Anmeldelse

Styx: Master of Shadows

Noko av den største valfridomen eg har vore ute for i eit spel

Har Styx det som skal til for å karre til seg ein plass på snikepallen?

Focus Home Entertainment

Of Orcs and Men introduserte oss for ei ganske artig verd. Spelet der vi fekk leggje ut på eventyr saman med orken Arkail og goblinen Styx var eit robust rollespel som snudde gamle fantasytroper litt på hovudet. Menneska var ikkje lenger heltane, og i staden reiste vi på eit oppdrag for å frigjere undertrykte orkar.

Styx: Master of Shadows er både ein oppfølgjar og noko heilt nytt. Vi møter igjen den grøne grinebitaren Styx, men denne gongen har utviklarane byta sjanger, og spola tida tilbake til før Of Orcs and Men. I staden for eit noko lineært rollespel får vi eit snikespel der massive område byr på enorm fridom til å pønske ut eigne vegar ut av problematiske situasjonar, og der stille ettertanke på toppen av ein utkikkspost raskt blir eit av dine viktigaste verkty.

Det er vakkert i høgda, men vegen ned er desto lengre.

Enorm fridom

Det er ikkje å overdrive når eg seier at Styx: Master of Shadows byr på noko av den største valfridomen eg har vore ute for i eit spel. Ved rota er dette eit klassisk snikespel som strengt tatt luktar av eldre dato enn fleire av sine nye brør. Om ein kikar nærare finn ein derimot eit spel som lar deg prøve og feile i så stor grad at du sjeldan gjer det same to gongar.

Dei gongane mine første forsøk har feila, har eg svært ofte enda opp med å ta meg litt ekstra tid, sjå rundt meg, og så springe i ein heilt anna retning. Der eg først prøvde å springe over ei bru, gøyme meg bak nokre kassar, og deretter forkludre alt ved å bli oppdaga i det eg skulle ta knekken på ei vakt, sprang eg i neste omgang til sida, opp ein vegg, inn eit vindauge, og var brått i ein heilt anna del av nivået.

Ingen veg er den rette, og spelet gjev deg så og seie aldri ein einaste indikasjon på kvar du skal gå, reint bortsett frå sånn omtrent kvar du helst skal ende opp. Utover det er alt heilt opp til deg, og det er dette som er Styx: Master of Shadows si aller største styrke. Sjølv om du døyr, noko du sannsynlegvis vil gjere ein del, er det sjeldan ein sit att med kjensla av å måtte spele det same spelet om att. Riktig nok blir det svært mykje lagring for å sikre framgangen sin når ein har ein heilt spesifikk plan i tankane, men mange gongar er det like greit å starte om att med ein heilt ny plan.

Ingen veg er den rette, og spelet gjev deg så og seie aldri ein einaste indikasjon på kvar du skal gå.

Denne fridomen til å gjere som du vil gjer seg òg veldig tydeleg i alle eigenskapane til vår noko tvilsame helt Styx. Han kan spytte i mat eller drikke for å forgifte vakter som går forbi, han kan lage ei klone av seg sjølv som distrarerer vakter, og kan kan stille ta livet av fiendar før han dyttar dei inn i eit skap. Skulle alt likevel gå skeis kan du bli usynleg i nokre sekund for å kome deg unna raskt. Eit praktisk røntgensyn kan òg kome ti hjelp her og der om du treng hjelp til å finne ein utveg.

Samstundes kan nokre av nivåa i Styx: Master of Shadows vere nesten overveldande store. Spelet går føre seg i eit digert tårn ved namn Akenash, og vertikal skalering blir minst like viktig som å snike seg langs veggar. Eit nivå kan sende deg heilt frå ein mørk kjellar full av lydhøyre, men blinde insekt, heilt til toppen av eit høgt tårn. Når du omsider sit ved toppen og kikar utover, kan du sjå heile nivået frå ein ny og ofte svært informativ vinkel. Du ser stadar du tidlegare har vore, og får brått auge på dei vegane du godt kunne ha brukt, om du berre tok deg tid nok til å finne dei.

Sjølv om spelet er delt inn i oppdrag, og kvart oppdrag byr på opptil fleire nivå, kan kvart av dei vere så pass stort at ein aldri ser på dette som ei hindring. Tvert imot blir ein heller glad når ein omsider får gå vidare til neste sone. Du er i mål, og du klarte det. Storleiken varierer likevel, og nokre soner byr på meir konsentrerte utfordringar der du må liste deg stille forbi ei og ei vakt, medan andre igjen lar deg springe langs berebjelkar før du hiv deg opp ein vegg og dreg ned den stakkars vakta som står på toppen.

Vit din plass

Sjølv om du har mykje å velje i når du skal finne ut kva du vil Styx skal gjere i ein gitt situasjon, er spelet langt frå lett. Tidvis er det ganske nådelaust, og du får det banka inn i kroppen ganske tidleg at Styx ikkje har noko å stille opp med mot fiendar om han skulle bli oppdaga. Frontalangrep er å avseie sin eigen dødsdom, og utan unntak er det alltid betre å halde seg i det skjulte, eller stikke av om du blir sett.

