Anmeldelse

Steel Battalion: Heavy Armor

Spelet du vil elske å hate, og hate å elske.

Når det første som skjer deg i eit spel er at ting berre ikkje fungerer, då er det eit veldig dårleg teikn. Mine første sekund med Steel Battalion: Heavy Armor introduserte meg for ein soldat som i framtida skulle bli ein viktig kollega. Fyren ville helse på meg, med handa si. Du veit, eit slikt typisk handtrykk som fortel deg om personen du har med å gjere innerst inne er ein veik pusling eller ein person med integritet.

Min naturlege respons i eit Kinect-spel når ein fyr rekker ut handa si er sjølvsagt å ta den, men dette forstod ikkje spelet. Fyren står der litt, ser på meg, ser ned, ser på meg igjen, før han med eitt rykk trekkjer handa si tilbake. Eg får panikk i auga, og høyrer meg sjølv sleppe ut eit lettare forfjamsa «Hei!». Soldaten byrjar å snu på seg, og først no skjønar eg fullt ut at vindauget mitt for å ta fyen i handa er over.

Cockpiten din, her skal du bu.

«Hei!», seier eg igjen, høgre og meir bestemt, som om spelet på nokon måte kan høyre at eg ikkje er blid. Som person er eg stolt av min moral og det å få eit val, for så å få det fjerna, trykkjer knappar som ikkje burde trykkjast. Sidan spelet ikkje greidde å forstå den enklast tenkjelege rørsle var eg ufrivillig slem mot ein ung soldat som snart skulle døy i krigen. Slikt gjer meg forbanna.

«Dette blir jaggu ein av ti. Jævla skitspel» mumla eg for meg sjølv før eg rusla ned i underetasjen for å finne ei lampe som kanskje kunne gjere kamerasituasjonen betre.

Skinnbedrag

Om du er ny for Steel Battalion-serien var det ein eksklusiv Xbox-serie frå Capcom som krevde ein massiv kontrollar med to joysticker og over førti knappar for å kunne spelast. Dette kontrollmonsteret simulerte å vere på innsida av cockpiten til ei gigantisk robotmaskin, og krevde at du hadde solid orden på det du dreiv med. Å byte ut denne gigantiske kontrollaren med rørsler gjennom Kinect høyrest kanskje heilt absurd ut, men strengt tatt er det den einaste naturlege vegen å gå.

Ved å bruke Kinect har det vore mogleg for utviklarane å bokstavleg talt plassere deg i cockpiten til ein rusten holk av ei tobeint maskin. Du får tilgang på både spakar og knappar, og folk med spesifikke oppgåver, slik som å laste rakettar i kanonane, sit på kvar si side av deg. Det er strengt tatt eit genialt lite trekk. Spesielt det å la deg sitje der i lag med andre får stor effekt desto lengre ut i spelet du kjem. Heilt i starten blir det falskt og surt der gjengen din seier «fuck» om kapp med kvarandre, men gradvis byggjer det seg opp forhold mellom både dei og deg.

Etter kvart som medpilotane dine døyr blir dei byta ut med nye.

Gjennom spelet gjer From Software eit svært heiderleg forsøk på å setje deg inn i krigshelvete. Brått kan ein av medpilotane dine få panikk og bryte seg ut takluka. Om du vil fyren eller dama skal leve til i morgon må du gjere det du kan for å dra den paniske personen ned igjen i cockpiten og bokstavleg talt slå vitet tilbake i han eller ho. Skulle du miste nokon er dei borte for alltid, og blir byta ut med nye.

I starten er det litt vanskeleg å sjå på utføringa av det medmenneskelege dramaet som noko anna enn rimeleg teit, men etter kvart som spelet byrjar for alvor blir det eit herleg krydder som gjev spelet noko vi ikkje ser så alt for mykje av; sjel.

Brutal elddåp

Eg har ei sterk kjensle av at eg eigentleg burde hate Steel Battalion: Heavy Armor med pur lidenskap. Når eit spel startar med ein opplæringsmodus som ikkje oppnår stort meir enn å poengtere alle spelets svake sider i løpet av kort tid, lovar det på ingen måte godt.

Det lovar heller ikkje godt når neste stopp er ein brutal robotvariant av D-dagen, der du går i land på ei forblåst strand berre for å bli møtt av bomber, granatar og aggressive tårn som gjerne vil drepe deg til du døyr hardt, for så å urinere på liket ditt.

Steel Battalion: Heavy Armor kastar deg inn i verst tenkjeleg situasjon og sørgjer for at du døyr om igjen, og om igjen, til du nesten ikkje gidd meir. Spelet i seg sjølv kan tidvis vere blodig vanskeleg sjølv når Kinect-kontrollane fungerer optimalt. Du blir bombadert frå alle kantar, og dårleg sikt i cockpiten sørgjer for at det heile blir intenst og noko frustrerande. Medan du vaggar over stranda må du speide etter fiendar gjennom både røykskyer og eksplosjonar. Å vere ny i dette infernoet er langt frå moro, og det krev tolmod å kome til hektene med alt som skal gjerast.

