Anmeldelse

Crackdown 3

Hjernedaud moro

Crackdown 3 har skjønt at mykje faktisk var betre før.

Eg runda Crackdown 3 på eit par dagar. Dette er ikkje negativt. Tvert om er eg glad og letta. Kjensla av å kunne spore framgang etter berre eit par timar med speling er nesten framand i dagens klima. Å kunne observere at ein kjem nærare målet etter å ha spelt i kanskje berre fem timar, er noko underbevisstheita mi på ein måte hadde akseptert var historie.

Crackdown 3 er ein trykkluftspylar. Frå start til slutt peprar det deg med ting å gjere frå alle vinklar. Du står aldri i ro, det er alltid noko som skal gjerast, og det er tidvis utmattande. Men så er det brått slutt, spelet er over, du har gjort det meste du kunne gjere, og du investerte ikkje fleire månader av livet ditt for å få det til.

Kan du tenkje deg noko så herleg? Eit spel som ikkje pissar på tida di i forakt ved å ese ut og stappe irrelevant skit inn i kvart eit hjørne?

Nei, eg likar ikkje den moderne utviklinga. Eg kan ikkje fordra opa verd-spel som er meir opptekne av å vere gigantiske enn å by aktivitetar av substans, og eg avskyr kor mykje er kjedar meg med dagens gigantiske fjelltursimulatorar.

Crackdown 3 er moro. Det er avsides, gammaldags og uambisiøst, men det er moro, og difor diggar eg det.

Som ei tidsreise

Store eksplosjonar er noko av det beste Crackdown 3 har å by på.
Øystein Furevik/Gamer.no

Det er nesten som om tida har stått stille sidan Microsoft lurte folk til å kjøpe Crackdown ved å pakke med ein Halo 3-beta for ganske presist tolv år sidan. Crackdown 3 er nesten identisk med Crackdown. Det oppfører seg på så og seie nøyaktig same måte, og det er nesten som om utviklarane berre har laga eit nytt kart til eit gammalt spel.

Dette skremde meg litt i løpet av dei omlag femten første minutta. Eg hadde Crackdown 1 friskt i minne etter å ha fyrt det opp for å sjekke korleis det såg ut på Xbox One X, berre for å bli forferdeleg skuffa over kor dørgande keisamt spelet viste seg å vere. Eg hugsar det annleis. Crackdown var eit friskt pust med ei diger verd du kunne utforske ved å sprette over den med ein supersoldat som stadig fekk meir spenst i beina.

Men i mitt gjensyn med den gamle travaren innsåg eg at avstandane er lange, strukturen laus, og at mykje av tida mi gjekk med på å berre prøve å kome meg dit eg trudde eg skulle, utan at så mykje skjedde på vegen.

I Crackdown 3 skjer det noko heilt tida. På den korte turen det tek deg hoppe over eit par hustak for å plukke opp den glødande grøne kula du veit vil hjelpe deg med å byggje opp spensten til soldaten din, har to stemmer – den barske stemma til din gamle sjef, samt den nye stemma til ei kvinne som jobbar for motstandsrørsla på den vesle øya du no er på – allereie avslørt ei rekke potensielle oppdrag i nærområdet.

Før du når fram til kula er du i gong med å destruere eit kjemisk annlegg, og så snart det er gjort er du halvvegs oppe ei diger radiomast for å få slutt på propaganda. Medan du klatrar ser du eit fengsel du må gjere slutt på, men før du kjem så langt har du blitt angripen av ein bøling soldatar sendt ut av autoritetane på øya som endeleg har fått nok av deg.

Eit radig tempo

Litt surfing over skyskraparar om natta må til.
Øystein Furevik/Gamer.no

Det går fort. Fiendane er på deg heile tida, du blir bombadert med kuler, ekplosivar og etsande granatar. Medan skjolda og helsa di rasar nedover får du beskjed via interkommen om at det einaste som dug her er å køyre på alt du har. Å drepe fiendar byggjer opp igjen skjolda dine. Ok, greit. Som om spelet ikkje var hektisk nok frå før av blir du faktisk belønna av å leike Rambo, der alle andre spel ser ut til å ville straffe deg.

Fett!

Nye våpen ramlar i fanget på deg, og der du i starten tenkte at dette ville bli eit tradisjonelt eventyr med maskingevær og pumphagle fordi dette er dei to første våpna du får, sit du snart med varmesøkjande rakettar, granatkastarar som skyt ut klynger med eksplosivar, ein laserstråle som tek knekken på alt, samt eit svart hol som sender tankane tilbake til Turok. Turok, kva skjedde med han eigentleg?

Musikken pumpar i takt med adrenalinet, og brått får du beskjed om at du no er flinkare til å bruke våpen. No er du flinkare med eksplosivar, og sidan du har herja så villt toler du no meir skade. Alt du gjer i Crackdown 3 gjer deg betre innanfor ei rekke ulike felt, våpna blir sterkare og farlegare i takt med at du veks som supersoldat.

