Test

Gigabyte RTX 3050 Gaming OC 

Det nye «billigkortet» kostar like mykje som PS5

Det er absolutt ingen grunn til å kjøpe dette i dag.

Skjermkorttesting er ein trist affære for tida, så her har du nokre kyllingar.
Mikkjell Lønning/Gamer.no
Side 1
2: Speltestar

Då var me her igjen. Nvidia og AMD har begge to lansert nye «budsjettskjermkort», og ingen av dei har hausta heilt den store applausen. Vårt RTX 3050-kort sat dessverre fast i tollen i ei stund, men no har me fått gjort ei nøye undersøking av korleis Gigabyte RTX 3050 Gaming OC yter og fungerer.

Det er ikkje spesielt imponerande, det er det ikkje.

Dei billigaste modellane ligg på rundt 3000 kroner, og er stort sett utseld. Vårt eksemplar kostar derimot heile 4800 kroner – altså nett det same som PlayStation 5 Digital Edition, eller litt meir enn det GTX 1070 Ti lanserte for i 2016.

Ja, det er dyrt å bygge datamaskin for tida.

Dei fleste RTX 3050-modellane over 4000 kroner er på lager i norske nettbutikkar, så det er i alle fall mogleg å kjøpe dei, men spørsmålet er kor mykje du får for dei ekstra 1800 kronene.

Me sjekkar.

Spesifikasjonar

Nvidia sine RTX 3050-kort blir eit av dei aller siste produkta i Ampere-generasjonen. No er det berre RTX 3090 Ti me ventar på før den nye generasjonen kjem, som me sannsynlegvis ser utpå hausten ein gong.

RTX 3050 har 8 GB med GDDR6-videominne, støtte for strålesporing og DLSS, ein bussbreidde på 128-bit og bandbreidde på 224 GB/s. I teorien bør det vere eit knall skjermkort for dei som vil ha ein rimeleg inngangsbillett til speling i 1080p og til dels 1440p.

Men i dagens marknad er det lite ein kan skildre som rimeleg.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Gigabyte sin versjon kjem med ei klokkehastigheit på 1822 MHz (opp frå 1777 MHz på referansekort), ein meir effektiv kjølar og ei anbefaling om straumforsyning på 450 watt.

Kjølaren måler 28 centimeter i lengda og 11,7 centimeter i breidda. Det finst betydeleg mindre kort på marknaden til lågare pris, men kjølaren tar opp langt mindre plass enn det RTX 3060 og opp gjer frå same fabrikant.

Yting

RTX 3050 er ein slags arvtakar etter GTX 1660 Super, eit kort som lanserte til 2500 kroner i 2019. Ytinga til RTX 3050 er berre nokre få prosent betre.

Det er trist nok i utgangspunktet. Tilskottet av DLSS er likevel eit stort løft for skjermkortet, spesielt då oppskaleringsteknologien er blitt så bra at det er vanskeleg å skilje oppskalerte bilete med den faktiske oppløysinga.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Strålesporing i denne budsjettklassen er det derimot berre å gløyme. Reduksjonen i ytinga er så stor at det ikkje er verd det, og det ser me på alle spela me har testa.

RTX 3050 fungerer elles heilt greitt som 1080p-kort for dei med skjerm på 60 hertz. Det er ikkje spesielt framtidsretta, men ein treng ikkje alltid spele på Ultra-innstillingar. DLSS får støtte i fleire og fleire nye spel, og kan like godt brukast i 1080p som i høgare oppløysingar.

Vår testbenk

  • Prosessor: Intel Core i9-12900k
  • Kjølar: Asus ROG Ryujin II 360
  • Hovudkort: Asus ROG Maximus Z690 Hero
  • Minnebrikker: Kingston Fury Beast 32 GB DDR5-5200 CL40
  • Lagring: Kingston Fury Renegade 2 TB M. 2 SSD x2
  • Straumforsyning: Asus ROG Thor 1200 watt
  • Kabinett: Cooler Master Mastercase H500P Mesh ARGB
  • Operativsystem: Windows 11 Pro

Speler du først og fremst Counter-Strike, League of Legends, Overwatch og liknande spel, så er RTX 3050 meir enn nok.

I dei litt eldre spela klarar RTX 3050 seg greitt i 1440p òg, der DLSS vil kunne løfte biletefrekvensen nokre hakk vidare. Me testar berre med DLSS Quality, ein av dei meir krevjande variantane, så ein kan få endå betre resultat om ein toler at biletekvaliteten blir forverra.