Sakte kryp derimot ei dose positiv negativitet nedover ryggen din, og du byrjar å like det. I møtet med ein overveldande fiende blir du sakte, men sikkert tvinga til å lære kontrollane, og motstanden mot å vere robotpilot forsvinn med små, men merkbare steg.

I kampens hete er den vesle luka alt du har å sjå omverda med.

Det er noko forførande med å vere innestengt i ein cockpit, der sikta er så dårleg at du av og til må opp av stolen for å kike ut takluka. Det tek litt tid, men du når eit punkt der Kinect-kontrollane blir ei heilt naturleg forlenging av deg. Du dreg i spakar for å få maskina i gong, dreg ned ei luke for å halde cockpiten trygg mot kuleregn, og løftar handa i veret for å dra ned periskopet som let deg skyte ned fiendar med betre presisjon.

Kombinasjonen mellom Kinect og ein vanleg handkontrollar fungerer eigentleg heilt ypparleg. Alt som skjer i cockpiten styrer du med henda, medan roboten i seg sjølv, samt sikting og skyting, blir gjort med kontrollaren. Det er eit smart opplegg som verkeleg er noko heilt unikt, og er svært lett å like når det fungerer. Problemet er at dette er langt frå eit spel der alt fungerer.

Alt rasar saman

Problemet til Steel Battalion: Heavy Armor er at det er eit knakande godt spel pakka inn i eit fascinerande kontrollsystem som svært sjeldan fungerer optimalt. Rørslekontrollen er sporadisk, krev nærast perfekte lysforhold, og tek feil av rørslene dine heile tida om noko skulle mangle. Om skuggane fell berre litt feil kan det som på ein god dag går som ein draum ende opp som eit håplaust mareritt. Der du skal hente ned periskopet skalkar du i staden lukene. Når du skal skalke lukene skiftar du raketttype, og når du skal skifte rakettar hentar du fram panelet for med den store raude knappen.

Det er uhyre frustrerande. Eg har aldri greidd å oppnå dei optimale forholda spelet vil ha, og har såleis hamna i ein ustabil posisjon mellom begge ytterpunkt. Stort sett går det likevel heilt greitt. Så lenge ein kan skalke lukene og kome seg opp i periskopet vil ein kunne få gjort det meste utan større problem. Blir situasjonen meir hektisk og prekær der ting må gjerast kjapt blir det derimot berre trøbbel, gong på gong.

Gjer deg klar for D-dagen, den nye D-dagen.

På sett og vis har utviklarane teke konsekvensen av dette. Spelet byr sjeldan på lange oppdrag, og om så skulle skje vil du møte på eitt og anna sjekkpunkt. Stort sett vil du ikkje måtte spele meir enn fem til femten minutt for å kome gjennom eit nivå, og det er eigentleg heilt passeleg. Med den stive vanskegrada får du likevel køyrt deg, men du veit at målet er innan rekkevidd, og at eit dødsfall ikkje nødvendigvis betyr at du må gjere så alt for mykje om att.

Samtidig er nivåa stort sett temmeleg lineære slik at du sjeldan treng lure stort på kvar du skal gå. Skulle du derimot vere i tvil kan det løne seg å lytte etter kva medpilotane dine seier, sidan dei gjer det svært klart kva som skjer, og om du til dømes skulle vandre inn i eit minefelt.

Konklusjon

Det er vanvittig vanskeleg å skulle seie noko heilt bastant om Steel Battalion: Heavy Armor sidan det er eit spel med så mange motstridande sider at eg nesten saknar delkarakterar. Det er eit uhyre intenst og på mange måtar klaustrofobisk spel som byggjer opp ei ufin stemning. Du er midt i krigen, og du kjenner det nesten på kroppen, og høyrer det raskt når nokon får panikk og du må slå sans og samling inn i dei igjen.

Som eitt av ganske få spel som brukar både Kinect og hankontroll har det i tillegg ei veldig smart fordeling mellom dei kontrolloppsetta, og når alt fungerer optimalt er det ei unik og herleg oppleving.

Men det fungerer sjeldan optimalt. Spelet misoppfattar alt for ofte kva du vil gjere, og i verste fall kan dette spå ein rask død. Om ein ikkje kan lage eit spel der kontrollsystemet fungerer slik det er tenkt, bør ein la vere, eller bruke nokre månader lengre på å feilteste systemet. Det er heilt tydeleg ikkje gjort med Steel Battalion: Heavy Armor. Eit spel som kunne ha vore det definitive Kinect-spelet for dei som treng djupe og solide opplevingar vil nok i staden bli eit solid døme på kvifor mange ikkje vil ha Kinect i huset sitt.

Siste fra forsiden