Anmeldelse Spore Hero

Sjarmerande smerte

Om du elskar ting som ikkje fungerer, er Spore Hero spelet for deg.

Det ligg nok ikkje veldig mykje hard tenking bak Spore Hero. I dette avkommet frå det altomfattande og kreative PC-strategispelet Spore frå Maxis, er alt tona ned til å gjelde berre ein skapning. I staden for å leie ein heil sivilisasjon frå fosterstadiet til totalt herredøme over den eine galaksen etter den andre, handlar det om deg. Ein liten knott som endrar form oftare enn Paris Hilton kjøper nye sko. Du er ein liten helt i ei sånn passe stor verd, og dette byr på enormt mykje potensiale for å skape eit eventyrspel litt utanom det vanlege.

Du susar mot jorda i ein blå krystall, ein farge som sjølvsagt symboliserer at du er den snille i dette eventyret. Ein farge som symboliserer kongeleg blod og fagre mål. Dei stygge beista som raskt blir dine rivalar, kjem sjølvsagt i raude krystallar. Der desse fell, endar det alltid opp med trøbbel, ofte i form av skapningar som tek til å danse. Fysjom. Krystallen din landar sjølvsagt blant venlegsinna skapningar som ikkje på nokon måte viser uro over dette objektet frå rommet. Dei finn deg som eit lite egg, og kjapt startar du din eksistens. Du byrjar som ein ball med bein, før du sakte, men sikkert utviklar deg til å bli det du måtte ynskje.

Evolusjonsteori

Det einaste som eigentleg står igjen frå originalversjonen på PC, er ein litt nedtona versjon av verktya for å lage din eigen skapning. Dette får du tilgang på kvar gong du går til eit av dei mange reira du finn rundt omkring i verda. Etter kvart som du utforskar dei varierte og fargerike områda, og løyser oppdrag, får du nye kroppsdelar å pynte deg med, eller for å oppgradere eigenskapane dine. Slike ting kostar sjølvsagt ressursar i form av blå krystallfragment, og med dette har du ein motivasjon for å faktisk gjere noko.

Å byggje figuren din er definitivt det mest morosame med heile spelet, sjølv om Wii-versjonen manglar noko veldig viktig som PC-versjonen hadde. Du står ikkje lenger fri til å manipulere kroppsfasongen etter dine eigne ynskje . Du kan velje kroppsform, men berre frå eit bestemt utval. Dei formene du får tilgang på kan verken roterast eller justerast i storleik, og dette er noko som legg eit veldig stort tak på kva du kan lage.

Du kan ikkje lage eit dyr med stort hovud, lang hals, stor kropp, og hale. Du kan ikkje lage eit dyr som berre er ein slange med bein, og du kan ikkje lage noko som minnar om eit menneske. Dei formene du får leike deg med, er generelt sett temmeleg svake, og har til dømes ikkje noko definert hovud, noko som ofte gjer det vanskeleg å lage noko som faktisk ser ut som eit hovud. I staden endar vi opp med ein stump ende med malplasserte auge og munn. Like ille er det at du aldri får noko storleiksforhold på skapningen din. Sjølv om du lagar noko som ser ut som eit stort beist medan du lagar det, endar det alltid opp som eit lite barn når du spring rundt i verda.

Dette er likevel overkommeleg, og det er mykje moro å finne i å skru saman den eine merkelege skapningen etter den andre. Du kan rotere og justere som du vil på alle kroppsdelar, og dette gir deg mange måtar å skape heilt nye figurar på.

Nødvendige endringar

Du skal ikkje sjå vekk frå at du endar opp med å lage noko du verkeleg er stolt over, men dette varer sjeldan lenge. Spore Hero er eit eventyrspel der du må utforske forskjellige område, hjelpe andre skapningar med forskjellige problem, og gå i kamp med jamne mellomrom. Som regel vil kvar nye utfordring krevje at helten du har bygd har ein spesiell eigenskap. Dette medfører naturleg nok at du blir nøydt til å gjere endringar. Du må gjerne fjerne ting du likte, for å gjere rom for ein ny eigenskap, og med det går den fantastiske kreasjonen din ned i gløymeboka.

Irritasjonen over dette blir berre større når du først innser kva du må gjere for å kome deg vidare i spelet. Du må i kamp ganske regelmessig, men kampsystemet er direkte horribelt. Du må syngje mot syngjeglade vesen ved å vippe på Wiimoten, og du må danse ved å riste på begge kontrollarane. Det heile er så døvt og keisamt at ein lett blir amper. Kontrollane er upresise, og ofte må ein gjere ting om igjen av den grunn, noko som kan få raseriet til å trenge på berre fordi du må gjere desse tåpelege tinga ein gong til.

