Før nokon heilt fekk med seg kva som skjedde var brått enda ein vinter over, og for ein vinter. Den siste vintermånaden på ei god stund gav oss alt frå den hesleg dårlege norske katastrofefilmen Kraken, til eit av dei beste japanske rollespela på årevis i Dragon Quest VII Reimagined.
Vidare fekk vi heftig action i Nioh 3, absurd humor i High on Life 2, og ikkje minst eit fantastisk stykke skrekk i Resident Evil Requiem, grøssarserien som aldri ser ut til å gå tom for inspirasjon.
Med det er det vår, og ein bunke nye, spanande spel ventar.
Marathon
Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 5. mars
Marathon er det neste store skytespelet frå Bungie, folka som gav hos Destiny, og før det, Halo. Marathon er på ingen måte ein ny serie for Bungie, det første spelet i serien må vi heilt tilbake til 1994 og Mac OS for å spele, og det er i år 30 år sidan førre spel i serien.
Marathon blir ein såkalla Extraction Shooter, der fleire lag må konkurrere om å kome først i mål. I kvar kamp må laga samle inn data, ressursar og artefakt. I spelet vil opp til seks lag på tre spelarar kvar kjempe mot kvarandre, og mot miljøet for å kome seg trygt ut. I staden for ein tradisjonell kampanje, lovar Marathon eit narrativ som utviklar seg med spelaranes handlingar. Spelet lovar forskjellige roller, kroppsimplantat og våpenmodifikasjonar for å la spelarane skreddarsy opllevinga.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Marathon
Pokémon Pokopia
Plattform: Switch 2
Ute: 5. mars
I Pokémon Pokopia tek du på deg rolla som ein Ditto som etter lang dvale har omforma seg til å sjå ut som eit menneske. Du møter ein professor som bur på ein stad der Pokémon og menneske ein gong levde saman, og kjapt blir du inspirert til å fiske opp staden igjen, for å skape ein fantastisk heim for alle.
Dette blir eit kosespel for dei som likar Pokémon og Animal Crossing. På di ferd for å bygge ein flott heim vil du møte mange ulike Pokémon som alle kan lære deg unike eigenskapar. Nokon kan lære deg å slå ned veggar, andre å gjere grøntområde større, medan andre nyttige eigenskapar du kan lære er å surfe på vatn, eller hoppe mellom fjelltoppar. Ved å hjelpe pokémon som kjem med oppdrag, vil du få låse opp stadig større delar av kartet.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Pokémon Pokopia
John Carpenter's Toxic Commando
Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 12. mars
Om du er på jakt etter litt lagbasert zombieslakt, er John Carpenter's Toxic Commando spelet du har venta på. Grøssarkongen John Carpenter er har no tatt turen inn i spelverda, og har vore med på å komponere musikken sjølv. I Toxic Commando blir eit lag på fire soldatar kasta ut på diverse kart fulle av levande døde og andre heslege monster. Målet er sjølvsagt å drepe flest mogleg av desse, men ein del andre element snik seg òg inn.
Viktigast er kanskje dei ulike bilane som kan og må brukast for å frakte laget over dei store karta. Her og der vil du måtte forsvare posisjonar, reparere forsvarsverk, og stå i mot overmakta så lenge det lar seg gjere. Eit mylder av våpen er tilgjengeleg, og kvar av dei fire rolleklassane vil blie betre med bruk.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på John Carpenter's Toxic Commando
Monster Hunter Stories 3: Twisted Reflection
Plattform: PlayStation 5, Switch 2, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 13. mars
Monster Hunter er ein av Capcoms største og mest populære seriar. I over 20 år har vi fått delta på spanande eventyr der vi jaktar livsfarlege beist. Mindre kjent er Monster Hunter Stories, ein serie med tradisjonelle japanske rollespel inspirert av monsteruniverset. Monster Hunter Stories 3: Twisted Reflection er det definitivt mest ambisiøse spelet i serien så langt. Her får vi ei dramatisk historie med monster og krig som viktige ingrediensar, samt ei stor ny verd å utforske. Vi har allerie spelt dei første timane, og gler oss til å spele meir:
«Monster Hunter Stories 3: Twisted Reflection lovar godt. Det er eit langt meir modent spel enn sine forgjengarar, og vitnar om at no meiner Capcom alvor, og dei vil du skal ta dette spelet på alvor og.»
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Monster Hunter Stories 3: Twisted Reflection
Crimson Desert
Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 19. mars
Dobbelt så stort som Skyrim, og større enn Red Dead Redemption 2. Det er ord Pearl Abyss har brukt for å illustrere kor massivt deira komande rollespel Crimson Desert vil bli. I denne verda skal du få lov til å utforske i ditt eige tempo. Her får vi ikkje berre massive landområde med skogar, sletter, fjell og ørken, men store byar og tettstadar fulle av folk. Ikkje berre er det digert, spelet lovar mykje å gjere på òg.
Ikkje minst blir det mykje kamp. Her får vi eit mylder av våpen å velje mellom, og ein kan kjempe til fots eller frå ryggen på eit av mange forskjellige ridedyr. Om Crimson Desert kan klare å bli den nye rollespelkongen gjenstår å sjå, men det manglar i alle fall ikkje på ambisjonane.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Crimson Desert
Bygging, racing og eventyr
Mars byr på mykje spanande i dei fleste sjangrar. For strategen kan vi blant anna leike oss med den ferdige versjonen av beverbybyggaren Timberborn, medan dei meir mekanisk orienterte kan prøve på actionstrategispelet Machine Mind.
Meir taktikk, men kanskje av litt meir krigersk sort får vi når både kortspelet Slay the Spire II, og det Dungeons & Dragons-baserte taktikkrollespelet Solasta II går ut i Early Access.
Om du heller vil ha eit større fokus på historie ventar Life is Strange: Reunion på å ta i mot seriens fans. Høg dramatikk ser det òg ut til å bli i italienske 1348 Ex Voto, der ei tenåringsjente må banke vaksne menn med sverd.
Frå djup realisme går vi strake vegen åt kaos, med retroskyteren Starship Troopers: Ultimate Bug War!. Her blir det pikslar, enkle geometriske former, og veldig mange insekt.
Meir ro og orden blir det i det stemningsfulle plattformeventyret Planet of Lana II: Children of the Leaf. Meir sideskrolling blir det i det flunkane nye Scott Pilgrim EX, medan Never Grave: The Witch and the Curse lovar metroidvania-moro.
Screamer er eit racingspel med skyhøgt tempo der du kan bruke bilen som våpen, og realisme er byta ut til fordel for animeestetikk. Anime blir det òg når den svært populære animeserien The Seven Deadly Sins blir stort, ope og gratis rollespel.
Til stort sjokk for gamle fans kjem det eit flunkande nytt Legacy of Kain-spel denne månaden. Legacy of Kain: Ascendance er eit kjapt actionspel i 2D.
Det var derimot ikkje alt mars byr på for Legacy of Kain-fans, sidan Legacy of Kain: Defiance får remaster-utgåve.
Fleire eldre spel er på veg til nye plattformer. Death Stranding 2: On the Beach får PC-versjon, Shadow Tactics kjem til Switch 2, medan den gamle grøssarserien Fatal Frame kjem i ny drakt med Fatal Frame II Remake.
Det var alt for no. God vår, og god speling.