FEATURE: Desse spela gler vi oss til i juli
Feature
(Bilde: Montasje, Gamer.no)

Desse spela gler vi oss til i juli

I sommarheten blir det rollespel, zombier og store mengder måling.

Midt i den varmaste tida av dei alle er det vel få som har tid til å spele spel, eller?

Vi har fått nokre verkeleg flotte opplevinga i juni. Dei fleste var faktisk gjensyn med eldre spel, og det er jo alltid interessant å sjå korleis eit spel taklar å eldast. I løpet av juni har Crash Bandicoot, Full Throttle, og WipEout-serien dukka opp i oppussa utgåver, og samtlege har demonstrert at dei framleis fortener merksemda vår.

Utover desse spela har spesielt slåssespelet Tekken 7 og stikkeskytaren Nex Machine imponert oss. Nintendos boksespel Arms nådde derimot ikkje heilt i mål.

Då har tida kome for å sjå nærare på månaden som ligg framfor oss, og i juli får vi i aller høgste grad noko for ein kvar smak.

Final Fantasy XII: The Zodiac Age

Det blir eit heitt gjensyn med Final Fantasy XII.
Det blir eit heitt gjensyn med Final Fantasy XII. Foto: Square Enix

Plattform: PlayStation 4
Ute: 11. juli

Final Fantasy XII snudde i 2006 opp ned på Final Fantasy-serien. Det tolvte spelet i serien var det første som sløyfa det kjende og kjære turbaserte kampsystemet til fordel for noko heilt anna og særs eksperimentelt. I staden for å styre kvar person etter tur, sprang du no rundt i ei opa verd der gruppa di gjorde som dei ville basert på retningslinjer du la framfor dei.

Elleve år seinare lanserer Square Enix ein oppussa versjon. Om du trur dette er det same spelet berre i høgare oppløysing tek du grundig feil. The Zodiac Age er basert på den internasjonale versjonen av spelet, og med den får vi ei haug med endringar som påverkar både korleis kampane fungere, og korleis du byggjer opp figurane sine.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Final Fantasy XII: The Zodiac Age

Minecraft: Story Mode – Season 2

Minecraft: Story Mode vender tilbake med.
Minecraft: Story Mode vender tilbake med. Foto: Telltale Games

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows, Mac, iOS, Android
Ute: 11. juli

Det var nok ikkje reint få som stussa litt då det blei kjent av eventyrstudioet Telltale Games skulle lage episodiske eventyr basert på Mojangs enormt populære byggjespel Minecraft. Å ta eit spel kjent for å la folk byggje kva dei vil heilt frie for plagsame historier, for å lage eit utelukkande historiefokusert spel av det, kan verke noko pussig.

Telltale presterte likevel å levere eit solid eventyr, og denne månaden er det klart for fortsetjinga. Sesong to av serien held fram der den første slutta, og som vanleg blir eventyret delt inn i fem episodar som vil kome jamt og trutt utover hausten.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Minecraft: Story Mode – Season 2

Splatoon 2

Splatoon 2 lovar mykje moro med blekk.
Splatoon 2 lovar mykje moro med blekk. Foto: Nintendo

Plattform: Switch
UTe: 21. juli

Få såg nok suksessen til Splatoon kome. Nintendos forsøk på å skape eit fleirspelarsentrert spel for eigne plattformer blei ein kanonsuksess, sjølv om det landa på den noko haltande konsollen Wii U. At Splatoon-serien no kjem til den langt meir populære Switch-konsollen kan godt mogleg gje serien langt meir popularitet.

I Splatoon 2 får vi meir av det same herlege gameplayet vi fekk i det første spelet. Igjen skal blekksprutfolket skyte blekk på både kvarandre og områda dei spring rundt i. Som forventa av ein oppfølgjar får vi i tillegg nye våpen, nye modusar og nye baner. Satsinga på fleirspelar er igjen stor, og Splatoon 2 kan spelast både over nett, eller vi lokale nettverk.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Splatoon 2

Fortnite

I Fortnite får du vise om du kan stå mot zombiehorda.
I Fortnite får du vise om du kan stå mot zombiehorda. Foto: Epic Games

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows, Mac
Ute: 25. juli

Det har gått heile seks år sidan Epic Games avslørte zombiespelet Fortnite. Studioet som er best kjende for kraftige grafikkmotorar og røffe spel som Unreal Tournament og Gears of War bestemde med det seg for å skifte beite litt, og i staden lage eit fargerikt actionspel der du skal byggje forsvar for å halde ut mot dei vandrande døde.