Sjølv om så godt som alle ting du må gjere er dårleg gjennomført, er det kampane som er verst. Du hamnar i ein ring der du med ei lang rekke forskjellige kombinasjonar av trykking og risting skal overkome ein fiende. Det heile er forferdeleg upresist, og det er ofte rein flaks som avgjer om du får det til eller ikkje. Går det bra, kan du buse på med det same angrepet om igjen utan å miste noko helse, medan du i andre situasjonar endar opp med å bli fullstendig grusa av ein pusling, berre fordi han av ein eller anna grunn ser ut til å vite kva angrep du skal utføre før du veit det sjølv.

Du vakre verd

Spore Hero er eit veldig sjarmerande spel. Grafikken er gjennomført, og viser oss ei fargerik verd som aldri blir for detaljert. Noko som er ganske positivt sidan mange små detaljar ikkje nødvendigvis ser bra ut om du køyrer Wii på ein HDTV. I staden får vi store og runde former, sterke fargar, og det heile vitnar om at utviklarane veit godt kvar styrkane til Wii ligg.

Verda er full av søte område der mange forskjellige skapningar spradar rundt og er klare til å slå av ein kort prat. Så lenge du slepp å verkeleg gjere ein fysisk innsats, som når du må i kamp, er spelet ganske triveleg. Du spring frå den eine staden til den andre, og du held deg ikkje lenge i eitt område av gangen. Dei forskjellige eigenskapane nye kroppsdelar låser opp, sørgjer samtidig for at du stort sett har noko nytt å prøve ut. Etter kvart som du spelar, vil dei lære deg å svømme, fly, og å angripe på forskjellige måtar.

Etter kvart vil du finne fleire hundre av desse kroppsdelane, men diverre er dei fleste heilt ubrukelege. Alle delar du får tak i, er rangerte med stjerner etter kor gode dei er, og om du finn ei hand som ser tøff ut, droppar du den stort sett sidan du allereie har noko som er betre. Det er absolutt ingen motivasjon for å bruke noko anna enn dei beste kroppsdelane, og dette gjer eit i utgangspunktet stort utval veldig snevert.

Utover utforskinga har Spore Hero lite talande for seg. Spelet har for stor fokus på det som ikkje fungerer, og for liten fokus på det som engasjerer. Om kampane hadde vore forenkla, eller kanskje til og med droppa fullstendig, kunne Spore Hero raskt ha blitt meir interessant, sjølv om heile poenget med å lage ein helt sannsynlegvis hadde forsvunne samtidig.

Øyreverk

Dette er definitivt ikkje eit spel laga for folk oppe i åra, og det merkar ein godt på lyden. Det er godt mogleg ungar synest det er hysterisk morosamt med alle dei forferdelege stemmene du kjem til å høyre i dette spelet, men for min del er det rein tortur. Spesielt dei horrible syngjesekvensane får det til å gå kaldt nedover ryggen. Nokre område er i tillegg plaga av at syngjande tullingar sørgjer for ein langvarig tinnitus.

Lyden elles er mykje betre. Musikken er koseleg og triveleg, og set ei god stemning for spelet. Det er lett og lystig, og passar glimrande saman med den fargerike grafikken. Det same kan seiast om lydeffektane som gjer ein god jobb i å få den fargerike verda til live.

Konklusjon

Spore Hero er eit spel som eigentleg er veldig unødvendig. Det er klart dette er eit barnespel, men det fungerer ikkje eingong på dei premissane. For vaksne blir det for keisamt og irriterande, og for dei små vil det raskt blir for vanskeleg. Når du har eit dårleg kontrollsystem som vil gjere mange kampar til ei utfordring til og med for rutinerte spelarar, kan ein ikkje forvente at små barnehender utan erfaring skal klare seg stort betre.

Spelet er sjarmerande og kan engasjere i små doser, men det skal veldig lite til før du blir lei. Å lage dine eigne skapningar er absolutt underhaldande, og kan nok halde kreative sjeler gåande ei tid, men til og med dette blir gammalt etter ei stund. Har du først lagt det frå deg ein gong, kjem du nok aldri til å plukke det opp igjen. Trass ein og anna god kvalitet, er det rett og slett ikkje nok til motivere deg til å halde fram.

Vurdering


Spore Hero Wii Wii 3/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 8. oktober 2009
  • Plattform: Nintendo Wii
  • Utgiver: Electronic Arts
  • Utvikler: Maxis

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen