FEATURE: Desse spela gler vi oss til i januar
Feature

Desse spela gler vi oss til i januar

2015 fyrer laus med mørke rollespel og nostalgiske gjensyn.

Der ja! Vi kom oss i mål i år også. Ikkje at desember eigentleg har vore ein hektisk månad på spelfronten. Vi satsar på du har fått rikeleg med tid til å slappe heilt av, og nyte nokre oppsparte perler frå året som har gått inni mellom all julematen.

I desember har vi ikkje fått så mykje å ta tak i, men både bilspelet The Crew, eit gammalt Pokémon-spel i ny drakt har begeistra oss. Få nye spel betyr likevel ikkje at det har mangla på godt lesestoff hos oss. Vi har hatt nokre flotte oppsummeringar av året som har gått, både gjennom kva spel vi har likt og mislikt, for ikkje å gløyme våre personlege topplister. I tillegg har vi bydd på ei oversikt over kva vi meiner var dei beste augneblinka i e-sporten.

Ved sidan av dette har vi tatt eit tilbakeblikk på Super Nintendo-perla Secret of Mana, diskutert japanske rollespel som aldri kom til Europa, og sett på bilspel som let deg nyte landevegen.

Men no er det atter ein gong på tide å sjå framover mot kva den neste månaden vil bringe.

Captain Toad Treasure Tracker

Plattform: Wii U
Ute: 2. januar

Captain Toad byr på moro for heile familien.
Captain Toad byr på moro for heile familien.

Toad er ein kjend og kjær figur frå Super Mario-universet, men sitt eige spel har han ikkje fått gleda av  å vere stjerne i. Det endrar seg med sukkersøte Captain Toad Treasure Tracker. Spelet blei laga som ein reaksjon på at spelarane likte Captain Toads sekvensar i spel som Super Mario Galaxy og Super Mario 3D World. I Treasure Tracker skal Captain Toad på skattejakt i eit spel som lovar å by meir på gåter enn fysiske utfordringar. Vi likte det vi såg då vi kika på det tidlegare i år:

«Eg trur Captain Toad Treasure Tracker kan bli eit ypparleg familiespel. Ut frå det eg fekk prøve og observere på Paris Games Week verkar spelet å vere rekna på både vaksne og born med mykje og lite erfaring med dataspel. Det er eit spel som krev at du prøvar deg fram og oppdagar kva som får omgjevnadane rundt deg til å reagere slik du vil. Tempoet er veldig lavt og vanskegrada venleg.»

Sjå bilete, les artiklar, og finn beste pris på Captain Toad Treasure Tracker

Blackguards 2

Plattform: Windows, Mac
Ute: 20. januar

Blir Blackguards 2 like bra som forgjengaren?
Blir Blackguards 2 like bra som forgjengaren?

Ei av dei mest positive overraskingane frå 2014 var det taktiske rollespelet Blackguards frå tyske Daedalic. Berre eit år seinare er dei klare med oppfølgjaren, og mykje ser ut til å ha skjedd sidan førre gong. Heltane vi kjenner frå det første spelet har sett betre dagar, men blir likevel freista ut på nye eventyr av den nye hovudpersonen Cassia.

Blackguards 2 lovar å utvide konseptet frå det første spelet. Fokuset vil framleis i all hovudsak ligge på turbaserte kampar på heksagonale nett, men vi vil no få større kontroll over figurane våre og kva som skjer i verda. To viktige nye element er korleis du kan hyre inn soldatar til å kjempe for deg. Dette kan bli svært nyttig sidan spelet no byr på eit ope kart der du sjølv kan velje kvar du skal angripe. Men ikkje gløym at fiendane kan ta tilbake område frå deg.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Blackguards 2

Grim Fandango

Plattform: PlayStation 4, PlayStation Vita, Windows, Mac, Linux
Ute: 27. januar

Grim Fandango slik det såg ut i 1998.
Grim Fandango slik det såg ut i 1998.

Grim Fandango er ein av dei verkeleg store klassikarane frå LucasArts sine dagar som ein respektert eventyrspelutviklar. I spelet møter vi Manny Cavalera som jobbar for eit reisebyrå som sender nyleg avdøde på siste reis. Den særeigne visuelle stilen er inspirert av både Film Noir og aztekaranes dødsrike. Grim Fandango var det første eventyrspelet til LucasArts i 3D.

