Feature

Desse spela gler vi oss til i mai

Det blir skrekk, gru og ein og anna uventa helt denne månaden.

Montasje Gamer.no

Atter ein månad er ved vegs ende, og det må vere lov å seie det har vore ein god ein. Herlege opplevingar har susa inn som perler på ei snor, og det starta godt, saftig og tidleg med fantastiske Monster Hunter Rise som har gjeve Switch-eigarar noko herleg å bruke tida på. Det same kan vi absolutt seie om actionspelet Outriders.

Eit par gamle spel har fått ny drakt denne månaden, og begge innfridde alle forventningar. Total War: Rome Remastered har aldri vore betre, og Nier Replicant var slo oss i bakken med ei knallhard historie. Heilt på tampen av månaden har PlayStation 5-eksklusive Returnal bydd på deileg, utfordrande moro.

Framover ser vi at det er litt langt mellom dei store titlane. Det må både ein konsollgenerasjon i spedbornsfasen, samt den uendelege pandemien ta gode doser av skulda for. Noko spanande har vi likevel i vente, og deriblant eit av årets kanskje aller største spel.

Resident Evil Village

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 7. mai

Skrekken og gruer er på plass i neste Residen Evil.
Capcom

Capcom har vore på ein stigande snurr i ei årrekke no, og dei ser ikkje ut til å ha nokon planar med å roe ned. Den eine stortittelen etter den andre blir pumpa ut i eit svimlande tempo, og før vi fekk sukk for oss er enda eit Resident Evil-spel lanseringsklart. Spelet er ikkje uventa ein oppfølgjar til Resident Evil VII, men vil hente inn igjen kjende element frå tidlegare spel. Vi kika på ein tidleg demo av spelet og var veldig klare for meir:

«Resident Evil Village er eit unekteleg spanande spel, og skal vi ta utgangspunkt i det Maiden-demoen serverer, kan dette fort bli eit av dei mest stemningslada skrekkspela nokon sinne. Det er allereie fleire som har samanlikna det dei har sett med dei intense og nervepirrande rundturane i Resident Evil 4, og det er vel neppe ei dårleg samanlikning.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Resident Evil Village

Hood: outlaws and Legends

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 10. mai

I Hood: Outlaws and Legends skal du leike Robin Hood.
Focus Home Interactive

Har du nokon gong drømt om å vere som Robin Hood? Klart du har. Alle har jo det, og no har du endeleg sjansen. I Hood: Outlaws and Legends skal du endeleg skrive nokre velforfatta ord på passet til Sheriffen av Nottingham. Som ei viktig brikke i eitt av to lag, skal det konkurrerast om å finne skatten, få tak i skatten, og få den med seg ut før vaktene får kontroll over situasjonen.

Spelet byr på ulike klassar slik at ein kan skru saman ei gruppe som passar kvar enkelt spelestil. Det blir samstundes ei rekke ulike kart å spele på som alle byr på ulike utfordringar når skatten skal sikrast. Det gjenstår å sjå om Hood: Outlaws and Legends vil oppfylle Robin Hood-fantasiane til mang ein unge som har leika med piler med sugekopp. At det er eit noko uvanleg og spanande konsept i den stadig meir tettpakka fleirspelararenaen, er det derimot lite tvil om.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Hood: Outlaws and Legends

Mass Effect Legendary Edition

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 14. mai

Mass Effect er tilbake i ny innpakning.
EA

BioWare var kjende lenge før Mass Effect, men dei fleste må vel kunne seie seg einige i at det var Mass Effect som for alvor gav dei den massesuksessen dei hadde venta på. I serien møter vi Commander Shepherd som over tre spel må ut på ein gigantisk romopera som har gått ned i historiebøkene som eit av tidenes speleventyr.

Med Legendary Edition har BioWare pussa opp heile trilogien. Grafikken har fått seg eit solid løft for å gli inn blant nyare spel, og gameplayet har blitt tweaka både her og der for å at dei tre spela skal stå fint side om side. Balansen har blitt forbetra, mekanikkane justerte, og spesielt det første spelet har fått ei grundig overhaling for å løfte det opp på nivå med dei seinare spela i serien. I tillegg lovar BioWare ein forbetra karakterbyggar som tek med seg den same figuren gjennom alle tre spela.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Mass Effect Legendary Edition

Biomutant

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 25. mai

Biomutant byr på ein fargerik vri på apokalypsen
THQ Nordic

Biomutant er eit interssant spel frå ein gjeng utviklarar som tidlegare jobba hos Avalanche. Kanskje ikkje heilt uventa kan vi då sjå fram til ei opa verd full av moglegheiter for leik og moro. Biomutant skil seg derimot drastisk frå liknande spel sidan det lar deg skru saman din heilt eigen lodott. I dette spelet spelar du eit mutantdyr i ei mutantdyrverd, og mykje av moroa kjem gjennom å utvikle karakteren sin via ulike mutasjonar.

