Anmeldelse

Thomas Was Alone

Møt intelligente firkantar i eit av årets aller beste plattformspel.

Enkelte spel er vanskelegare å skrive om enn andre. Ta eit spel som To The Moon: Flott historie med fantastisk framføring, men aldeles ubrukeleg spelmekanikk. Ta kultklassikaren Deadly Premonition, som har eit liknande problem: Fengslande historie, svært interessant persongalleri, men teknisk fullstendig molbu.

Eg likar dei, begge to, men eg tar meg i å lure på om dei eigentleg er gode spel, eller om dei berre er gode historier, framført i spelform. For meg er dette vanskelege spel å skrive om, grunna denne kollisjonen mellom form og innhald.

Thomas Was Alone er òg eit utfordrende spel å skrive om, men her er grunnen noko nær det tvert motsette: Alt er så balansert og finjustert, alt heng så godt i hop, det heile verkar så fullstendig gjennomtenkt og tilsvarande gjennomført, at eg blir sitjande å måpe; eg blir mållaus.

Intelligente firkantar

Thomas Was Alone er ein indieplattformar, som består av kompakte brett og utfordrar dei små grå heller enn fingerferdigheitene, altså er det meir hjernetrim enn det er Mario. Spelet fortel historia om dei første medvitne kunstige intelligensane, og deira forsøk på å bryte ut av systemet. Desse intelligensane er firkantar av forskjellige slag og fargar, og med ulike eigenskapar knytt til kvar farge: Blå kan symje, rosa kan agere trampoline, grøn har ingen respekt for tyngdekrafta, og så bortetter.

Ein startar første brett som Thomas, eit raudt, lite rektangel som brått oppdagar at han eksisterer, at han kan røre på seg, og at han kjem til ein ny plass når han går inn i den portalen som har same form som han sjølv. I løpet av dei første, svært korte bretta finn han snart ut at han kan falle, hoppe, at han ikkje toler vatn, og at verda rundt han verkar å utvikle seg i takt med eigenskapane hans; han blir stadig utfordra til å teste seg sjølv.

Thomas er blitt til ved eit slags teknologisk uhell, kalla «the emergence event». Nøyaktig korleis kjem ikkje klårt fram, men det heile finn stad i ein tilsynelatande mislukka programvare for kunstig intelligens, der utviklarane for moro skuld har byrja å leggje inn namnestrengar i intelligensane. Resultatet er THOMAS-AT-23-6-12, verdas første medvitne kunstige intelligens. Thomas er altså åleine, i byrjinga. Men snart blir han introdusert for nye firkantar, med andre fargar og andre kvalitetar, og det viser seg fort at dei må hjelpe kvarandre med å kome seg til sine respektive portalar.

Replikkane i spelet blir framført av den britiske komikaren Danny Wallace, som mange av oss kjenner som stemma til den syrleg sarkastiske databaseguruen Shaun Hastings frå Assassin’s Creed-universet. Han gjer ein aldeles strålande jobb med å gi liv til intelligensane. Her finst ingen dialog, inga samtale mellom dei forskjellige figurane; alt av replikkar refererer til det som skjer inni «hovudet» til dei forskjellige firkantane: Kva dei tenkjer om dei andre, om seg sjølv, om si rolle oppi det heile. Rykta dei har høyrd om kva som finst «der ute». Det sistnemnde gir òg rom for nokre fantastiske populærkulturelle referansar, både om ordblinde kattar og om kaka som visstnok skal vere ein løgn.

Fantasifull utforming

Thomas Was Alone er delt inn i 10 nivå, med 10 brett i kvart nivå – altså 100 brett totalt. Men her er ingen grunn til å la seg skremme, for det tar ikkje mange timane å runde det heile. Læringskurva er rimeleg slak, ein får ein nokså mjuk introduksjon til kvar firkant med nye eigenskapar, og gjennom dei første par nivåa er det sjeldan ein verkeleg må stoppe opp og tenkje seg om i nokon særleg grad. Ikkje med det å seie at dette på noko tidspunkt blir keisamt, for utforminga av bretta er tidvis noko av det meir fantasifulle eg har sett innan plattformsjangeren – og er det ein sjanger som har sett det meste, så må det vel vere denne.

