SPILLEXPO

Spillexpo Stavanger er avlyst

Spelmessa mista samarbeidspartnarar, og har trekt søknaden om støtte frå kommunen.

Spillexpo samla tusenvis i Vår Energi Arena i Sørmarka mellom 12. og 14. mai.
Mikkjell Lønning

Dataspelmessa Spillexpo blei arrangert i Stavanger for første gong i 2023, og fekk rundt 6700 besøkande i løpet av ei helg i mai.

Tanken var ein ny runde i 2024, då med eit mål om 10 000 besøkande. Men det blir det ikkje noko av. Grunnleggar Julius Solheim stadfestar overfor Gamer.no at Spillexpo Stavanger er avlyst.

Dei ser på arrangementet som ein suksess, sjølv om dei har tapt pengar på det.

Elkjøp, den største elektronikkpartnaren deira, har takka nei til å vere med i 2024. Det har òg Good Game-ligaen.

– Då mistar me mykje av grunnlaget for gjennomføring, seier Solheim.

Dei har tidlegare fridd til Stavanger for å få økonomisk støtte, men trekte søknaden sin førre veke.

Planen er å prøve på nytt i 2025. Då er ideen å lansere eit arrangement i samband med byjubileet til Stavanger. Spillexpo 2025 kjem saman med eit konsept som skal vise fram spelhistorie.

– Dette, i kombinasjon med eit ordinært Spillexpo, vil bli ein spennande arena for både dei som bur i regionen og dei som kjem utanbys frå, seier Solheim.

LES OGSÅ: The Gathering er avlyst »

For ordens skuld: Good Game-ligaen er eigd av Good Game AS. Same selskap eig Gamer.no. Journalisten eig 45 aksjar i Good Game AS.

Siste fra forsiden