Vi har lagt bak oss ein gloheit månad som gav oss alle ein tidleg sommar. På spelfronten har det vore temmeleg varmt òg, med herlege spel som det uhyre stemningsfulle svenske spelet The Midnight Walk og heftige Doom: The Dark Ages som absolutt høgdepunkt. På tampen av månaden fekk vi ikkje minst inn eit herleg nytt kapittel i Elden Ring-sagaen. Nightreign imponerte stort med sitt samarbeidsfokus.
Politispelet The Precinct har bydd på poulær lesing denne månaden, medan Metroid Dread-utviklarane bydde på actionrollespel i Blades of Fire.
Vi skal uansett ikkje kaste bort mykje tid på å skravle om fortida, vi har ein heidundrandes intens månad framover oss, og den fyrar laus med ei heilt ny konsollansering.
Nintendo Switch 2
Ute: 5. juni
Endeleg er den her, oppfølgjaren til kanonsuksessen Nintendo Switch. Etter heile åtte år skal vi omsider få sjå kva Nintendo kan få til med enda meir maskinkraft. Vi blir lova ein konsoll som ikkje berre er kraftigare, men som òg er større, meir robust, tilgjengeleg, og som attpåtil byr på musepeikarfunksjon i dei nye JoyCon-kontrollane.
På Spelfronten slår ikkje Nintendo heilt på stortromma. Vi får eit lite knippe nye spel der Mario Kart World er det absolutte høgdepunktet. Eit par andre lovande nyspel viser seg og. Det gamle spelet GameBoy Color-spelet Survival Kids står opp frå dei døde med eit flunkande nytt spel, og for alle som saknar WipeOut of F-Zero, får vi skyhøg fart i racingspelet Fast Fusion.
Ved sidan av dette får vi ein solid bunke nye Switch 2-versjonar av eldre spel. Blant desse ventar mange i spaning på å sjå The Legend of Zelda-eventyra Breath of the Wild og Tears of the Kingdom i 4K, eller på å kose seg med eit mylder av spel frå Bravely Default HD Remaster, til Cyberpunk 2077 og Hogwarts Legacy.
Mario Kart World
Plattform: Nintendo Switch 2
Ute: 5. juni
Det er heile elleve år sidan Mario Kart 8 blei lansert på Wii U. La det synke inn, elleve år utan eit nytt Mario Kart-spel. Joda vi har fått eit mobilspel og eit RC-spel, men det blir ikkje heilt det same, og det er ikkje det folk flest vil ha. Med så lang ventetid er det ikkje rart at forventningane skyt i verdet.
Denne gong diskar Nintendo opp med dei største endringane serien har sett sidan overgangen til 3D. No får heile 24 spelarar spele mot kvarande, og det heile utspelar seg på eit ope verdskart der du fritt kan køyre mellom utfordringane. Dette betyr sjølvsagt ikkje at du må køyre frå stad til stad, og spelet vil by på ein haug med ulike baner som fungerer slik spelet alltid har gjort. Med nye baner, lekker grafikk, og ikkje minst nye rollefigurar å køyre med, er alt duka for mykje kart-moro denne sommaren.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Mario Kart World
Dune: Awakening
Plattform: Windows
Ute: 10. juni
Dune er i vinden som aldri før, og verda forfattar Frank Herbert skapte har fått nytt liv gjennom storfilmane får regissør Denis Villeneuve. No er eit flunkande nytt spel på veg òg, og det frå norske Funcom. Som dei fleste spel frå Funcom blir dette eit overlevingsspel for fleire spelarar, og vi har allereie fått sjansen til å spele det i nokre timar:
«Versjonen eg har spelt gir eit bra inntrykk, og eg er spent på korleis spelet utviklar seg vidare. For eg har ei kjensle av eg bare har sett den enkle starten på et tilsynelatande mykje større spel, der det er veldig mykje meir å utforske og oppleve. Verda dei har skapt med Arrakis er eg sikker på vil fungere, og eg håper historia opprettheld same gode flyten. Eg er veldig spent på korleis politikken og fraksjonene skal fungere i ein større skala med fleire spelarar, og dette er noko eg gler meg veldig til å sjå.»
