Anmeldelse

Nier Replicant ver.1.22474487139...

Kongen har vendt heim

Eit av tidenes mest fascinerande spel, har blitt eitt av tidenes beste.

Square Enix

Nier var alltid fantastisk. Det var nesten som ein skjult skatt berre nokre få av oss visste om. Der andre latterleggjorde det for sin stygge grafikk og litt keite kampsystem, sat vi der. Ei lita klynge som visste.

Nier var alltid fantastisk, det er berre synd det skulle ta så lang tid før resten av verda oppdaga det. Å sitje her med ein remake an Nier er noko eg aldri heilt trudde eg skulle få oppleve. Eg trudde ikkje ein gong eg skulle få oppleve ein oppfølgjar sidan Nier blei slakta hardt og brutalt av eit nesten samla kritikarkor – underteikna ikkje inkludert – for elleve år sidan. Spelet glei over i det obskure, og vaks seg etter kvart opp til å bli ein av desse kultklassikarane som blir større etter si tid.

Men så skjedde Nier: Automata, eit spel som allereie før lansering blei hausa opp som om det var atterkomsten. Eg ser ut til å vere ein av få som ikkje blei slått i bakken av Automata. Eg fann det strengt tatt skuffande. Det einaste som var betre var kampsystemet, men verda, historia, musikken og ikkje minst karakterane i Nier er i ein heilt anna liga.

Om du er ein av dei some spelte Automata, men aldri det første spelet er du heldig. Du skal ut på ei reise du aldri vil gløyme.

Opp frå oska

Den gong då.
Square Enix

Nier er eit av mine favorittspel, gjennom tidene. Eg ser ingen grunn til å legge skjul på det. Det er eitt av få spel der eg i ettertid har angra på karakteren eg har gitt. Det fekk åtte, men ein klump inne i meg har alltid fortalt meg at eg eigentleg burde ha gitt Nier ein, vel nier.

Nier kom opphaveleg i to utgåver, ei i vesten og ei i Japan. Den vi fekk – Gestalt – gav oss historia om ein far som må prøve å finne ein kur for sjukdomen som herjar kroppen til den vesle dottera hans. I den japanske – Replicant – spelar vi i staden som ein ung gut som må redde søstra si. Når Nier no vender tilbake etter elleve år, er det som Replicant, og som du sikkert skjønar av namnet, er det no den japanske utgåva vi får.

Det blir nesten som eit heilt anna spel. Sjølv om alt eigentleg er det same, alle dei same bikarakterane, alt som skjer, er denne eine forskjellen så monumental at spelet kjennest annleis. Det er noko heilt anna å kjempe for sitt barn, enn å kjempe for eit søsken. Er det betre? Smak og behag vil eg seie, det er eigentleg ingen forskjell i kvalitet, det er berre annleis. Eg skal innrømme eg saknar gamle far Nier, men det er fordi eg blei glad i gamle far Nier, og denne unge varianten har mykje å kome med han òg.

Enkelte ting traff hakket betre i originalen, medan andre ting treff hakket betre no, men skodespelet er jamt over av eit så høgt kaliber at det suverene forfattarskapet bak denne historia skin.

Den mørke majestet

Nokre område har gjennomgått ei radikal forandring.
Øystein Furevik/Gamer.no

Nier Replicant har ei av dei beste, mørkaste og mest gripande historiene eit spel har tatt meg med på. Men å seie spel blir nesten urettferdig. Dette er ei historie eg har hatt med meg i over ti år no. Det er eit spel, ei verd, og ei samling med karakterar som ti år seinare framleis resonerer like høgt som den gjorde då. Denne historia fangar meg. Den er hårreisande tragisk, det skjer så mykje faenskap med desse folka, og den får sjokkvendingane i Nier: Automata til å sjå ut som Barne TV i samanlikning.

Ein av hovudgrunnane til at Nier Replicant grip meg så hardt er at det byr på eit av dei beste persongalleria gjennom tidene. Eg skal ikkje gå inn på detaljar og vil ikkje øydeleggje noko for deg, men sjølv om karakterane i Nier Replicant kanskje kan framstå absurde, og sjølv om humoren sit seigt og deilig pakka inn i kyniske linjer mellom linjene, er det så mykje ved dei. Dei er personar, du blir glad i alle, og det er vanskeleg å ikkje føle med dei når jævelskapen blir intens.

Alle skodespelarane er tilbake, reint bortsett frå hovudpersonen sjølv, naturlegvis, og dei gjer alle ein fenomenal jobb. All dialog er spelt inn på ny, og mykje ny dialog er spelt inn for å fylle ut ting som sideoppdrag og mindre viktig dialog.

Det seier sitt om kvaliteten på eit spel når ditt største ankepunkt blir at Kainé eller Grimoire Weiss uttalar ting ikkje heilt sånn som det var gjort i originalen. Tonefallet var ulikt, han drog meir på orda der, ho høyrest sintare ut no. Det blir banalt flisespikkeri utan mål og meining.

