Sniktitt

Guitar Hero: World Tour

LEIPZIG (Gamer.no): Ein kan kanskje byrje å lure på kva vi eigentleg skal med alle desse nye versjonane av Guitar Hero. Det har blitt ei årleg greie der ei nye pakke kjem, med nye låter, blankpolerte instrument, og veldig lite anna. Nokre nye låter, javisst, men i desse dagar hadde det vel kanskje vore like greitt om du kunne laste ned det du er på jakt etter frå nett, i staden for å måtte jobbe ein heil dag for å kjøpe ei pakke med mange låter du ikkje eingong likar?

Skap din egen musikk

Vis større

Trailer: Guitar Hero: World Tour #2


Denne siste biten kjem nok ikkje til å forandre seg, men Rock Band røska litt i heile musikkspel-sjangeren. Activision og Neversoft vil gjerne røske litt meir, tek ein Rock Band, og gir deg for første gang verkeleg sjansen til å starte eit rockeband.

Tekniske vidunder

Eller kva seier du til eit trådlaust trommesett med så godt som lyddempa trommer, og cymbalar du kan justere høgda på? Kva med ein lekker gitar med forlenga «whammy»- og «strum»-bar? Hjelper det om du kan ta av nakken på gitaren for enkelt å kunne stappe den ned i sekken? Sjølvsagt hjelper det, og eg skulle gjerne haldt fram med å snakke om trådlaust og vakkert, men diverre er mikrofonen prega av ein kabel, noko som ikkje heilt gir meining. Vi lar det likevel gå, siden den er lang. Om du vil kan du surre deg fast i den som ei ekte rockestjerne, berre hugs å ta stygge bilete av seansen slik at venene dine har noko å le av på Facebook.

Det første du bør gjere i Guitar Hero: World Tour, er å tenkje litt på korleis du vil presentere deg. Du er trass alt ei rockestjerne som skal på verdsturné, og då fungerer det berre ikkje med ei slitt joggebukse og ein dårleg dag hos frisøren. Difor kan du no lage din eigen figur i spelet. Etter ein demonstrasjon av dette verktyet, kan eg konstatere at det definitivt er bra, men ikkje fantastisk. Du kan velje kjønn, klede og forskjelleg dill dall, men det ser ut til at det er lett å ende opp med noko som ser forferdeleg ut. Folka du skulle lage held likevel på stilen dei andre figurane i serien har hatt, og det skal godt gjerast om du ikkje greier å lage noko du er fornøgd med.

Ozzy Osbourne er på plass.
Ozzy Osbourne er på plass.

Spelet inneheld sjølvsagt nokre kjendisar òg, sidan dette har blitt så populært, og no kjem Ozzy, Zack Wylde (gitaristen til Ozzy) og Jimi Hendrix. Mykje å glede seg til altså.

For komponisten i deg

Det er ein ting som kjem til å heve dette spelet ganske bastant over konkurrenten Rock Band. I ein genistrek frå utviklarane kan du no skru saman dine eigne låter, og du kan enkelt gjere det berre ved å bruke gitaren. Du kjem inn i eit enkelt program der du kan spele inn låter medan du ser den kjende gitarhalsen vise korleis det vil sjå ut. Du kan velje toneskala når du vil, og du kan kjapt og enkelt spele inn forskjellege låtmønster du seinare kan flette saman til fullstendige låter.

Du kan spele inn alle typar instrument med gitaren, om det skulle vere synthar, trommer, eller gitaren du trass alt sit med på fanget. Om du trur lyden kjem til å bli dårleg, vil du nok å bli ganske forbløffa. Activision har samarbeida med Line 6, ein kjend produsent av diverse gitarutstyr, der Pod-serien nok er best kjend. For å gi ein liten peikepinn på kva vi har i vente, er Pod ein effektboks med ei enorm mengde simulerte kabinett og effektpedalar. Om det vi har i vente kjem på nivå med Pod, er det berre den endelege miksen som set grensene for korleis det kan høyrest ut.

I tillegg til solide gitarprestasjonar, vil du kunne spele inn trommene med trommesettet, i sanntid. Du trykkjer på opptak, og dundrar i veg. Enda betre er det at trommesettet er trykksensitivt, noko som let deg veksle mellom sterke og svake slag. Dette vil få mykje å seie for dynamikken i trommene, men det får i tillegg innverknad på cymbalane, sidan dei har temmeleg forskjelleg lyd alt etter korleis du slår.

Det einaste som eigentleg manglar er sjansen til å kunne spele inn eigen vokal. Det er ein ganske store nedtur at dette ikkje er med, men forhåpentlegvis kjem dette til å dukke opp ein gong i framtida.

Klart for nedmiks

Når du endeleg har skrive ferdig meisterverket må du sjølvsagt mikse låta òg. Guitar Hero: World Tour byr på ein sequencer som vil gi deg, i følgje utviklarane, mange av dei same verktya som eit program som til dømes Cubase. Det er sjølvsagt langt frå like kraftige, men om ein skal tolke utviklarane riktig, vil du kunne omarrangere på partia du har spelt inn, samt flytte på tonar som kanskje skulle vere feil plassert, eller i feil skala. Du vil i tillegg kunne bruke til dømes ein equalizer for å finpusse lyden.

Det høyrest nesten for bra ut til å vere sant, men det er sant, og for alle hobbymusikarar der ute, kan dette bli ein heilt ny stad å vise fram musikken sin. I staden for å berre herje på Myspace slik eg gjer, kan du no leggje ut låtene dine blant folk som kan stemme på dei, og spele dei sjølv. Om du skulle ha ei lita fanskare, kan det jo i tillegg vere moro for dei å kunne spele låtene til det vesle og ukjende favorittbandet sitt.

Det kjem nok til å kome mykje bra ut av dette omfattande verktyet, og eg ventar i spaning på alle dei første versjonane av Halo-temaet, Mario-temaet, og kampmusikken i Final Fantasy. Det er praktisk talt umogleg at dette ikkje blir ein jungel av spelmusikk i Guitar Hero-format. Noko som blir like spanande er korleis Activision har planlagt å handtere alle dei brota på opphavsretten dette vil medføre.

Skulle du ikkje bry deg om å lage eigen musikk, byr spelet på 85 originalopptak frå forskjellige band, og du kan vere sikker på at enda fleire blir tilgjengelege for nedlasting.

Konklusjon

Guitar Hero: World Tour byr på alt det du fekk i Rock Band, og mykje meir. Du får eit spel med solide og gjennomtenkte instrument, og eit stort låtutval som burde innehalde noko for dei fleste. Sidan det no har blitt vanleg å kunne laste ned sin eigen musikk, er det opplagt at du vil finne noko du likar etter kvart, sjølv om startpakka ikkje skulle ha det du er på jakt etter, trass sine 85 spor.

Det beste er utan tvil at du kan lage eigne låter. Ikkje berre er det moro å lage musikk, men no kan du enkelt få den ut til folk, og kanskje er det akkurat du som endar opp med å lage ei kul låt som er fantastisk moro å spele. Verdsturneen er snart over oss. Rydd rom framfor TV-en, du kjem til å trenge det.

Kommentarer (16)

Forsiden akkurat nå

Til toppen