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Dune: Awakening
The Alters
Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 13. juni
The Alters ser ut til å kunne bli noko heilt unikt. Her møter vi Jan Dolski, ein arbeidar stranda på ein aude planet, og for å få ting til å gå rundt må han bruke stoffet Rapidium for å lage nye versjonar av seg sjølv. Kvar nye utgåve blir forma av viktige avgjersler Jan har tatt, og vil utvikle seg til å bli forskjellige personar. Med dette uvanlege bakteppe må du ikkje berre overleve på ein farleg planet, men navigere ulike dilemma i eit spel som lovar ei forteljing som kan gå mange vegar.
Gjennom spelet får du utforske ein planet med mange ulike økologiske soner som alle byr på sine ukjende farar, og ikkje minst livsfarleg radioaktivitet som kan vere ekstra hissig om du kjem på feil tid av døgnet. Jan har også ein eigen base du får bygge opp med nye modular som både kan gjere livet hans lettare, eller ta han eit steg vidare i retning ein veg ut av situasjonen han er i.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Alters
Death Stranding 2: On the Beach
Plattform: PlayStation 5
Ute: 26. juni
Metal Gear-maestro Hideo Kojima er tilbake med Death Stranding 2. Igjen følgjer vi Sam som må levere post i ei post-apokalyptisk verd. Denne gong får han tilgang på eit køyrety som kan brukast for å kome seg fram mykje raskare. Den kan oppgraderast til å både køyre raskare, og til å få våpen du kan bruke til å forsvare posten mot farar i terrenget.
Terrenget i seg sjølv vil bli eit enda større faremoment enn det første spelet. Jordskjelv og sandstormar kan endre terrenget og tvinge deg til å finne nye vegar. Ein del av jobben til Sam blir å hjelpe til med å reparere øydelagd infrastruktur i denne dystre verda. Kamp blir det òg, for denne gong har Kojima Productions satsa på å utvikle kampsystemet nokre hakk ut over kva det første spelet bydde på.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Death Stranding 2: On the Beach
For historiebøkene
Juni 2025 vil garantert bli hugsa lenge som ein mektig månad på spelfronten. Ikkje berre får vi konsollansering og ein saftig bunke flotte storspel, men det kjem eit mylder av andre godbitar òg.
Ved sidan av ein solid bunke spel som får Switch 2-versjon, kjem det ein haug med andre, spanande titlar til andre plattformer òg.
Tidleg i juni kjem kapittel tre og fire av Deltarune, oppfølgjarspelet til kultklassikaren Undertale frå 2015. Same dag kjem System Shock 2: 25th Anniversary Remaster for dei som saknar denne gamle klassikaren.
MindsEye er eit nytt actionspel frå folk som tidlegare har jobba på Grand Theft Auto-serien. Her blir det biljakter og mykje skyting for dei som ikkje kan vente på GTA VI.
Meir action får vi i FBC: Firebreak. Dette skytespelet kjem frå Remedy, og er eit fleirspelarspel sett til Control-universet.
Om dette blir for jordnært kan det kanskje smake betre med Horizon Journey der vi tek turen til Mars. Her kan du prøve å overleve i farlege landskap, aleine eller saman med vener. Blir det for dystert vil det kanskje glede deg at Tamagotchi er tilbake denne månaden i spelet Tamagotchi Plaza.
Sjølv om Switch 2 og alle spela som får Switch 2-versjon tek fokuset denne månaden, kjem det ei rekke andre spel som får nyversjonar på andre plattformer.
Actionspelet Stellar Blade kjem til PC, den eldgamle øgla Gex får nyutgjeving på dagens plattformer, PlayStation 2 actionrollespeletRaidou frå Persona-studioet får ny versjon, og det tredjeFront Mission-spelet kjem i ny og oppussa drakt.
Det var høgdepunkta frå denne månaden. God speling, og god sommar.