Den mektige musikken har òg fått seg ei renovering. Ikkje at det var noko behov for det. Om det er ein ting alle kunne vere einige om når det gjaldt Nier, er det at musikken var magisk. I Nier Replicant har Square Enix gjort det dei plar gjere når eit spel skal pussast opp, og dei har henta tilbake komponisten for å gå over musikken ein gong til. Det er skummelt, og risikoen er kjapt at ein endar opp med noko ala Final Fantasy X HD Remaster der mykje av musikken mista heilt den sjela som ein gong gjorde den stor.

Andre er svært like seg sjølv.
Øystein Furevik/Gamer.no

Nier Replicant framstår mest som å endeleg gå på konsert med bandet du har digga i årevis. Det er den same musikken, berre full av luft og liv eg aldri heilt innsåg mangla. Å gå tilbake for å høyre på den originale musikken blei nesten eit syntetisk sjokk der eg for første gong innsåg kor flat produksjonen på originalmusikken var.

Endringane som betyr noko

Det er mange endringar og forbetringar i Nier Replicant. Den mest umiddelbare er det grafiske løftest som forhåpentlegvis vil få folk til å slutte å snakke om Nier som om det var den stygge andungen. Den viktigaste endringa i Nier Replicant er likevel, uavhengig av korleis du snur og vendre på det, kampsystemet. Det vil umiddelbart vere kjent og komfortabelt for alle som har spelt både Nier, Nier: Automata og eit typisk actionspel. Du slenger ut lette og tunge angrep, og dansar rundt fiendane som ein helt, men alt dette er mykje lettare no. Altså, å knekkje fiendar er ikkje lettare, men med betre flyt og respons blir det lettare å få Nier til å gjere akkurat det du vil, og generelt det å kose seg med å pryle fiendane, er mykje lettare no.

Det er tre endringar som har all ære for dette. Først finn vi ein ny lock on-mekanisme som fungerer slik lock on skal fungere. Lås deg på ein fiende og kameraet sentrerer seg umiddelbart på fienden. Drep fienden og låsen hoppar umiddelbart vidare til neste fiende. Manuell skifting av mål kan òg utførast. Det gjer kampane til ein draum. Der du som gamle far Nier lett kunne ende opp med å angripe lause lufta, har du no alltid stålkontroll, men det blir betre.

Når du no skal skyte magi får du hjelp av eit sikte som viser deg kvar du treff. Ein skulle ikkje tru dette var ei stor sak, men du verda så mykje lettare det blir å treffe ting.

Om eg skulle ha trekt for noko måtte det ha blitt denne... trusa.
Øystein Furevik/Gamer.no

Minst like verdi får det nye magisystemet, for ein må nesten kalle det nytt. Vi får framleis mane fram den same magien som før. Du kan sende ei lanse mot fienden, spidde fiendar på spyd som skyt opp frå jorda, denge dei med ein magisk knyttneve, eller flå dei med knivar som dansar rundt deg. Det er deileg, deileg moro, og no kan du bruke magi medan du bevegar deg. Før stod du stille for det meste av magi, og å ha full rørslefridom er natt og dag.

Aldri blir dette viktigare ein i møte med dei mange spinnville sjefskampane. Spelte du Nier for elleve år sidan vil du lett kjenne dei igjen, og dei både ser ut og oppfører seg slik vi hugsar dei. Det fine med det nye kampsystemet er at det jamt over gjev den same kjensla som det gamle spelet, men det er meir umiddelbart og brukarvenleg utan at det på noko tidspunkt går ut over utfordringa. Du kan gjere Nier Replicant til eit blodig utfordrande spel om du skrur opp vanskegrada, men du kan og suse gjennom det ved å skru den ned og slå på autokamp.

Konklusjon

Sjefskampane i Nier Replicant er eit av høgdepunkta.
Square Enix

Vi har vel alle det spelet. Det eine spelet som berre vekkjer noko i oss. Kjensler, tankar, spørsmål. Nier gjer dette med meg, og det har gjort det i elleve år no. Det er eit år som aldri heilt har latt meg vere i fred. Musikken har vore ein fast del av rotasjonen, historia er av eit kaliber som her og der dukkar opp utan forvarsel, og gjennom åra som har gått, har spelet blitt, kort sagt, viktig.

Dette gjensynet var skummelt. Når nokon skal rote med noko du er glad i er det grunn til å frykte. Kva om vi endar opp i ein Star Wars-situasjon der alt berre blir tull?

Vi gjorde ikkje det. Vi fekk noko laga av nokon som heilt openbert elskar spelet like mykje som eg gjer. Det er eit penare spel, som pustar meir liv inn i det gulsvidde landskapet frå originalen. Musikken er unik, stikkande og meir levande enn før, men mest av alt er det historia som er attraksjonen her. Reisa til Nier, Kainè, Grimoire Weiss og Emil. Denne fryktelege og håplause reisa som er det vi får når alt klaffar. Når noko er nydeleg skrive, framført og pakka inn i emosjonell musikk som skapar ein nesten uuthaldeleg situasjon.

Det finnest ikkje noko som dette, og det vil aldri finnest noko som dette. Nier: Automata var flott det, men det har ingen ting å stille opp med. Nier er kongen. Kongen har vendt heim.

10
/10
Nier Replicant ver.1.22474487139...
Ei reise du aldri vil gløyme.

Siste fra forsiden