Anmeldelse

Banjo-Kazooie: Nuts & Bolts

Kreativ eksplosjon

Banjoland er et vakkert, sjarmerande og ustabilt paradis.

Å ta ein kjend og kjær serie, for så å snu opp ned på den, er svært risikabelt, og Rare kjem nok til å få ein del harde reaksjonar frå lojale tilhengjarar grunna den nye vinklinga på Banjo-Kazooie-serien.

En rundtur i byen

Vis større

Video: Banjo-Kazooie: Nuts & Bolts

Stikkord:
  • spill
  • xbox 360
  • plattform
  • banjo-kazooie
  • nuts & bolts


Det så langt siste spelet i serien, ignorerer nesten alt bjørnen Banjo og fuglen Kazooie er kjende for. Det første som skjer er at Kazooie blir strippa for alle sine tidlegare krefter, sidan du raskt får vite at folk «ikkje vil ha slikt» no til dags. Igjen står ein bjørn med ein makker som eigentleg er redusert til å halde ein skiftenøkkel, og kome med nokre furtande kommentarar no og då.

Banjo og Kazooie blei kjende gjennom to flotte plattformspel for vel ti år sidan, men no skal dei ut i bil for å køyre, og dei legg det meste av plattform-sjangeren bak seg. Grunnen til denne monumentale omveltinga er at Lord of the Games, som har laga alle spel så langt i historia, har funne ut at han skal sende dei ut på eit heilt nytt eventyr. Eit eventyr der deira tidlegare krefter får minimalt å seie. I staden må dei køyre bil, båt eller fly. Det høyrest kanskje litt rart ut at steget skal gå frå plattform til racing, og det er eigentleg ganske rart òg.

Nytt format

Banjo-Kazooie anno hausten 2008 er Banjo først og fremst i namn. I staden for hopping og myntar, må du byggje dine eigne køyrety. Dette gjer du for å vinne forskjellige løp i dei mange verdene du blir kasta inn i. Akkurat dette fungerer på sett og vis som eit typisk plattformspel. Du har ein base, i dette tilfellet Showdown Town, og frå denne tettstaden kan du teleportere deg til forskjellige verder du opnar opp i løpet av spelet. For å gi gamle plattformentusiastar noko å leve for, kan du springe rundt i byen for å samle notar, som fungerer som mynteining i spelet.

Showdown Town er i utgangspunktet berre eit knutepunkt mellom oppdraga dine, men du endar likevel opp med å bruke mykje tid der. Det er ein vakker og sjarmerande liten by full av liv, og gir deg faktisk litt rom for å utforske. Den er stor og frodig, og viser raskt kor vanvittig pent dette spelet er. Er det ein ting Rare har fått til, er det å bringe Banjo og Kazooie over i vår tidsalder på ein slåande visuell måte.

I byen kan du som sagt plukke opp ein del notar, men den har nokre andre fasilitetar for den som kjenner kallet for det. Til dømes kan du besøke Klungo for å spele spelet hans; Klungo saves teh world. Dette er eit herleg lite 8-bits plattformspel der di einaste oppgåve er å hoppe. Dei har i tillegg prestert å leggje inn systemkrasj, med følgjande informasjon om at spelet no vil henge seg, noko Klungo sjølvsagt beklager på det sterkaste.

Om dette ikkje er noko for deg, kan du i staden bruke mange notar på å bli raskare eller sterkare, eller du kan prøve deg på eit slag bingo.

Der alt skjer

Du vil finne fleire viktige punkt i byen. Midtpunktet gir deg ei konsentrert samling vitale mål, og dette gjeld då spesielt ei garasje der du kan byggje dine eigne køyrety, samt ein butikk som let deg kjøpe nye byggjeklossar for notane du har samla så langt. Garasjen vil raskt stele mykje tid. Om du har nok byggjeklossar, kan du skru saman akkurat dei køyretya du vil ha, og det er eigentleg berre fantasien som set grenser for kva du kan få til. Du kan byggje alt frå små motorsyklar til enorme stridsvogner med varmluftsballongar på taket, og du kan raskt teste dei ut for å sjå om det du driv med vil fungere i praksis.

Kva som fungerer kjem an på ei rekke faktorar, men å byggje køyrety er likevel veldig enkelt. Du treng berre plassere eit førarsete, ein motor med drivstofftank, nokre hjul, og du har alt du treng. Utover dette kan du ta doningen i alle tenkjelege retningar, men du har visse ting du bør ha i baktankane. Fysikk er uhyre viktig i spelet, og skal du byggje noko som fungerer, er du nøydt til å tenkje litt logisk. Ein bil som er for baktung, vil til dømes bli vanskeleg å styre. Er bilen enorm, vil du trenge meir enn ein motor, og slik går dagane. For kvar ting du legg på må du ofte føye til noko anna, men det er ei herleg utfordring det er lett å bli heilt fortapt i.