Kampane i Styx er ei nedtrykkjande affære, og baserer seg på perfekt timing, samt ein del flaks. Det heile framstår ganske så keitete i samanlikning med den elles ganske elegante naturen til resten av spelet, og det er litt vanskeleg å seie om dette er gjort med hensikt for å gjere det ekstra tydeleg for spelaren at kamp, det held du deg unna.

Utfordringane stoppar likevel ikkje her. Styx: Master of Shadows kunne ha nytt godt av nokre veker til med finpuss. Det er ikkje mange problemområde, men dei få som finnest er store nok til at dei i seg sjølve skapar store problem. Først av desse er ganske så upresise kontrollar om du finn ut at du vil henge frå ein kant. Mekanikken for dette er å sakte vandre ut for kanten, før Styx automatisk skal henge seg etter den med armane. Dette vil du raskt erfare er lettare sagt enn gjort, og Styx hoppar gladeleg rett i døden meir enn ein gong. Eit knappetrykk kunne godt hatt same funksjon.

Andre problem kan oppstår når du nesten heilt ved målet brått innser at den kanten du målbevisst har klatra mot på toppen av eit tårn ikkje kan gripast tak i likevel. Eg har fleire gongar erfart å klatre over kassar, tydelege klatrepunkt på veggane, og opp nokre stillas, berre for å møte ein usynleg kant som sender meg rett ned i avgrunnen att. Slikt drep all motivasjon.

Sjølv om ein raskt lærer seg å lagre ofte, tenkjer ein som regel ikkje fullt så mykje på å lagre når vegen ser svært enkel ut. Å brått bli kasta tilbake utan å eigentleg forstå kvifor, er demotiverande. Både fordi du etter alt å døme har gjort alt riktig før du døde, men òg fordi det er mindre moro å gjere noko om att når det eigentleg ikkje var din feil at du døydde.

Beksvart stemning

Eit av dei særs store plussa med Styx: Master of Shadows er korleis verda er brakt til live. Grafikken er flott, sjølv om den ikkje vil lamslå nokon. Det er estetikken og designet som i aller størst grad løftar det heile fram. Spelet framstår nesten litt som den mørke og ikkje fullt så trivelege slektningen til Fable-serien. Det byr på liknande humor, men eit røffare språk der ingen er redde for å ta fy fy ord i munnen. At det tidvis kan høyrest ut til at utviklarane hos Cyanide har hyra inn samtlege skodespelarar frå Fable-serien endrar heller ikkje dette inntrykket.

Det heile har ein organisk kvalitet over seg, der små detaljar gjev stor effekt.

Eg finn ingen grunn til å klage på dette. Akenash er ein fascinerande stad, og sjølv om områda kan bli svært store, og nivådesignet tidvis er veldig tydeleg designa for å spelast i, er verda truverdig. Det ser ut som om folk kan leve her. Det heile har ein organisk kvalitet over seg, der små detaljar gjev stor effekt.

Samtidig er Styx: Master of Shadows eit svært mørkt spel. Nokre gongar er det nesten beksvart, men aldri i så stor grad at du ikkje veit kvar du er. Det motsette kan òg vere tilfelle, når Styx dristar seg utandørs og sola både steikar, og gjer det vanskelegare å gøyme seg.

Det heile blir kruna av eit herleg lydbilete som slår siste slag på spikaren. Stemningsfulle lydar sig kontinuerleg ut av høgtalarane, og den særeigne musikken er noko for seg sjølv. Mykje av musikken er framført av ein strykarkvartett, og jamt over har musikken mykje til felles med musikken i Of Orcs and Men, men spekteret er større, og nye element har blitt introdusert for å skape noko som er unikt for Styx: Master of Shadows. Resultatet er eit av dei mest særeigne og beste lydspora eg har høyrt i eit spel på ei god stund.

Konklusjon

Styx: Master of Shadows byr på ei glimrande og engasjerande oppleving for dei som likar å snike seg gjennom skuggane. Å få spele som ein goblin på tokt er eit forfriskande avbrekk frå mange spel der du i rolla som helten skal redde kvardagen. Ved sidan av det spanande utgangspunktet byr spelet på ei svært innbydande verd full av utfordringar, og der du er fri til å finne din eigen ved i til dels svært store område.

Det er likevel langt frå perfekt. Sjølv om det er lett å storkose seg når alt går som det skal, kan små problem vakse seg svært store. Ein blir ikkje blid når du dalar ned i avgrunnen fordi kontrollane ikkje gjorde det dei skulle, sjølv om du gjorde alt riktig. I tillegg er ikkje spelet alltid nøyaktig nok på kvar du kan gå, og ikkje kan gå. I eit spel der du ofte må klatre i store høgder, er presise kontrollar alfa og omega, og her feilar Styx: Master of Shadows no og då. Det er ikkje ofte, men ofte nok til at det blir irriterande.

Utover det er Styx: Master of Shadows eit triveleg og utfordrande spel som bør passe dei fleste som veit å nyte eit godt stykke snikearbeid.

Om du er på jakt etter fleire spel i snikesjangeren bør du ta ein grundig kikk på Dishonored og Thief.

7
/10
Styx: Master of Shadows
Forfriskande avbrekk frå mange spel der du i rolla som helten skal redde kvardagen.
7
/10
Styx: Master of Shadows
Forfriskande avbrekk frå mange spel der du i rolla som helten skal redde kvardagen.

Siste fra forsiden