(Bilde: EA)

Need for Speeds PC-versjon er utsett til neste år

Men konsollversjonen lanserast som planlagt.

PC-versjonar av store spel har det ofte med å kome seinare enn konsollversjonane. Siste spel ut i denne rekka er Need for Speed frå svenske Ghost Games. I eit ferskt blogginnlegg forklarar dei kvifor.

Etter å ha høyrt på tilbakemeldingar frå publikum har utviklarane valt å utsetje PC-versjonen for å levere eit spel meir i tråd med det PC-publikummet vil ha. Det betyr kort og godt betre grafikk og ikkje minst at biletefrekvensen blir låst opp.

Konsollversjonen kjem som planlagt

Det blir lekre bilar, fart og spaning i Need for Speed.
Det blir lekre bilar, fart og spaning i Need for Speed. Bilde: EA

Sidan Ghost Games treng meir tid for å løfte PC-versjonen opp eit par hakk, vil den ikkje bli lansert før våren 2016. Dei som har sett fram til spelet på PlayStation 4 og Xbox One treng ikkje frykte, sidan denne lanserast som planlagt 5. november.

Når PC-versjonen omsider lanserast vil den kome med alt ekstrainnhald som har blitt lansert til konsollversjonane fram til då.

For å levere eit stabilt spel på alle plattformer vil Ghost Games og EA halde ein lukka betatest i løpet av dei komande vekene.

Det neste Need for Speed-spelet blir ein ny start for serien, og dei har droppa undertitlane som har prega serien i mange år. Denne gong er målet å la spelarane styre si eiga oppleving i stor grad. Du kan byggje eigne bilar, og fokusere på fart, presisjon eller biljakter mot politiet.

Om november er litt lenge å vente, kan du vurdere å sjekke ut Forza Motorsport 6 som lanserast i slutten av veka.

Kommentarer (16)

Forsiden akkurat nå

Til toppen