FEATURE: Desse spela gler vi oss til i august
Feature
(Bilde: Montasje, Gamer.no)

Desse spela gler vi oss til i august

Kuler, sverd, galskap og kaniner. Det blir ein hektisk månad.

Om du ikkje har spelt eit einaste spel i juli er det heilt greit. Det er sommar, og sjølv om den har vore våt mange stadar i landet, hardet vore svært tørt på spelfronten. Vi har fått nokre perler i form av Pyre og Final Fantasy XII: The Zodiac Age, men utover desse spela bør du nesten ha tatt ein kikk på litt eldre spel om du var på jakt etter nemneverdig underhaldning denne månaden.

Det vil seie, om du ikkje er interessert i brettspel, for Arkham Horror: The Card Game gjorde reint bord hos oss.

No er derimot sommaren nær ved å takke for seg, og med det har vi ein ny spelhaust i vente. August startar hardt i år, og vi får ei rekke svært lovande spel i eit mylder av ulike sjangrar.

LawBreakers

Plattform: PlayStation 4, Windows
Ute: 8. august

Gravitasjonskreftene er inga hindring i Law Breakers.
Gravitasjonskreftene er inga hindring i Law Breakers. Bilde: Boss Key Productions

Om du leitar febrilsk etter det neste store innan skytespelsjangeren, er det godt mogleg du finn det du leitar etter no. LawBreakers er det nye spelet frå ein av hovudmenna bak Gears of War-serien, og som vi alle veit slo den ned som eit lyn då det første spelet blei lansert i 2006.

Om LawBreakers blir like populært som Gears of War gjenstår å sjå, men skyting blir det. Spelet fokuserer utelukkande på fleirspelar der to lag spelar mot kvarandre. Spelet byr på ein haug med ulike karakterar å velje mellom, men eit av dei største trekkplastra er nok den låge graviteten som lar deg angripe fiendane dine horisontalt så vel som vertikalt.

Sjå bilete frå LawBreakers, les artiklar og finn beste pris på LawBreakers

Hellblade: Senua's Sacrifice

Senua får mykje å slite med i Hellblade.
Senua får mykje å slite med i Hellblade. Bilde: Ninja Theory

Plattform: PlayStation 4, Windows
Ute: 8. august

Hellblade: Senua's Sacrifice er eit actioneventyr frå studioet bak Heavenly Sword og DmC: Devil May Cry. Der Ninja Theory tidlegare har levert prosjekt for større selskap, er Hellblade eit indieprosjekt laga på minimalt med midlar, og med ein utviklingsprosess studioet har delt med omverda.

Vi møter den keltiske kvinna Senua som i møte med vikingar, krig og vald ikkje berre må kome seg gjennom valdelege møte med fiendar, men og dei traume slikt fører med seg. Ninja Theory har samarbeida med fleire rådgjevarar som er ekspertar på mentale lidingar, i eit forsøk på å skape meir merksem rundt eit vanskeleg tema. Om Senua's reise lærer oss noko nytt får vi snart vite.

Sjå bliete, les artiklar og finn beste pris på Hellblade: Senua's Sacrifice

Agents of Mayhem

Kul galskap er nøkkelorda i Agents of Mayhem.
Kul galskap er nøkkelorda i Agents of Mayhem. Bilde: Deep Silver

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 18. august

Saint's Row-serien starta livet som ein Grand Theft Auto-konkurrent på Xbox 360. Det tok derimot ikkje mange spela før utviklarane hos Volition gjekk frå gansterdrama til superagentar og trugslar frå det ytre rom. Humoren er eit av spelets viktigaste særpreg, og med sidespranget Agents of Mayhem ser ikkje ut til å ville skuffe. Vi likte det vi såg under E3-messa i fjor

«Det vesle eg fekk sjå av spelverda imponerte meg kraftig, og eg er veldig spent på å utforske meir av kva Seoul har å by på. Oppdraget eg fekk prøve var ganske einsformig, men skytinga fungerer godt og takka vere stor variasjon i korleis ein ynskjer å spele hadde eg det aldri keisamt.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Agents of Mayhem

Uncharted: The Lost Legacy

Nadine og Chloe er motvillige partnerar i The Lost Legacy.
Nadine og Chloe er motvillige partnerar i The Lost Legacy. Bilde: PlayStation Europe

Plattform: PlayStation 4
Ute: 23. august

Uncharted-serien er utan tvil blant Sonys største og viktigaste seriar. Historia om Nathan Drake er kanskje over, men det betyr absolutt ikkje at serien er over. I Uncharted: The Lost Legacy møter vi igjen Chloe Frazer og Nadine Ross, som har dukka opp i tidlegare spel i serien. Saman må dei prøve å stele ei svært verdifull støttann.