15 år etter lanseringa har Sony slått seg saman med Grim Fandango-skapar Tim Schafers studio Double Fine for å pusse opp spelet for ein ny generasjon. Vi kan vente oss skarpare grafikk og eit kontrollsystem modifisert for å fungere godt på konsoll, såvel som på PC. Om du ikkje fekk med deg denne kultklassikaren då den først kom ut, har du ein gyllen sjanse no.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Grim Fandango

Heroes of Might & Magic III – HD Edition

Plattform: Windows, Android, iOS
Ute: 29. januar

Ein klassikar er tilbake.
Ein klassikar er tilbake.

Enda ein klassikar som vender snuten mot ein ny generasjon er smått legendariske Heroes of Might & Magic III som no kjem i HD-utgåve. Her får vi nøyaktig det spelet vi kjenner frå før, berre i hakket penare drakt, og med innebygde moglegheiter for å spele over nett. Om du ikkje har spelt spelet kan du sjå fram til djupe taktiske kampar, medan du byggjer opp eit mektig rike for å knuse all motstand på kartet. Vi hadde eit tilbakeblikk på spelet for nokre år sidan der vi slo fast at Heroes III er dei turbaserte strategispelas konge:

«Heroes of Might & Magic III skapte ei eiga verd, og den er frykteleg heimekoseleg, til tross for at den er befolka av djevlar og folk som vil deg vondt. Det er ikkje berre den taktiske utfordringa som tar deg tilbake gang på gang, men også den utrulege stemninga.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Heroes of Might & Magic III – HD Edition

Dying Light

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 30. januar

Solskin og zombier i Dying Light.
Solskin og zombier i Dying Light.

Det ser ikkje ut til at folket har fått nok av zombier heilt enno, men kanskje det er på tide med noko litt nytt? Det er i alle fall det studioet bak Dead Island-serien tenkte då dei sette i gong med Dying Light. Her får vi mengder med zombier i ei sto, opa verd, som blandar kampane frå Dead Island med frispringinga frå Mirror's Edge. Vi såg svært mykje potensiale i spelet då vi kika på det tidlegare i år:

«Dying Light er eit veldig spanande prosjekt. Ved sidan av å vise kva neste generasjon maskinvare kan få til av vakre lyseffekter, byr det også på dynamiske og flytande springe-mekanikkar. Det lovast at ein skal kunne klatre på alt ein kan nå opp til, og med smidige animasjonar, samt godt kamerabruk er dette ein sann fryd i praksis.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Dying Light

Gamle goder om att

I eventyrspelet Life Is Strange får du reise i tid.
I eventyrspelet Life Is Strange får du reise i tid.Bilde: Square Enix

Januar ser ut til å vere månaden for å hente fram igjen gode, gamle spel. Kva seier du til dømes til eit gjensyn med det første spelet i Resident Evil-serien, denne gong til dagens konsollar med oppdatert grafikk?

Eit anna spel av elder dato som dukkar opp denne månaden er Warhammer Quest. Denne utgåva av spelet er teknisk sett ikkje ei restaurering, men ei tolking av eit miniatyrbrettspel som hausta solid popularitet på tidleg 90-tal.

Av noko nyare dato finn vi Saints Row IV. Dette spelet dukkar i januar opp på Xbox One og PlayStation 4, medan den frittståande Saints Row IV-utvidinga Saint's Row: Gat out of Hell dukkar opp på eit mylder av plattformer. Om dette blir for tullete for deg, kan du heller ta ein kikk på nyversjonen av Grand Theft Auto V som lanserast på PC denne månaden.

Nokre blodferske spel blir det òg tid til i januar. Utviklarane bak Remember Me er tilbake med eventyret Life is Strange, vi får bryne oss på kjapp strategi i Interlooper, og om du er glad i piratar kan du leggje ut på tokt i rollespelet Raven's Cry.

Dette var alt for denne gong. Sjåast neste månad.

 

Kommentarer (17)

Forsiden akkurat nå

Til toppen