Ei ekte sandkasse

Crackdown 3 er moro. Det er 10-15 timar med pur, enkel moro. Spelet finnest ikkje avansert, men det har ei svært enkel oppbygging som gjev deg lov til å berre leike deg heile vegen mot slutten. Spelet presenterer ingen store, mektige historier. Her er det berre ein bøling med folk du må ta knekken av, og etter kvart som du sprenger og øydelegg alt i din veg vil du få tilgang på nye utfordringar. Variasjonen er ikkje alltid så stor, men det spelar ikkje noko rolle.

Gameplayet i dette spelet er enkelt, men heilt suverent. Actionsekvensane er fantastisk underhaldning, men spelet kunne likevel ha vore hakket meir elegant i si utforming. Vi finn til dømes ei rekke plattformsekvensar i spelet, og desse blir av og til hakkt for irriterande mest fordi kontrollane ikkje alltid framstår som heilt tilrettelagde for slike aktivitetar. Spesielt det å kalkulere kvar du vil lande blir stadig meir utfordrande etter kvart som hoppa dine blir høgre. Å lande på små plattformer når du dalar mot dei i fritt fall er ikkje alltid like enkelt.

Øya er leigegrinda di.
Øystein Furevik/Gamer.no

Knus alt?

Crackdown 3 minnar meg litt om all hypen som var rundt det første Fable-spelet. Vi snakkar då om det å love ein ting, men levere ein annan. Noko av det Microsoft har snakka høgst om før Crackdown 3-lanseringa var korleis dei skulle bruke skya til å kalkulere eksplosjonar slik at du kunne sprenge heile bygningar.

Det vi har fått er noko ganske anna. I kampanjen kan du ikkje øydeleggje ein einaste bygning, dette er reservert for fleirspelarmodusen Wrecking Zone, men det heile framstår litt som ein ballong utan luft.

Visst får du øydeleggje, men det du får øydeleggje kan knapt kallast bygningar. Det er silhuettar i grått og neon, i ein modus som byr på ein heilt anna visuell stil enn resten av spelet. Akkurat dette er skuffande. Eg vil mykje heller springe rundt i bylandskap og sjå bygningar deise i bakken der, enn å sjå nokre abstrakte former gradvis gå i oppløysing medan spelarane hoppar i ring rundt dei.

Når det er sagt er Wrecking Zone ganske underhaldande. To lag går mot kvarandre i kjend stil, men i ekstremt vertikale kampar der ein hoppar og flyr rundt kvarandre og heller skyt seg gjennom bygningar enn å ta den lange vegen rundt. Det er kaotisk og ganske underhaldande ei stund, men heile Wrecking Zone-modusen framstår likevel som pinleg halvgjort.

Wrecking Zone er artig ei stund, men har for lite å by på.
Øystein Furevik/Gamer.no

Vi får berre leike oss på tre kart i to modusar, og heile progressjonssystemet frå kampanjen er fjerna. Igjen sit vi med nokre litt slappare variantar enn dei soldatane vi spelar med i kampanjen, og det glitrande våpenarsenalet frå historiemodusen har blitt redusert til å stort sett berre bestå av dei våpna du aldri gadd bruke. Som sagt, det er litt som ein ballong utan luft, og det tek ikkje lange tida før ein innser at ein kan ha det meir moro med noko heilt anna.

Konklusjon

Crackdown 3 er to vidt forskjellige spel i ei pakke. Microsoft har sett dette tydeleg nok sjølve til å la deg laste ned dei to modusane kvar for seg, noko som er eit veldig smart trekk. Fleirspelarmodusen er strengt tatt ganske uinteressant i lengda, men kampanjen tek alle dei beste tinga frå det første Crackdown-spelet, konsentrerer dei, og spyttar dei ut att i eit fargerikt inferno. Eg storkosa meg den tida eg brukte på spelet, for dette er pur, enkel moro som ikkje prøvar å vere noko meir enn det.

Her finn du ingen ambisjonar om å vere noko meir enne eit hjernedaudt, men underhaldande spel, og om du går inn med den haldninga kjem du til å ha nokre herlege timar i vente. Utviklarane har skrudd saman ein solid dynamikk der du går frå den eine kampen etter den andre, jaktar nokre grøne kuler over hustaket, og alltid blir leia i ein ny retning av noko som dukkar opp på kartet.

Crackdown 3 er på ingen måte originalt, men det byr på eit fargerikt og artig alternativ til alle dei omfattande og dønn seriøse spela som krydrar marknaden for tida. Det er eit spel som ser ut til å ha skjønt at konstant utvikling ikkje alltid er det beste ting. I staden for å snu opp ned på heile formelen, har utviklarane nesten laga ein blåkopi av originalspelet. Dei har berre fjerna litt fyllmasse og trimma nokre tannhjul for å gje oss ei oppleving som på mange måtar er betre og meir underhaldande enn den vi fekk for 12 år sidan.

7
/10
Crackdown 3
Det er avsides, gammaldags og uambisiøst, men det er moro.

Siste fra forsiden