Konseptet i Fortnite er at dei vandrande lika kjem fram frå skuggane når natta sig på. Av den grunn må du bruke dagslyset for alt det er verdt til å samle ressursar og byggje opp forsvarsverker som kan stå i mot trykket som kjem med mørkret. Målet er at du og venene dine skal klare å overleve mot zombietrøkket i 14 dagar. Om zombier framleis er god salsvare finn vi snart ut.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Fortnite

Pyre

Pyre lovar å bli eit stemningsfult spel.
Pyre lovar å bli eit stemningsfult spel. Foto: Supergiant Games

Plattform: PlayStation 4, Windows, Linux
Ute: 27. juli

Supergiant Games imponerte stort då dei lanserte det herlege actionrollespelet Bastion i 2011. I tida sidan då har utviklarstudioet lanserte spelet Transistor, før dei gjekk over til å jobbe med det komande spelet Pyre. Som med sine tidlegare spel lovar utviklarane at Pyre vil bli eit stemningsfult spel med ei solid historie.

I Pyre møter vi ei gruppe med ulike figurar som har enda opp i det gudsforlatne landet Downside. Her må dei oppnå tilgjeving, og på vegen mot frelse må dei kjempe mot fleire andre grupper som har nøyaktig det same målet. Ein interessant vri ved Pyre er at ingenting er over om du skulle døy, i staden vil både positive og negative utfall forme historia.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Pyre

Noko attåt

The End is Nigh
The End is Nigh Foto: Edmund McMillen

Sjølv om det no er sommar og speltørka teknisk sett skal vere godt i gang, er det ei rekke interessant spel på veg denne månaden. Eller kva seier du til Fable Fortune, eit nytt spel i Fable-universet? Som du kanskje hugsar stengde Microsoft dørene til Fable-studioet Lionhead i fjor. Kortspelet Fable Fortune kjem frå nokre utviklarane frå det britiske studioet. Vi får krysse fingrane for at det klarar å ta vare på Fable-magien.

Om magi ikkje er di greie, kan du i staden prøve deg på The End is Nigh. Dette er eit sideskrollande plattformspel frå skaparane av Super Meat Boy med særeigen visuell profil, samt ein lovnad om at du kjem til å døy, ofte. Difor er det ganske kjekt å i staden kunne ta turen ut på eventyr i det fargerike indieeventyret Yonder: The Cloud Catcher Chronicles.

Om det ikkje skulle freiste kan du heller sjekke ut alt som kjem til Nintendos plattformer denne månaden. Både The Binding of Asaaac: Afterbirth+ og Dungeon of Zaar kjem til Switch, medan 3DS får besøk av eit nytt hjernetrimspel frå Dr Kawashima, det japanske rollespelet Miitopia med Mii-karakteren din i hovudrolla, samt eit sideskrollande Pikmin-spel.

Om det ikkje er nok til å halde ut fire veker med sommar, så veit ikkje eg.

Likte du artikkelen? Vil du ha mer norsk spilljournalistikk?
Støtt Gamer.no med 39 kroner i måneden slik at vi kan fortsette å lage mer unikt gratisinnhold

Fortnite [Playstation 4]

Pyre [Playstation 4]

Fortnite [Xbox One]

Hey! PIKMIN [3DS]

Miitopia [3DS]

Fable Fortune [Xbox One]

Yonder: The Cloud Catcher Chronicles [PC]

Minecraft: Story Mode - Season 2 [Android]

Minecraft: Story Mode - Season 2 [iPad]

Dungeon of Zaar [Switch]

Pyre [Linux]

Splatoon 2 [Switch]

Final Fantasy XII: The Zodiac Age [Playstation 4]

Pyre [PC]

Fortnite [Mac]

Minecraft: Story Mode - Season 2 [iPhone]

Fable Fortune [PC]

Minecraft: Story Mode - Season 2 [Mac]

Yonder: The Cloud Catcher Chronicles [Playstation 4]

Minecraft: Story Mode - Season 2 [Playstation 4]

The Binding of Isaaac: Afterbirth+ [Switch]

Minecraft: Story Mode - Season 2 [PC]

Dr Kawashima's Devilish Brain Training: Can you stay focused? [3DS]

Minecraft: Story Mode - Season 2 [Xbox One]

The End is Nigh [PC]

Fortnite [PC]

Beste priser

Nedlasting 339,-
Forventet lagerdato 559,-
På lager 599,-

Hey! PIKMIN [3DS]

Miitopia [3DS]

Minecraft: Story Mode - Season 2 [Android]

Pyre [Linux]

Beste priser

På lager 349,-
På lager 349,-
På lager 469,-
På lager 476,-

Final Fantasy XII: The Zodiac Age [Playstation 4]

Beste priser

Forventet lagerdato 298,-
Ikke på lager 325,-
På lager 345,-
På lager 348,-

The Binding of Isaaac: Afterbirth+ [Switch]

Beste priser

Forventet lagerdato 214,-
Nedlasting 222,-
Ikke på lager 249,-
På lager 299,-

Dr Kawashima's Devilish Brain Training: Can you stay focused? [3DS]

Beste priser

På lager 199,-
Forventet lagerdato 267,-
På lager 299,-
Ikke på lager 299,-

The End is Nigh [PC]

Kommentarer (11)

Forsiden akkurat nå

Til toppen