FEATURE: Desse spela gler vi oss til i juni
Feature
(Bilde: Montasje, Gamer.no)

Desse spela gler vi oss til i juni

Spelmesse, slåssing, og gamle heltar i ny drakt.

No har vi nett lagt bak oss ein svært spanande månad. Godt planta mellom eitt og anna sånn passe bra spel, har vi fått servert nokre skikkelege perler. Ta til dømes det sterkt ICO-inspirerte spelet Rime som vår mann meinte var så bra at det overgjekk inspirasjonskjelda. Eller kva med det Strålande slåssespelet Injustice 2 som hevar standarden til eit nytt nivå?

Blant desse perlene kom og solid strategiaction i Steel Division: Normandy 44, samt eit triveleg gjensyn med den noko spesielle gjengen i LocoRoco-serien.

For månaden som ligg framfor oss roar ting seg ned noko. Sommaren er på veg, og speltørka viser seg i horisonten. Her kjem likevel ei solid liste over det mest spanande som skjer på spelfronten i tida framover.

E3 2017

E3-messa er for mange årets store høgdepunkt.
E3-messa er for mange årets store høgdepunkt. Foto: Bilete: Barone Firenze, Shutterstock

Når: 13. juni - 16. juni

Årets største kalas er rett rundt svingen. E3-messa i solfylte Los Angeles er staden for dei store kunngjeringane. Det er her mange av dei største kunngjeringane i spelindustrien skjer, og som i alle år ventar vi på mykje godt og spanande. Både små og store utviklarstudio vil vise fram kva dei har jobba med det siste året, og dei tre store konsollprodusentane vil vise kvifor du skal kjøpe nettopp deira konsoll.

Om du lurer fælt kva planar Microsoft har for sin nye Scorpio-konsoll, korleis det går med nye God of War, eller kva vi eigentleg kan vente oss frå Super Mario Odyssey, er E3-messa årets høgdepunkt. Om du elskar lange trailarar og litt ukomfortable folk på ei stor scene, har du mykje å gle deg til.

Tekken 7

Her blir det bråk!
Her blir det bråk! Bilde: Bandai Namco

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 2. juni

Ein av dei eldste og mest populære slåssespelseriane gjennom tidene er tilbake denne sommaren. Med Tekken 7 satsar Bandai Namco på å ta tilbake kamptrona som har blitt dominert av fleire arge konkurrentar dei siste åra. Med varierte og solide utfordrarar som Street Fighter V, Killer Instinct og ferske Injustice 2 å kjempe mot, har Tekken-serien alt å bevise.

Det prøvar utviklarane å gjere blant anna ved å introdusere nye teknikkar for erfarne og ferske spelarar. Desse vil la deg gjere meir skade, eller bryte deg gjennom fiendens angrep. Spelets treningsmodus har i tillegg fått seg ein finpuss, og vil la deg spele mot fiendar som slår tilbake basert på dine instillingar.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Tekken 7

The Elder Scrolls Online: Morrowind

Det er mange som har venta på ein tur tilbake til Morrowind.
Det er mange som har venta på ein tur tilbake til Morrowind. Foto: Bethesda Softworks

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows, Mac
Ute: 6. juni

The Elder Scrolls V: Skyrim er kanskje det mest populære Elder Scrolls-spelet, men Morrowind var spelet som verkeleg gav serien den statusen den har i dag. Difor er det ikkje rart at mange er svært spente på den komande The Elder Scrolls Online-ekspansjonen som tek oss tilbake til nettopp Morrowind.

Igjen tek vi turen til øya Vvardenfell. Handlinga utspelar seg heil 700 år før det som skjedde i The Elder Scrolls III, men vi blir likevel lova at vi vil finne mange område du lett vil kunne kjenne igjen. Ved sidan av kjende trakter og ein solid nostalgifaktor, byr utvidinga på ein spelar-mot-spelar-modus og ein heilt ny karakterklasse.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Elder Scrolls Online: Morrowind

WipEout Omega Collection

WipEout køyrer endeleg inn på PlayStation 4.
WipEout køyrer endeleg inn på PlayStation 4. Foto: Sony Computer Entertainment

Plattform: PlayStation 4
Ute: 6. juni

WipEout-serien var manges aller første møte med Sonys PlayStation-plattform, og det er såleis ganske trist kor lenge PlayStation 4 har vore på marknaden utan eit WipEout-spel. Dette endrar seg derimot denne månaden, for då lanserer Sony WipEout Omega Collection.

