April har vore prega av mykje kvalitet i ulike sjangrar. Det store høgdepunktet kom då Bethesda avslørte og slapp The Elder Scrolls IV: Oblivion Remastered på ein og same dag, ein flott nyversjon som fekk maks utteljing hos oss. Det same gjorde det fantastiske gåtespelet Blue Prince som har sigla inn som ein stor favoritt i redaksjonen denne månaden.
Fleire godbitar har vi også fått. Det nydelege rollespelet Clair Obscur: Expedition 33 demonstrerte at turbaserte kampar framleis har livets rett, og gav oss eit av dei flottaste japaninspirerte rollespela på lang tid.
Filmatiseringar av spel har vi òg fått rikeleg av denne månaden. Devil May Cry-serien og Minecraft-filmen innfridde ikkje, men Until Dawn blei den klart beste PlayStation-filmen til dags dato.

Revenge of the Savage Planet
Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Game Pass, Windows
Ute: 8. mai
Verda har blitt øydelagd av dumskapen til grådige storkonsern, og du er stranda i det ytre rom med altfor lite utstyr. Du må ta det du finn til hjelp for å kome deg tilbake til jorda, slik at du kan ta hemn på dei ufyselege slaskane du jobbar for.
I løpet av spelet får du utforske fire forskjellige planetar som alle byr på unike skapningar du både må kjempe mot og fange medan du utforskar kvar krik og krok. Du vil møte beist, oppgradere utstyr og leike deg med ein haug ulike eigenskapar for å overleve. Om du vil kan du leike deg gjennom denne farlege verda saman med ein ven over nett, eller i god gammaldags sofasamarbeid på ein og same skjerm.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Revenge of the Savage Planet

The Midnight Walk
Plattform: PlayStation 5, PlayStation VR2, Windows
Ute: 8. mai
The Midnight Walk er eit spel der alt du ser er laga i leire, før det blei skanna og omgjort til 3D-modellar. I tillegg er det animert i ein stil som imiterer klassiske animasjonsfilmar, og det kan spelast både å vanleg vis, og i VR.
I spelet tek vi på oss rolla som ein forbrend skapning som blir ven med Potboy, eit lite lampevesen med flamme på hovudet. Saman med denne snodige karen må du finne vegen ut av ei farleg verd, snike deg forbi fiendar, lure dei med flammen til Potboy og kome deg gjennom og forbi ei lang rekke farar som lurer i mørkret. Spelet lovar å fortelje fem ulike historier som alle byr på eit variert galleri med bisarre og snodige figurar.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Midnight Walk

Doom: The Dark Ages
Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Game Pass, Windows
Ute: 15. mai
Doom Slayer er tilbake, og denne gangen meiner både han og id Software alvor. Med eit gigantisk arsenal våpen som inkluderer både sverd og kanonar, skal du slakte alt det som rører seg i helvetes grimme korridorar. Denne gongen tek utviklarane alt til eit enda høgre nivå. No får du ein gigantisk robot å sitje i, og ein drage å ri på for å slakte demonar med absolutt stil.
For dette Doom-spelet har utviklarane droppa å lage ein fleirspelarmodus, og har i staden lagt alt fokuset på å lage ein så fengjande og underhaldande kampanjemodus som mogleg. Som ein konsekvens av dette har historia fått meir fokus, og vi får håpe id Software leverer varene nok ein gong.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Doom: The Dark Ages

Blades of Fire
Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
22. mai
Frå folka bak spel som Castlevania: Lords of Shadow og Metroid Dread kjem eit heilt nytt actioneventyr. I Blades of Fire tek du på deg rolla som ein mektig smed som med sin enda mektigare hammar kan smi alle våpna han treng for å knuse den slemme droninga, beista som jobbar for ho og til slutt redde dagen.
Blades of Fire lovar å bli eit både velkjent og friskt innslag i actionsjangeren. På overflata finn vi eit tradisjonelt actioneventyr med utforsking og utfordrande kampar, men sjølve kampsystemet stikk seg ut. I dette spelet har angrep mot hovudet, eller frå høgre og venstre eigne knappar, noko som saman med eit fokus på blokkering og forsvar godt mogleg kan by på ei minneverdig utfordring.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Blades of Fire

Elden Ring Nightreign
Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 30. mai
From Software har lenge stått høgt i kurs med sine brutale og utfordrande spel. Elden Ring blei ein førebels topp for det japanske studioet, og no er dei tilbake med Elden Ring Nightreign. I dette spelet skal du ikkje lengre vere aleine mot mørkret, men du kan rotte deg saman med to andre spelarar for litt skikkeleg god, gammaldags samarbeidsmoro. Vi rakk å kike litt på det i vinter, og var i alle høgste grad klare for meir:
«Spelet har eit enormt tempo – og vil nok kanskje være i overkant stressande for mange – men setter ein pris på hardtslåande fekting, mektig magi og ei real dose fantasy-drive adrenalin, kan dette fort bli eit av årets verkeleg store speloverraskingar.»
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Elden Ring Nightreign

Kan det fiksast?
Om du, som mange andre i det langstrakte landet vårt, er lei øydelagde vegar, er kanskje Roadcraft spelet for deg. Her skal du aleine, eller saman med fleire spelarar rydde opp etter blant anna naturkatastrofer. Ein god dags arbeid der altså.
Meir arbeid kan du få deg i Fantasy Life i: The Girl Who Steals Time. Her skal du bygge ein by, utforske ei mystisk øy og til og med reise i tid.
Vi held fram i same gate med Rune Factory: Guardians of Azuma. Som alltid i Rune Factory-serien må du sjonglere mellom å så grønsaker i åkeren din, og reise ut på eventyr for å jakte monster.
Skulle du vere eit skikkeleg fartsfantom, er kan det vere ein idè å ta ein kikk på JDM: Japanese Drift Master, der alt handlar om å suse og skrense gjennom smale gater.
Til slutt tek vi med eit par gamle, gode klassikarar. Før Onimusha: Way of the Sword dukkar opp neste år, kan det kanskje smake med eit gjensyn med Onimusha 2: Samurai's Destiny?
Alternativt kan du ta ein kikk på Sonic Wings Reunion. Her finn du ingen blå pinnsvin, men i staden eit klassiske arkadespel der du styrer eit skip ovanfrå, og stadig plukkar opp nye og betre våpen.
Det var alt for denne gong. God speling.