Feature

Ghost Recon Wildlands - PC vs. PlayStation 4 vs. Xbox One

Grafikksamanlikning av Tom Clancy's Ghost Recon Wildlands

Sjå kva plattform som gjer det best i Ubisofts nye opne verd.

Ubisofts Paris-avdeling har ikkje noko særskild godt rykte blant PC-spelarar. Deira førre PC-spel, Watch Dogs, blei notorisk for sin valdsame visuelle nedgradering.

Tom Clancy's Ghost Recon Wildlands set ein heilt annan tone. Denne gongen verkar det som Ubisoft Paris har lært av feila sine, og leverer eit produkt med enorm teiknedistanse i ei massiv open verd, som faktisk ser betre ut enn traileropptaket frå i fjor (i alle fall enn E3-traileren frå 2016 på PC, som riktig nok er nedgradert frå året før).

Spelet har ein god del tekniske feil, men valmoglegheitene til den enorme innstillingsmenyen på PC-versjonen er såpass omfattande at dette blir eit glimrande spel med nokre få oppdateringar. Ghost Recon Wildlands er òg ei stort sett grei oppleving på konsoll, som me skal sjå nærare på i denne artikkelen.

Stor variasjon i yting mellom konsollversjonane

1 PS4 60 1 Xbox One S
PlayStation 4 Slim til venstre, Xbox One S til høgre.

Nok ein gong ser me at Microsoft slit med å halde følgje med konkurrentane. Ghost Recon Wildlands har låst biletefrekvens til 30 på alle konsollane, men Xbox One har berre oppløysing på 1600x900. I saman med dette har den store dropp i biletefrekvens og omfattande problem med «screen tearing». 30 bilete i sekundet er eit unntak, då biletefrekvensen stor sett ligg rundt 25 - 28. Xbox One S byr på ei merkbart verre oppleving enn dei andre konsollane, sjølv om det ikkje er like ille som i beta-testen. Me kan ikkje vite om dette er grunna dårleg optimalisering eller at konsollen ikkje taklar grafikken, men førebels ville eg venta med kjøp på Xbox One, og sjå om det kjem oppdateringar som forbetrar ytinga.

På PlayStation 4 køyrer spelet i 1920x1080, og 2560x1440 på PlayStation 4 Pro. Førstnemnde har nokre små variasjonar i biletefrekvens, mens Pro-utgåva held 30 konstant.

Den største visuelle skilnaden mellom dei tre versjonane er fargane i spelet, som er mykje meir levande på Pro, i motsetning til dei utvaska fargane på Xbox One og PlayStation 4. Det er mogleg å spele med HDR, men dette har eg ikkje fått testa sjølv. Elles er det fleire ting som skiljer dei ulike konsollane. Med 900p på Xbox One kan ein sjå relativt stor forskjell på teksturkvalitet, skuggar og detaljnivå opp mot PlayStation 4, spesielt samanlikna med Pro-versjonen, som har nesten tre gongar så mange piksel. Opp mot PC-utgåva blir forskjellane enno større, spesielt i høgare oppløysingar.

Dei som speler på PlayStation 4 Pro med vanleg 1080p-skjerm får 2560x1440 via «supersampling», men dette gir eit litt mjukare bilete enn med Ultra HD-skjerm.

Her var det mykje å velje mellom!

4 PS4 Pro 4 PC4K 0 Ext FOV
PlayStation 4 Pro til venstre, PC (4K Ultra utan utvida FOV) til høgre.

Ubisoft Paris kjem med ein gåve til PC-spelarane i form av ein briljant innstillingsmeny, den fremste styrken til spelet. Konsollversjonane manglar sjølvsagt dette, som er noko av bakgrunnen for at eg er litt meir nøktern i mi vurdering av dei. Det er eigentleg ingen tvil om kva plattform ein bør kjøpe dette spelet på.

Menyen byr på ei lang rekkje av ulike innstillingar for grafikk, kontrollar og «head-up display». Spelet har innebygd «benchmark»-verktøy, ein stor synsvinkelslider og ei praktisk visualisering av kvar einaste grafikkinnstilling inne i menyen, slik at ein enkelt ser forskjellen på dei ulike alternativa. Det er òg ein indikator på kor mykje videominne innstillingane krevjar, som er greitt å halde eit auge på viss ein har mindre enn 4 GB videominne.