Utviklarane lovar at dei som elskar serien vil få nøyaktig det dei håpar på. The Lost Legacy vil ikkje endre mykje på formelen, men vil introdusere nye ting vi ikkje har sett før. I tillegg blir vi lova seriens største område så langt, og dei vil by på meir valfridom i korleis du går fram. Sjølvsagt kan du springe fram med våpenet først, men sniking er absolutt eit gyldig alternativ.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Uncharted: The Lost Legacy

Mario + Rabbids Kingdom Battle

Plattform: Nintendo Switch
Ute: 29. august

Mario + Rabbids Kingdom Battle ser ut til å bli noko heilt spesielt.
Mario + Rabbids Kingdom Battle ser ut til å bli noko heilt spesielt. Bilde: Ubisoft

Nintendo plar ikkje la eksterne utviklarar rote for mykje med kjernefigurane deira, så det bør bli passe spesielt når Ubisoft no kryssar Mario med dei elska og hata Rabbids-kaninene. Kingdom Battle blir eit fargerikt eventyr med turbaserte kampar, og vi kan vente oss mange absurde sprell til tonane frå den erfarne komponisten Grant Kirkhope. Vi likte absolutt det vi såg under årets E3-messe:

«Det mest positive eg kan seie om spelet per no, er at eg hadde null interesse då eg først høyrde rykta, medan eg no gler meg til å spele meir. Det er slett ikkje lenge til vi får spelt den endelege versjonen heller, med sleppdato allereie 29. august. Alt tyder på at dette blir nok ein sterk tittel i den allereie solide rekka spel til Nintendo Switch.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Mario + Rabbids Kingdom Battle

Mykje attåt

The Long Dark ser ut til å by på noko heilt unikt.
The Long Dark ser ut til å by på noko heilt unikt. Bilde: Hinterland Studio

Vi har ein solid, og potensielt dyr månad framfor oss. Lista med komande spel er lang, og særs variert. For dei som har smakan for gode eventyr kan august freiste med eit tilskot i Life is Strange-serien, i form av forløparen Before the Storm. Om tenåringsdrama ikkje er di greie, kan det kanskje freiste meir med superheltar når Telltale held fram sin Batman-serien.

Eventyr av den verkeleg gode og gamle sorten får PlayStation 4-eigarane når Ron Gilberts pixeleventyr Thimbleweed Park dukkar opp på den konsollen.

Fleire eventyr blir det når du må overleve i vinterkulda i The Long Dark, eller må rydde opp i problema på ein romstasjon i sci-fi-eventyret Tacoma.

Om du verkeleg ikkje kan fordra spel med alt for mykje historie, finneste det flust av alternativ. For dei med både taktiske og strategiske bein i kroppen dukkar det opp både litt av kvart i august. Cities: Skylines lanserast på PlayStation 4, medan det japansk-inspirerte spelet Shadow Tactics: Blades of the Shogun lanserast på både PlayStation 4 og Xbox One. Eit anna spel som lanserast på PlayStation 4 og Xbox One er rollespelet Pillars of Eternity: Complete Edition. Meir taktikk blir det i XCOM 2-utvidinga War of the Chosen.

StarCraft: Remastered byr på eit kjærkome gjensyn med strategiklassikaren.
StarCraft: Remastered byr på eit kjærkome gjensyn med strategiklassikaren. Bilde: Blizzard Entertainment

Vil du heller ha litt skikkeleg god, gammaldags strategi, lanserast endeleg StarCraft: Remastered denne månaden. Her har Blizzard pynta på både grafikken og musikken til den gamle klassikaren, så det er berre å glede seg.

Fleire gamle klassikarar får vi når Capcom lanserer Mega Man Legacy Collection 2.  Ein annan gammal helt dukkar opp i eit flunkande nytt spel i Sonic Mania. For eit heilt nytt spel inspirert av gamle trakter, kan vi nemne den fargerike actionplattformaren Matterfall, frå skaparane av Resogun.

Treng du utteljing av det hakket meir fysiske slaget, kan moglegvis Absolver vere noko for deg. I dette fleirspelarspelet kan du utvikle din eigen slåssestil ved å blant anna pryle andre spelarar. Enda meir slåssing blir det når Bandai Namco lanserer samplepakka Naruto Shippuden: Ultimate Ninja Storm Legacy. Her får vi eit gjensyn med heile Naruto-sagaen.

Teikneseriefigurar frå Japan blir kanskje for puslete for enkelte, og difor er det kjekt at Funcom lanserer sitt særs blodige og frafiske spel Conan Exiles på Xbox One.

Om vi tek turen tilbake til den verkelege verda, får vi servert racing i form av F1 2017, og amerikansk fotball i Madden NFL 18. Golf får vi i form av sukkersøte Everybody's Golf.

Heilt til slutt tek vi med den gamle slagaren Windjammers, som blir pussa opp for PlayStation 4 og PS Vita.

MatterFall

PS4
Slippdato: 15. august 2017
Sjanger: Action, Plattform
Utvikler: Housemarque
Utgiver: Sony Interactive Entertainment

Kommentarer (6)

Black Week

onsdag

Følg alle tilbudene på Gamer.no

Vi har oversikten over alle de beste gaming-tilbudene under hele Black Week og Black Friday.

Se alle tilbudene

Forsiden akkurat nå

Til toppen