Ut på tur, alltid sur

Det er ikkje før ein gir seg i kast med dei forskjellige utfordringane spelet byr på, at ting byrjar å gå i motbakke ganske kraftig. Banjo-Kazooie: Nuts & Bolts er eigentleg eit bilspel, der dei fleste utfordringane handlar om å kome seg frå ein stad til ein anna, eller utføre eit oppdrag frå bilsetet, før tida er ute. Dette kan vere alt frå eit ordinært billøp der du skal køyre gjennom ringar så fort du kan, plukke opp ting for å flytte dei til ein annan stad, eller kanskje kveste ein fiende.

Problemet er at dette er mykje vanskelegare å få til enn det burde vere. Handteringa på så godt som alle køyrety er mangelfull på sitt beste. Den er alt for påverka av fysikken, og det skal ekstremt lite til for at du skal bli kasta heilt ut av kurs. Om du køyrer i din flotte nye racingbil, og så vidt dultar borti eit skilt, kan du banne på at dette skiltet henger seg fast i deg og tvingar bilen din rundt i 180 grader. Det skjer omtrent kvar gong du treff eit eller anna. Det kan vere skilt, det kan vere ein bakke som hallar ein brøkdel for mykje, eller det kan vere den vonde heksa Gruntilda sine irriterande ballar.

Desse ballane er der sjølvsagt for å skape litt spaning og utfordring, men alt dei byr på er godt utspekulert frustrasjon. Dei har ein lei tendens til å rulle seg under bilen din, berre for å hekte seg fast i deg, og sørgje for at du står på staden kvil. Om du er nær ved å vinne eit løp, er dette noko av det verste som kan skje. Dei kjem ofte bakfrå, og er umoglege å få auge på før det er for seint.

Dei lettaste oppdrag kan blir hårreisande vanskelege berre på grunn av merkelege designval. Noko av det verste er korleis du i løp mot andre bilar helst bør halde trygg avstand. Mange køyrety hektar seg fast i kvarandre når dei dultar bort i kvarandre. Der du hadde ein god plan om å dulte nokon ut av bana, endar du opp med å køyre både deg og motstandaren ned i ei grøft.

Magnetisk tiltrekking

Sjølv om handteringa er frykteleg vanskeleg til tider, er Banjo-Kazooie: Nuts & Bolts eit spel det er svært vanskeleg å leggje frå seg. Du finn fleire forskjellige verder som alle har sine eigne tema. Til dømes er Logbox 720 verdt å merke seg, spesielt då sidan den slit med overoppheting. Du entrar desse verdene gjennom dører plassert over heile Showdown Town. Kvar verd har fleire dører, og om du går inn i dør ein, to, eller tre frå ei verd, betyr dette berre eit nytt sett med utfordringar.

Når du klarar ei utfordring vil du få ei puslespelbrikke. Etter kvart som du får fleire av desse, låser du opp nye dører, noko som igjen gir deg sjansen til å vinne enda fleire puslespelbrikker. Du brukar generelt sett ikkje mykje tid innanfor kvar dør, og får såleis ei god kjensle av at du er i kontinuerleg progresjon.

Du får samtidig i mektig kjensle av meistring gjennom å klare utfordringar, for etter kvart som du vinn nye puslespelbrikker, får du låst opp nye byggjeklossar som let deg byggje enda større og/eller tøffare køyrety. Slik sett blir spelet raskt meir om å få byggje betre ting, enn kva du faktisk gjer for å nå det målet, utan at det eigentleg er noko gale.

Desse køyretyas store test, kan raskt bli i temmeleg elleville kampar over Xbox Live. Dette er på ingen måte eit ordinært køyrespel. Sidan du kan putte våpen på farkosten din blir det på sett og vis som ei sær form for Mario Kart. Det store spørsmålet som slår deg i døra når du skal spele mot andre, er sjølvsagt om det du har bygd held mål. Noko du ikkje skal vere for sikker på. Det blir den ultimate testen for å sjå om du veit kva du driv med, og ein legg raskt merke til kven som siglar fullstendig akterut. Alt håp er likevel ikkje ute om dette skulle vere deg, for spelarar kan dele konstruksjonane sine med kvarandre.

Konklusjon

Banjo-Kazooie: Nuts & Bolts er som eit svært gammalt hus. Det er pill rote på utsida, men innvendig finn du mange fine skattar. Plankane knirkar, og golvet hellar, men det har sin unektelege sjarm. Det er klart at dette spelet burde ha vore betre, for det som øydelegg moroa er noko utviklarane hos Rare enkelt kunne gjort noko med. Når handteringa er dårleg i eit spel som legg all vekt på køyrety, er det meir enn ein ting som skurrar kraftig.

At spelet likevel greier å underhalde stort, seier då sitt. I staden for å gi opp og bli lei, blir du bestemt på å byggje ei kjerre som vil knuse alle former for motstand, og du endar opp med å knote rundt i garasjen i timevis. Mange vil sikkert hate Nuts & Bolts, med god grunn, men minst like mange vil gjere det stikk motsette, av like gode grunnar.

Siste fra forsiden