Les også
Anmeldelse: Tom Clancy's Ghost Recon Wildlands

For å kunne køyre spelet med alle grafikkinnstillingane på maks i 1920x1080 med biletefrekvens komfortabelt over 60 må ein ha PC i toppsjiktet, og då snakkar me det komande NVIDIA GTX 1080Ti eller super-entusiastkortet GTX Titan X Pascal. Ubisoft spesifiserer i spelmenyen at «ultra»-innstillinga er særs krevjande, slik at dei fleste bør holde seg på «very high», som framleis ser flott ut. Den høgaste innstillinga brukar ein avansert form for kantutjamning og nokre NVIDIA GameWorks-element (som til dømes «turf effects»), som berre dei aller beste skjermkorta på marknaden taklar. Viss ein likevel vil spele med den høgaste innstillinga utan entusiastskjermkort, kan ein slå av skuggestrålar og «turf effects» for ein stor auke i biletefrekvens.

Grafikken til PlayStation 4 Pro-utgåva ligg rundt «very high» på PC, mens dei to andre konsollane ligg litt over «high». Teksturkvaliteten og graset er dei klaraste skilnadane mellom PC og konsoll, som er monaleg betre på PC. Viss ein ser på sandjorda på samanlikningsbiletet over er PC-teksturane skarpe og tydelege, mens PlayStation 4 Pro-biletet har stygge teksturar.

Mange småfeil

3 PS4 3 PS4 Pro
PlayStation 4 Slim til venstre, PlayStation 4 Pro til høgre.

Mange spelarar melder om problem med yting og krasjing på alle plattformene. NVIDIA kom med ei oppdatering i går som skal ha forbetra yting på PC, og AMD kom med ein liknande driver for nokre dagar sidan. Det mest omfattande problemet på PC verkar å vere knytt til autolagringsfunksjonen, som gjer at spelet frys i fleire sekund. Underteikna har merka dette nokre gongar òg, i saman med lasteproblem knytt til menyen, som kan ta opp til ti sekund å opne. Det verkar som det siste problemet er knytt til å spele Ghost Recon Wildlands på vanleg harddisk, for problemet forsvann når eg førte spelet over på SSD.

Ubisoft har sjølv lagt ut ei lang liste over småfeil, og det er venta at dei fleste vil bli fiksa i komande oppdateringar.

Spelet bruker «peer-to-peer»-oppkopling på same vis som For Honor – som skapte furore blant frustrerte spelarar. Det verkar å vere vesentleg mindre oppkoplingsproblem med Ghost Recon Wildlands enn For Honor, men nokre få vil sjå problem knytt til NAT-type på ruter. Ein ven av meg prøvde å kople seg til spelet mitt i godt over to timar, før han gav opp leitinga etter løysingar.

Konklusjon

6 PS4 6 PC Ultra 100 Ext FOV
PlayStation 4 Slim til venstre, PC (1080p Ultra med 100 utvida FOV) til høgre.

Ubisoft Paris har med Tom Clancy’s Ghost Recon Wildlands levert ein av dei beste PC-menyane til eit multiplattformspel på mange år (spesiell takk for skikkeleg synsvinkelslider, Ubisoft!). Grafikken er flott, men særs krevjande på det høgaste nivået. Det er diskutert mykje på sosiale medium om det er snakk om optimaliseringsproblem eller rett og slett grafikkteknologi som skjermkorta våre ikkje taklar enno, og det verkar som det er det siste alternativet.

PlayStation 4 Pro-versjonen er den klart beste på konsoll med ei lita forbetring over standardkonsollen, som igjen er eit stort steg opp frå Xbox One.

For dei som ikkje har noko hastverk med å kjøpe spelet kan ein fint vente ei vekes tid på fiksing av småfeil i oppdateringar, men ein skal vere uheldig for å møte på dei verkeleg store problema. Berre kjøp no, viss du vil ha spelet (så lenge du ikkje er på Xbox One, då).

Les også: Horizon Zero Dawn er eit visuelt- og teknisk meisterverk »

Sjå fleire samanlikningsbilete under saken.

2 PS4 Pro 2 PS4
PlayStation 4 Pro til venstre, PlayStation 4 Slim til høgre.
5 PS4 5 PC Ultra Ext FOV
PlayStation 4 Slim til venstre, PC (Ultra 1080p med fullt utvida FOV) til høgre.
2 PS4 2 PC 4K Ultra
PlayStation 4 Slim til venstre, PC (4K Ultra med utvida FOV) til høgre.

Siste fra forsiden