Det finst rett nok eitt og anna brett innimellom som ikkje maktar å lokke fram verken smil eller måpande munn, men dei er ikkje mange, og dei er aldri lange. Mot slutten av spelet blir utfordringane dessutan markert større, men framleis utan å bli frustrerande, fordi løysinga er innanfor rekkevidde til ein kvar tid.

Det varierer for kvart brett kva for nokre figurar ein har å rutte med, men dei er heile tida avhengige av å hjelpe kvarandre for å kome seg framover. Det er litt rart å seie det, men til tider er det nesten rørande å sjå på: Den symjedyktige firkanten som fraktar dei andre over dammen på «ryggen» sin. Trampolinefirkanten som lar høghopparfirkanten sprette på «magen» sin, for å nå ein høgare avsats. Eg torer ikkje kome med fleire døme, i frykt for å røpe noko viktig, men poenget er at når dei jobbar slik for kvarandre, så kjenst det av og til som om det ikkje berre er mine eigne fingrar som styrer dei. Det er som om dei er med på det, som om dei aktivt tar del i prosessen det er å manøvrere seg gjennom kvart brett.

Her finst altså både portalar og kakereferansar, men fellestrekka med Valve sine populære fysikkspel endar ikkje der: Både historia og humoren kan på sett og vis minne om eit Portal som er snudd opp ned. I Portal prøver GLaDOS, den kunstige intelligensen, og kontrollere den menneskelege spelaren, men når ho feilar hamnar spelaren ein stad som er utanfor systemet, utanfor GLaDOS sin kontroll.

I Thomas Was Alone er det spelaren som er den kunstige intelligensen, men åstaden er den same, nemleg grenselandet mellom systemet og det abstrakte utanfor. Og slik GLaDOS på sett og vis er ein slags forteljarstemme i Portal, er det her den menneskelege stemma til Wallace som held på den verbale, og humoristiske, kontakten mellom spelar og spelverd. Paradoksalt nok får spelaren på den måten eit mykje nærare forhold til desse kunstig intelligente firkantane i Thomas Was Alone, enn det ein får til mennesket Chell, som ein styrer i Portal.

Konklusjon

Før eg byrja på Thomas Was Alone visste eg svært lite om kva eg kunne forvente, anna enn at det såg ut som ein visuelt svært enkel plattformar. Eg visste så godt som ingenting om hovudmannen bak spelet, Mike Bithell, og eg ante ikkje at Danny Wallace stod for stemmeskodespelet. Slike ting bidrar sjølvsagt til at ein ikkje har dei helt store forventningane når ein byrjar å spele. Overraskinga blir desto større når spelet viser seg å vere noko heilt spesielt.

De som les denne omtala vil naturleg nok stille med andre, truleg høgare, forventningar enn det eg hadde. Eg håpar ikkje det endrar opplevinga nemneverdig. Eg trur ikkje det gjer det. For dette er eit spel som gjer seg fortent til store forventningar, som i det store og heile gjer seg fortent til å bli spelt.

For det er prov på både god historieforteljing og imponerande stemmeskodespel når ein får eit nært forhold til kunstig intelligente firkantar i eit todimensjonalt plattformspel. Og det er prov på både solid brettutforming og nær feilfrie kontrollar når ein i løpet av 100 brett så godt som aldri går lei, blir frustrert, eller byrjar keie seg. Men når alle desse faktorane er kombinert i eitt og same spel, så er det eit prov på ei speloppleving av dei riktig sjeldne. Thomas Was Alone er eit plattformspel som rommar noko meir enn seg sjølv. Ein kan snakke i det vide og det breie om dei gode replikkane, den smarte brettutforminga og det eine med det andre, men det er ikkje nok. Det kan aldri heilt bli nok. Ein må berre spele det.

Thomas Was Alone er i sal for PC (testet) og Mac gjennom fleire digitale portaler.

Siste fra forsiden