2026 er godt i gong, og vi har ikkje slappa av. Vi har konkludert med at du trygt kan styre unna den nye Silent Hill-filmen, og at du heller bør spele den nye versjonen av Alien-bordrollespelet.
Dei som enno ikkje har fått spelt Final Fantasy VII Remake, har fått nye sjansar no, sidan spelet dukka opp på Switch 2 og Xbox Series X. Kva Square Enix har klart å presse ut av Switch 2 er imponerande.
Mindre imponerande var Code Vein II. Betre enn forgjengaren, men berre så vidt.
Januar var ein noko roleg månad, men februar trår til for fullt.
Dragon Quest VII Reimagined
Plattform: PlayStation 5, Switch, Switch 2, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 5. februar
Om det er eventyr du vil ha, kan du knapt finne betre spel enn Dragon Quest VII Reimagined. Dette er ein ny versjon av eit spel som først kom ut i 2000, og det har blitt bearbeida og oppussa og omgjort til ei ny oppleving. Her møter vi ein namnlaus helt og venene hans som reiser ut på eit gedigent eventyr for å utforske verda.
LES OGSÅ: Dragon Quest VII Reimagined er eit av tidenes beste japanske rollespel »
Ved å finne steintavler opnar dei opp portalar til fortida, og får utforske nye øyer med sine eigne historier. Spelet er eit tradisjonelt japansk rollespel, med jobbklassar, turbaserte kampar og ei diger verd å utforske. Om du har sakna korleis spel var før i tida, er dette spelet du har venta på. Figurdesignet er som alltid frå Dragon Ball-meisteren Akira Toriyama.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Dragon Quest VII Reimagined
Nioh 3
Plattform: PlayStation 5, Windows
Ute: 6. februar
Masochistar som likar å få pryl har levd godt dei siste åra. Før i tida måtte ein ty til Team Ninjas eigen Ninja Gaiden-serie for å få kue egoet, men no veller det over med utfordrande spel i Soulslike-sjangeren. Nioh 3 frå nettopp Team Ninja er neste spel i vente, og dette lovar fleire endringar for serien.
Denne gong får du sjølv bestemme korleis hovudpersonen skal sjå ut, og du får utforske ei verd som er mykje større og friare enn dei lineære områda tidlegare spel har bydd på. Spelarar får òg to ulike spelestilar å leike seg med. Vi kan kjempe som samurai i likskap med tidlegare spel, eller du kan prøve ninjastilen som har eit langt større fokus på fart og smidigheit. Best av alt, du kan byte mellom stilane når som helst.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Nioh 3
High on Life 2
Plattform: Xbox Series S/X, Windows
Ute: 13. februar
High on Life er blant dei mest absurde spela vi har spelt, og no er oppfølgjaren rett rundt hjørnet. I High on Life 2 har du enda opp som ein svært vellukka dusørjegar, som må ut på nye eventyr då søstra blir kidnappa. Igjen må du nedkjempe ein intergalaktisk konspirasjon, og igjen må du gjere det med eit banalt arsenal med snakkande våpen.
Når vi seier snakkande våpen, er det nettopp det vi får. Våpen med personlegheiter, og nokre gongar skrantande forhold seg i mellom. SMGen Travis er til dømes i eit litt anspent forhold med ein annan SMG, medan Flint er på si side ei gretten skjelpadde som sprutar eld. Kjende skodespelarar som Ken Marino og Richard Kind står for nokre av stemmene, og om High on Life 2 blir i nærleiken av det første spelet, har vi stor moro i vente.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på High on Life 2
Norse: Oath of Blood
Plattform: Windows
Ute: 17. februar
Om det er to ting vi treng meir av, er det spel om vikingar og spel laga av nordmenn. Norse: Oath of Blood er begge deler; eit norskutvikla vikingspel frå fleire Funcom-veteranar. I dette spelet – forfatta av Giles Kristian – møter vi den unge krigaren Gunnar, som blir bannlyst etter at faren hans blir drepen.
Norse: Oath of Blood er eit taktisk spel med turbaserte kampar der ein må bruke både posisjonering og terreng. Kvar krigar har unike eigenskapar, og du kan trene dei opp til å bli stadig sterkare. Dette er derimot ikkje alt du må stri med. Ved sidan av kampane må du bygge opp eit vikingsamfunn, og fordele roller slik at vikingleiren din fungerer optimalt.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Norse: Oath of Blood
Resident Evil Requiem
Plattform: PlayStation 5, Switch 2, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 27. februar
Resident Evil Requiem introduserer oss for FBI-agenten Grace Ashcroft. Under ei etterforsking av fleire drap rotar ho seg inn i eit langt større, og verre mysterium. Ved sidan av denne nykomaren, er veteranen Leon S. Kennedy tilbake, om enn i ei noko eldre form.
Capcom lovar at Resident Evil Requiem vil by på alt som har gjort serien legendarisk. Her ventar kamp, etterforsking, gåter og eit stadig fokus på altfor få ressursar. Vi skal i tillegg få lov til å byte fritt mellom å spele i første- og tredjeperson, slik at vi alle kan få nyte grøss og gru slik det passar oss best. Turen går igjen til Raccoon City, og det må vere lov å spå at det er ein særs dårleg feriedestinasjon.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Resident Evil Requiem
Tennis, sniking og daude menn
Det blir noko for ein kvar smak i februar. Om ikkje det vi allereie har nemnt skulle vere nok, har Nintendo eit lite ess i ermet; Mario Tennis Fever. Her blir det meir sport med Mario og kompani.
Blir det for lettbeint kan kanskje Reanimal vere spelet for deg. Dette er for deg som blei skuffa over Little Nightmares III, sidan dette spelet faktisk er laga av folka som laga dei første Little Nightmares-spela.
Styx: Blades of Greed er ein annan lovande oppfølgjar der vi atter ein gong skal bli med goblinen Styx på snikeferd.
Om du vil ha hakket meir action enn som så, er godt mogleg Romeo is a Dead Man spelet for deg. Dette kjem frå gærningen Suda 51, og han plar som regel levere dei bisarre varene.
Hakket mindre sært, men framleis sært, blir det når Yakuza Kiwami 3 & Dark Ties lanserast berre for å stadfeste at eit år utan Yakuza er eit dårleg år, og slikt kan vi ikkje ha noko av.
Litt meir ro og orden får vi tru det blir i Star Trek-simulatoren Star Trek: Voyager - Across the Unknown, medan vi får turbasert rollespelstrategi i Disciples: Domination.
Ein bunke spel får òg nytt liv på nye plattformer i februar. Rollespelet Avowed kjem til PlayStation 5, klassikaren Deus Ex er tilbake i Deus Ex Remastered, Tokyo Xtreme Racer kjem til PlayStation 5, medan Resident Evil 7: Biohazard og Resident Evil Village kjem til Switch 2.
Heilt på tampen kan vi ta med at actionspelet BlazBlue Entropy Effect X tek turen til konsoll.
Det var februar. Sjåast til våren.