Desse mutasjonane kan få mykje å seie i den utfordrande og fargerike verda, og for å møte diverse utfordringar, om dei så er av «korleis skal eg kome meg dit?»-varianten, eller om du enkelt og greitt må finne raskaste måte å gjere kål på eit mutert svin, kan det bli naudsynt å byte ut den eine mutasjonen til fordel for den andre.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Biomutant

Shin Megami Tensei III: Nocturne HD Remaster

Plattform: PlayStation 4, Switch, Windows
Ute: 25. mai

Eit øydelagt Tokyo ventar på å bli utforska.
Øystein Furevik/Gamer.no

Shin Megami Tensei er kanskje ikkje den best kjende rollespelserien i Europa, men om eg seier Persona tippar eg pipa får ein annan lyd. Persona har sitt opphav i Shin Megami Tensei, og denne månaden får vi eit gjensyn med eit av dei mektigaste spela i akkurat den serien. Her kan du førebu deg på okkulte eventyr i eit dekonstruert Tokyo der du må godsnakke med demonar for å utvide krigarstaben din. Vi kika nyleg på den nye versjonen av kult-klassikaren og var veldig klare for meir:

«Dette er berre dei første timane i eit digert rollespel som har mykje å by på. Eg kan allereie kjenne den intense kløa etter å få tak i fleire demonar, og det lovar godt for framtida. Eg skal samstundes ikkje nekte for at eg er ganske glad eg har gløymt historia i dette spelet, slik at eg kan gå inn heilt fullstendig blank.»

Sjå bilete, les artiklar og finn betse pris på Shin Megami Tensei III: Nocturne HD Remaster

Dagen derpå

Snart kan du krasje bilar på PlayStation 5.
THQ Nordic

Som vanleg er det ein liten haug med andre spel som kjem denne månaden òg. Ikkje uventa er det også denne månaden eit lite skred av spel som blir henta fram igjen frå arkivet, eller som berre får seg ei venta lansering på nye plattformer.

Blant heilt nye spel finn vi skatespelet Skate City, og kanonballspelet (!) Knockout City, to spel som kanskje burde ha vurdert om det verkeleg er teneleg å lansere to spel med så like namn i løpet av nokre korte veker.

Det problemet slit ikkje Earth Defense Force: World Brothers med. Dette spelet i den standhaftige «mann mot gigantmaur»-serien byr på ein radikalt annleis visuell stil enn tidlegare ledd i serien, som ser ut til å hente inspirasjonen frå både pikselgrafikk og lego.

Og med det sklir vi like hardt og brutalt som ei bowlingkule inn i ein stabel med spel vi har sett før i ei eller anna form.

Først ute er knus- og knas-bilspelet Wreckfest som kjem til PlayStation 5. Snowrunner har på si side ikkje stort meir til felles med Wreckfest enn runde hjul og ein motor under panseret, men om du lengtar etter å køyre lastebil over is og snø, kan du gjere det på Switch denne månaden.

Om du heller vil ta deg ein ferie i det post-apokalytpiske landskap, får du eit par sjansar til å gjere det denne månaden. Det måteleg populære PC-spelet Rust kjem til Xbox og PlayStation, medan PlayStation 4-spelet Days Gone i staden tek turen til PC.

Enda eit spel som tek turen frå PC til konsoll er den gamle sleskefanten Larry som i sitt eventyr Leisure Suit Larry: Wet Dreams Dry Twice tek turen til konsoll. Det same gjer undervannseventyret Subnautica: Below Zero, medan originalen sjølv tek turen til Switch.

Det skal bli meir moro for Switch-publikummet. Det herlege haispelet Maneater vil la deg ete badeturistar, medan 3DS-rollespelet Miitopia kjem bytar beite og kjem til Switch. Av månadens absolutt eldste årgang finn vi Famicom Detective Clube. Her har Nintendo henta fram igjen to eventyr; The Missing Heir og The Girl Who Stands Behind. Dette er detektivspel som først kom ut på den første Nintendo-konsollen, og som no får heilt nytt liv.

Heilt til slutt kan vi ta med at Dragon Quest Builders 2 blir tilgjengeleg på Xbox One og Xbox Seris S/X som Game Pass-tittel.

Det var det for våren, sjåast til sommaren.

Biomutant
PlayStation 4
Kommersielt samarbeid
Finn beste pris
Resident Evil Village
PlayStation 5
Kommersielt samarbeid
Finn beste pris
Hood: Outlaws and Legends
PlayStation 4
Kommersielt samarbeid
Finn beste pris
Mass Effect Legendary Edition
PlayStation 4
Kommersielt samarbeid
Finn beste pris
Shin Megami Tensei III: Nocturne HD Remaster
Nintendo Switch
Kommersielt samarbeid
Finn beste pris
Skate City
Windows
Kommersielt samarbeid
Finn beste pris
Famicom Detective Club: The Missing Heir
Nintendo Switch
Kommersielt samarbeid
Finn beste pris
Famicom Detective Club: The Girl Who Stands Behind
Nintendo Switch
Kommersielt samarbeid
Finn beste pris
Subnautica
Nintendo Switch
Kommersielt samarbeid
Finn beste pris
Subnautica: Below Zero
Xbox One
Kommersielt samarbeid
Finn beste pris
Days Gone
Windows
Kommersielt samarbeid
Finn beste pris
Leisure Suit Larry: Wet Dreams Dry Twice
Nintendo Switch
Kommersielt samarbeid
Finn beste pris
Snowrunner
Nintendo Switch
Kommersielt samarbeid
Finn beste pris
Knockout City
PlayStation 4
Kommersielt samarbeid
Finn beste pris
Maneater
Nintendo Switch
Kommersielt samarbeid
Finn beste pris
Earth Defense Force: World Brothers
Nintendo Switch
Kommersielt samarbeid
Finn beste pris
Wreckfest
PlayStation 5
Kommersielt samarbeid
Finn beste pris
Dragon Quest Builders 2
Xbox Series X
Kommersielt samarbeid
Finn beste pris
Miitopia
Nintendo Switch
Kommersielt samarbeid
Finn beste pris
Biomutant Resident Evil Village Mass Effect: Legendary Edition Shin Megami Tensei III: Nocturne HD Remaster

Les også

Siste fra forsiden