Som du kanskje skjønar av namnet er ikkje dette eit heilt nytt spel, men i staden ei samling av tre eldre spel som har blitt pussa opp for å vise seg frå sine alle beste sider på PlayStation 4. I pakka får vi WipeOut HD, WipEout HD Fury og WipEout 2048, og mellom desse titlane finn vi heile ni modusar, og ein fleirspelarmodus som let deg spele på delt skjerm og på nettet samtidig.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på WipEout Omega Collection

Arms

Arms lovar heftige boksekampar.
Arms lovar heftige boksekampar. Foto: Nintendo

Plattform: Nintendo Switch
Ute: 16. juni

Nintendo likar å finne på sære nye idear, og det har dei absolutt gjort med Arms. Godt mogleg ein arvtakar etter gode, gamle Punch Out, er Arms eit boksespel der du aller helst skal bruke Nintendo Switchs JoyCon-kontrollarar til å slå ned motstandaren. Arms er derimot ikkje eit ordinært boksespel, det ville ha vore for enkelt for Nintendo.

I Arms er armane til boksarane springfjøyrer med ulike våpen i staden for boksehanskar. Du kan banke laus på fiendar fleire meter unna, og bruke rakettar, bomerangar eller pisker som slår fiendane i bakken. Med ein heil drøss ulike våpen, samt kampar for opp til fire spelarar, blir det spanande å sjå om Nintendo står klare med ein ny vinnar.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Arms

Crash Bandicoot N.Sane Trilogy

Eit herleg gjensyn i vente.
Eit herleg gjensyn i vente. Foto: Activision

Plattform: PlayStation 4
Ute: 30. juni

Crash Bandicoot framstod nesten som Sony PlayStations svar på Mario då det viltre pungdyret Crash deisa inn på skjermane til folk på midten av 90-talet. Med suverent nivådesign og herlege karakterar blei Crash Bandicoot ein umiddelbar favoritt, og samtidig mange sitt første møte med utviklarstudioet Naughty Dog som seinare har gått over til å lage storspel som Uncharted-serien.

I Crash Bandicoot N.Sane Trilogy får vi dei tre første spela i Crash Bandicoot-serien først og fremst i ny og forbetra innpakning. Grafikk, lyd og presentasjonen totalt har fått seg eit massivt løft frå det Naughty Dog leverte i dei tidlege PlayStation-åra, og dei nye utviklarane hos Vicarious Visions har gjort nokre ekstra grep her og der for å moderinsere opplevinga.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Crash Bandicoot N.Sane Trilogy

Sykling og demonjakt

Funcom håpar spelarane vil like det nye kampsystemet.
Funcom håpar spelarane vil like det nye kampsystemet. Foto: Funcom

Om ingenting vi har nemnt så langt skulle falle i smak, og E3 blir ein nedtur for deg i år, finnest det likevel meir å plukke frå spelverdas epletre. Racingserien Dirt får eit nytt spel denne månaden, og det same gjer MotoGP-serien som tek føre seg 2017-sesongen.

For å ta denne naturlege nedskaleringa av doniungar på hjul til sin naturlege ende, passar det godt å skvise inn sykkelspelet Tour de France 2017. I dette spelet skal du som du kanskje har gjetta sykle i Frankrike, men berre på konsoll. Om du vil spele på PC må du i staden ta på deg ei managerrolle i Pro Cycling Manager 2017.

Om du heller vil kome deg langt bort frå den verkelege verda, og hoppe inn i ei fantasiverd, kan du prøve deg på Dungeon Defenders II, som etter eit par år endeleg ser seg ferdig med å vere i Early Access. Spelet blir òg lansert på Xbox One denne månaden.