På neste side kan du sjå korleis kortet yter i ti ulike spel, både med og utan strålesporing og DLSS.

Straumforbruk og temperatur

Gigabyte RTX 3050 Gaming OC kjem som nemnd med ei anbefaling om ei straumforsyning på 450 watt. Under full last drog kortet 130 watt på det meste, då med ein temperatur på 64,5 grader.

Sjølv «hot spot»-temperaturen var aldri over 78 grader, så kjølaren leverer. Det med eit relativt lågt støynivå som du sjeldan legg merke til. I stresstesting høyrer du eit lite sus når vifta ligg rundt 2000 omdreiingar, men det går framleis heilt fint sjølv utan headsett på.

Det er òg forfriskande å teste eit Ampere-kort som ikkje brukar meir energi enn resten av huset mitt til saman, men med tanke på den stusslege ytinga, så er ikkje dette så veldig imponerande.

Nyleg kom Igorslab med eit rykte om at Nvidia planlegg å lansere ein ekstra versjon av RTX 3050 som brukar mindre straum, og som godt mogleg blir ein betre deal. Det kan neppe gjere anna enn å forvirre om det stemmer.

Overklokking

Gigabyte sine Gaming OC-kort har ei låst straumgrense på 100 prosent, og ein kan stort sett ikkje hente så veldig mykje meir ved overklokke. Skjermkortet klokkar til 1995 MHz ut av eska, som allereie er ganske høgt, men denne gongen fekk eg auka klokkehastigheita stabilt opp til 2060 Mhz.

Det er ganske mykje. Dessverre har det liten effekt på dei ulike spela eg har testa det i. I Horizon Zero Dawn gjekk ytinga ned med 1–2 prosent på tvers av 1080p, 1440p og 4K, og nett det same skjedde i Middle-earth: Shadow of War og Far Cry 5.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

The Witcher 3: Wild Hunt såg derimot ei klar forbetring med overklokkinga. Biletefrekvensen gjekk opp med seks i 1080p, tre i 1440p og to i 4K. I seg sjølv er ikkje det all verda, men med låge tal i utgangspunktet er prosentauka høg. Du merkar oppgangen.

Overklokkinga har ingen merkbar effekt på verken straumforbruk eller temperatur, så det kan vere greitt å eksperimentere litt. Resultata varierer altså veldig frå spel til spel.

Konklusjon

RTX 3050 er eit heilt ok produkt viss ein får det til Nvidia sin annonserte pris på 249 dollar, og er kraftig nok til å takle det meste i 1920x1080.

Problemet er berre at du ikkje finn noko til den prisen her i Noreg. Gigabyte sitt kort har ein kapabel kjølar som leverer låge temperaturar med lite støy, men det er verkeleg ikkje verd å betale nesten dobbelt så mykje for.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Støtte for strålesporing og DLSS er det einaste som skil RTX 3050 frå andre innslag i budsjettklassen – sjølv om dette på ingen måte er eit budsjettkort lenger.

Hoppar me to generasjonar tilbake, til Pascal-arkitekturen i oktober 2016, hugsar me at GTX 1050 gjekk for 1200 kroner. Tredjepartskorta med kraftigare kjølarar var sjølvsagt dyrare, men skilnaden var svært liten. Til dømes kosta Asus sitt Strix OC-kort 1390 kroner.

Då er det sprøtt at Gigabyte forlanger 4800 kroner for dette. Men endå verre er det at ein må ut med 5700 kroner for Asus RTX 3050 Strix Gaming OC – ein dryg tusenlapp mindre enn det GTX 1080 lanserte for. Det er direkte absurd.

I skrivande stund kan du få eit RTX 2060-kort til 4900 kroner. RTX 2060 var billigare då det kom i 2019, men det er framleis klart kraftigare enn RTX 3050. Difor er det absolutt ingen grunn til å kjøpe RTX 3050 med mindre du handlar ein av modellane til 3000 kroner.

Styr unna dette.

Støtte for strålesporing og DLSS
Grei 1080p-yting
Støysvakt
Låge temperaturar
For svakt for å bruke strålesporing
Latterleg pris
RTX 2060 er klart betre og kostar like mykje
Side 1
2: Speltestar

Siste fra forsiden