya, og såleis spele den av kvar du enn måtte vere.

Les også: Dårleg sommar for Arcade Les også: Nå kommer gratisspill til Xbox 360

Siste fra forsiden