Til slutt tek vi med to solide konkurrentar til MMO-et The Elder Scrolls Online: Morrowind. Først ute er Final Fantasy XIV-utvidinga Stormblood. Denne tek oss med til nye land for å møte nye utfordringar, slik ein gjerne forventar av ei utviding.

Minst like interessant er kanskje Secret World Legends. Dette er ein heilt ny versjon av norske Funcoms MMO The Secret World. Med betre grafikk, eit nytt kampsystem, samt ein gratis inngangsbillett, står alt til rette for at du kan ta turen inn i dei mørke konspirasjonars verd.

Det var det for denne gong, vi talast.

Likte du artikkelen? Vil du ha mer norsk spilljournalistikk?
Støtt Gamer.no med 39 kroner i måneden slik at vi kan fortsette å lage mer unikt gratisinnhold

Dirt 4

Dirt 4

Dirt 4

Tour De France 2017

Tekken 7

MotoGP 17

Secret World Legends

The Elder Scrolls Online: Morrowind

Arms

The Elder Scrolls Online: Morrowind

The Elder Scrolls Online: Morrowind

The Elder Scrolls Online: Morrowind

Tekken 7

MotoGP 17

Crash Bandicoot N. Sane Trilogy

MotoGP 17

Final Fantasy XIV: Stormblood

Dungeon Defenders II

Final Fantasy XIV: Stormblood

Tour De France 2017

Final Fantasy XIV: Stormblood

Tekken 7

Dirt 4   Les mer »

Beste priser

Forventet lagerdato 271,-
På lager 277,-
På lager 288,-
På lager 298,-

Dirt 4   Les mer »

Beste priser

På lager 277,-
Forventet lagerdato 277,-
På lager 299,-
På lager 329,-

Dirt 4   Les mer »

Beste priser

Nedlasting 131,-
På lager 199,-
Forventet lagerdato 372,-
Ukjent lagerstatus 418,-

Tour De France 2017   Les mer »

Tekken 7   Les mer »

Beste priser

På lager 299,-
Forventet lagerdato 404,-
På lager 449,-
På lager 449,-

MotoGP 17   Les mer »

Secret World Legends   Les mer »

The Elder Scrolls Online: Morrowind   Les mer »

Beste priser

Nedlasting 190,-
Forventet lagerdato 507,-

Arms   Les mer »

Beste priser

På lager 489,-
Ukjent lagerstatus 489,-
På lager 493,-
På lager 495,-

The Elder Scrolls Online: Morrowind   Les mer »

Beste priser

Nedlasting 104,-
På lager 198,-
Nedlasting 247,-
På lager 249,-

The Elder Scrolls Online: Morrowind   Les mer »

Beste priser

På lager 249,-
Ikke på lager 511,-
På lager 549,-
På lager 599,-

The Elder Scrolls Online: Morrowind   Les mer »

Beste priser

Nedlasting 208,-
Forventet lagerdato 237,-
På lager 299,-
På lager 599,-

Tekken 7   Les mer »

Beste priser

Nedlasting 227,-
Ukjent lagerstatus 248,-
Forventet lagerdato 249,-
Ukjent lagerstatus 448,-

MotoGP 17   Les mer »

Beste priser

Forventet lagerdato 507,-
Ikke på lager 549,-
Ikke på lager 579,-
På lager 599,-

Crash Bandicoot N. Sane Trilogy   Les mer »

MotoGP 17   Les mer »

Beste priser

På lager 499,-
Forventet lagerdato 514,-
Ikke på lager 549,-
Ikke på lager 577,-

Final Fantasy XIV: Stormblood   Les mer »

Dungeon Defenders II   Les mer »

Final Fantasy XIV: Stormblood   Les mer »

Beste priser

Nedlasting 178,-
På lager 199,-
På lager 199,-
Forventet lagerdato 274,-

Tour De France 2017   Les mer »

Final Fantasy XIV: Stormblood   Les mer »

Beste priser

På lager 199,-
På lager 248,-
På lager 249,-
Forventet lagerdato 259,-

Tekken 7   Les mer »

Beste priser

Ukjent lagerstatus 407,-
På lager 445,-
På lager 448,-
På lager 449,-

Kommentarer (12)

Forsiden akkurat nå

Til toppen