Valve har kunngjort SteamOS

Tar opp kampen mot Microsoft og Apple og lanserer Linux-basert operativsystem.

I helga varsla Valve om at dei ville kome med ei stor kunngjering i dag – den første av tre denne veka. Spekulasjonane har vore mange, men no er første bit av puslespelet til Valve på plass.I kveld har dei kunngjort SteamOS. Operativsystemet er basert på Steam, men kombinert med arkitekturen til Linux. Det vil bli tilgjengeleg snart heilt gratis.

Valve fortel på kunngjeringssida for SteamOS at dei gjennom å lage eit Steam-basert operativsystem har oppnådd markante hopp i grafisk yting. Dette fordi dei kan skreddarsy operativsystemet for å å køyre spel best mogleg. No jobbar med å få til det same med tanke på lyd og kontrolletterslep.

Eit ope system

Vidare fortel Valve at SteamOS blir eit ope system med fokus på samarbeid. Selskapet vil at maskinvareprodusentar skal kunne gjere endringa mykje raskare enn dei har vore i stand til tidlegare. Samtidig vil skaparane av innhald kunne kommunisere direkte med brukarane, i tillegg til at brukarane fritt kan velje kva programvare og maskinvare dei vil ha.

Nøyaktige korleis dette er ulikt situasjonen slik den har vore for dei fleste med ein stasjonær PC i mange år går ikkje Valve i detalj på.

Ved sidan av å by på eit operativsystem der spel står i sentrum fortel Valve at dei no vil peile seg inn på eit breiare underhaldningsfelt. Valve er i samtaler med mange mediatenester og vil gjere dei tilgjengelege på SteamOS. Med det kan det sjå ut til at Valve satsar på å skape eit underhaldningssentrum i huset.

Valve vil ta over stova di.
Valve

Ein annan fiffig funksjon er at du gjennom SteamOS-maskina di vil kunne streame alle spel frå ei Windows eller Mac-maskin, til ei SteamOS-maskin. Ved sidan av dette vil SteamOS kome med den nyleg kunngjorde Family Sharing-funksjonen, i tillegg til at familiar vil få større kontroll over biblioteka sine. Formålet med dette er at du skal kunne bestemme kven som får sjå kva av det du har samla opp av spel.

SteamOS er som sagt berre den første av tre kunngjeringar frå Valve denne veka. Kva dei neste blir kan vi berre spekulere i. Det er derimot uhyre sannsynleg at ei av dei tre kunngjeringane vil vere Valve si eiga maskin basert på det nye operativsystemet.

Neste kunngjering frå Valve kjem onsdag kl 19.00 norsk tid.

Les også: Snart kan du dele Steam-spela dine Les også: Valve åpner nytt samlekorsystem på Steam

Siste fra forsiden