Vi er allereie godt i gong med spelåret 2025, og bak oss ligg ein månad som har bydd på både gode og mindre gode opplevingar. Det norskutvikla metroidvania-spelet Somber Echoes landa til litt lunken mottaking, noko som òg var tilfelle med Orcs Must Die! Deathtrap, eit spel som tek monsterslaktserien inn i ei fleirspelarorientert retning.
Dynasty Warriors var òg tilbake denne månaden, med Dynasty Warriors: Origins, som absolutt tok serien til nye høgder med eit større fokus på utforsking, strategiske kampar og fritt byte av våpen og kampstilar.
Med det legg vi fortida bak oss og ser fram mot kva februar har å by på.

Kingdom Come: Deliverance II
Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 4. februar
Med Kingdom Come: Deliverance II satsar utviklarane hos Warhorse på å ta det heile til nye høgder. Vi følgjer framleis vår ven Henry på reise gjennom Bohemia, og vi får framleis ein enorm fridom til å bruke tida slik vi sjølv vil. Fokuset på å vere historisk korrekt er framleis skyhøgt, men mange av spelsystema har blitt forbetra og gjort meir brukarvenlege, medan nye ting som kunsten å smi sverd er lagt til. Vi er allereie i gong med å teste det, og her er nokre av våre første tankar:
«Eg klarar ikkje leggje dette spelet frå meg. Det er oppslukande og fascinerande i ei verd eg fullt ut kjøper. Med folk eg forstår, skrivne av folk som forstår, og som klarar å mane fram noko eg vil tru vi alle på eitt eller anna vis kan relatere til. Dette er eit av dei spela der alle har si eiga historie å fortelje. Sine eigne opplevingar, sine heilt eigne oppdagingar i eit spel som gjer det viktige riktig.»
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Kingdom Come: Deliverance II

Sid Meier's Civilization VII
Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Nintendo Switch, Windows
Ute: 11. februar
Civilization-serien starta i 1991 og må kunne seiast å vere far til ein heil sjanger. I år ventar vi i spaning på kapittel sju i den 34 år gamle serien, og utviklarane hos Firaxis lovar det beste og mest komplekse spelet så langt. Forbetringar over heile fjøla skal gjere det lettare for nye spelarar å kome i gong, medan erfarne spelarar vil kunne kose seg med ein heil haug nye system.
LES OGSÅ: Disse spillene gleder vi oss mest til i 2025 »
Som vanleg for Civilization-serien skal du ta ein sivilisasjon frå den spede byrjinga og inn i framtida. Med diplomati, krigføring og handel skal du utnytte landet og ressursane rundt deg for å sjå om du er ein betre leiar den dei vi hadde i vår historie. Mange historiske kulturar og personar dukkar opp som både vener og fiendar i eit spel der du formar verdsbiletet med dine eigne handlingar.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Civilization VII

Avowed
Plattform: Xbox Series S/X, Windows
Ute: 18. februar
Avowed er det neste store rollespelet frå dei erfarne folka hos Obsidian. Før har dei blant anna laga Fallout: New Vegas, Pentiment, og Pillars of Eternity. Avowed er det neste spelet i Pillars-universet, og lovar å bli eit spel fullt av val, konsekvensar og gode historier. Det blir ikkje like stort og ope som fleire andre rollespel, men utviklarane hevdar dette gjer det mogleg å fortelje ei betre historie. Vi har allereie kika litt på det, og var ikkje heilt overbevist, men er likevel veldig spente på å sjå det endelege resultatet:
«Når det kjem til stykket, er eg diverre mindre spent på Avowed etter å ha spelt dei første to timane. Enten det gjelder forteljinga så langt, dialogen, kampsystemet, sideoppdraga eller verda sjølv, virkar så godt som alt enten nokså generisk, eller rett og slett ikkje fengjande nok til å løfte spenningsnivået nemneverdig.»
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Avowed

Like a Dragon: Pirate Yakuza in Hawaii
Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 21. februar
Etter mange år der Yakuza var mest for ein nisjeserie å rekne – i alle fall utanfor Japan – nådde det heile større og breiare i Yakuza: Like A Dragon. Serien fekk endeleg skikkeleg fotfeste på verdsbasis, spela blei dubba til engelsk og eit nytt publikum fekk auga opp for desse herlege spela med spanande historier, fascinerande persongalleri og mykje sær humor.
Sær humor må vi rekne med det blir rikeleg av når den gamle serietravaren Goro Majima får sitt eige spel i Pirate Yakuza in Hawaii. Goro er tidlegare Yakuza, men er no pirat med sitt eige crew. Sjølv om hovudserien har blitt turbasert, held Pirate Yakuza in Hawaii seg til kjappe kampar i sanntid, der du i rolla som Goro kan banke opp fiendar med berre nevane, eller kanskje sverd. Høgdepunktet blir moglegvis dei nye skipskampane der du får testa kva piratskipet ditt eigentleg er godt for.
Les artiklar, sjå bilete og finn beste pris på Like a Dragon: Pirate Yakuza in Hawaii

Monster Hunter Wilds
Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 28. februar
Monster Hunter-serien har over mange år vakse seg opp til å bli ein av Capcoms største og viktigaste seriar. Med Monster Hunter Wilds lovar utviklarane igjen å levere det største og beste spelet i serien. Vi får massive område fulle av beist som kan endre seg etter med veret. Ulike monster kan dukke opp om det er regn eller tørke.
Spelet byr òg på nye ridedyr som hjelp deg emd å utforske den digre verda, og nytt for serien er at desse kan bere med seg ekstra våpen. Finn du ut at du har pakka feil arsenal, kan du byte om til noko anna og angripe beista frå ein annan vinkel. Sjølvsagt byr spelet på ei god blanding nye og gamle monster, og vi vil få ein heil haug med massive beist å kjempe mot, før vi lagar nytt utstyr av dei og legg ut på fleire tokt aleine, eller saman med ei jaktgruppe.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Monster Hunter Wilds

Dating og den mørke fortida
Treng du eit skikkeleg avbrekk frå det du stort sett driv med kan Rift of the NecroDancer vere månadens spel for deg. I dette rytmespelet skal du både trampe i takt med musikken, men òg utføre Yoga, i alle fall i digital form. Like rart er kanskje Date Everything!, eit spel der du etter å ha mista jobben til kunstig intelligens får nokre magiske briller du kan bruke til å sjå det fine i alt, til og med ting. Om du er lei av datinglivet og heller vil prøve romantikken med ein god stol, er dette spelet for deg.
Blir det for sært kan du eventuelt prøve deg på Urban Myth Dissolution Center. Her skal du løyse urbane mytar ved å samle bevis for å finne ut kva som eigentleg skjedde.
Saknar du dei gode, gamle dagane då Lara Croft hadde bein i nasa kan du vurdere ein kikk på Tomb Raider IV-VI Remastered, som tek oss med tilbake til hot pants og grøn tank top.
Den langvarige japanske rollespelserien The Legend of Heroes held fram historia i februar, denne gong med Trails through Daybreak II.
For litt sportslege aktivitetar for den som lengtar etter sommar og sol, kan februar på by eit slag golf i PGA Tour 2K25.
Verdt å få med seg er òg det norske snowboardspelet SNØ, som kjem ut i midten av månaden. Dette er kanskje det einaste spelet på marknaden med nynorsk oversetjing.
Til slutt tek vi med eit flunkande nytt spel frå Life is Strange-skaparane hos Don't Nod. I Lost Records: Bloom & Rage reiser vi heile vegen tilbake til sommaren det fantastiske året 1995. Etter det reiser vi 27 år fram i tid for å konfrontere dei mørke årsakene til at ein heil gjeng bestemde seg for å aldri snakke saman igjen.
Det var alt for februar. God speling!