(Bilde: Blizzard Entertainment)

Ei verdig avslutning

Blankpolert strategihygge.

Etter fem år er vi endeleg i mål. StarCraft II: Wings of Liberty blei etter lang ventetid lansert i 2010, og let oss spele som menneskerasen Terran. Tre år seinare fekk vi spele som kosedyra Zerg i Heart of the Swarm, før vi no i år får avslutte sagaen i rolla som den høgteknologiske Protoss-rasen.

Gjennom tre spel har vi fått servert ei pompøs og storslagen historie som eg, etter å ha runda StarCraft II: Legacy of the Void, med handa på hjarte kan seie eg godt kunne klart meg utan.

Ikkje misforstå, StarCraft II-trilogien byr på svært gode spel og mykje moro for penga, men dei hadde vore så mykje betre om Blizzard berre hadde droppa denne hovne, svulstige og sjølvhøgtidlege historia så blotta for humor og sjølvironi at ein kan krype opp i fosterstilling av mindre.

Om berre orda deira var like kule som hjelmane.
Om berre orda deira var like kule som hjelmane. Bilde: Blizzard Entertainment

Eg likar StarCraft. Det har eg gjort sidan starten. Eg har spelt StarCraft på nett i mange år, og eg har alltid hatt sansen for Blizzards sci-fi-univers. Men der originale StarCraft var ein kul romwestern med twang-gitar og figurar større enn livet sjølv, er StarCraft II: Legacy of the Void så pompøst og usjarmerande at eg ikkje eit sekund tvilar på at eg på få minutt skal kunne finne fanfiction som er langt betre.

Historia i StarCraft II: Legacy of the Void kan kort og godt oppsummerast slik: Ære, tru, venskap, ære, samhald, tru, ære, ære og meir ære, og lat oss leggje til nokre flåsete framandord berre for å verke intellektuelle.

Spelet byr på alt for mykje tomt prat som tener inga nytte. Du er heldigvis ikkje nøydd til å få med deg alt av dette, og det skal du vere glad for. Storparten av all dialog du kan sløve deg gjennom mellom oppdraga er udefinerbart vrøvl frå det som skal vere ein høgareståande, vis og reflektert rase. Likevel maktar Protoss å framstå som ein gjeng naive småtroll som nett har funne pappas gamle plastromskip på roteloftet.

Alt eg eigentleg sit igjen med av historia er at vi vann, fordi vi stod saman.

StarCraft II: Legacy of the Void.
Det er ikkje berre Terran, Zerg og Protoss som by på utfordringar i Legacy of the Void. Bilde: Blizzard Entertainment

Tei stilt, og spel

Sjølv om historia er noko eg glatt slettar frå minnet, er oppdraga noko heilt anna. StarCraft II: Legacy of the Void-kampanjen er lang, og byr på store mengder variasjon som let deg lære Protoss-rasen både inn og ut. Variasjonen i oppdraga er svært god, og du får alt frå typiske scenario der du skal byggje base og knuse alt du finn, til oppdrag der du skal forsvare ein base, eller berre sende nokre få soldatar ut på tokt.

Dei fleste oppdrag er designa for å lære deg å bruke ein spesiell krigartype, og ikkje minst ulike eigenskapar, men du er ikkje så låst til enkelte krigarar at du ikkje samtidig får utvide framgangsmåten din med andre triks. Som i dei tidlegare spela i serien vil du òg få oppgradere kvar krigar for å spesialisere han i ulike retningar. Desse kan du byte om på som du sjølv vil, noko som gjev stort rom for å eksperimentere.

Ei lyssfontene frå rommet kjemp alltid godt med.
Ei lyssfontene frå rommet kjemp alltid godt med. Bilde: Blizzard Entertainment

Det er nesten litt synd at desse oppgraderingane ikkje er å finne i fleirspelarmodusen, for uansett korleis du skulle velje å spesialisere ein krigar, er resultatet så godt som alltid artigare å spele med enn den grunnfiguren vi får leike oss med i einspelar. Nøkkelordet her er nok balanse, men av og til hadde det vore fint om slike ting ikkje eksisterte.

Eit anna kult element i kampanjen er skipet hovudpersonane siglar gjennom galaksen med. Dette får ei svært viktig rolle i spelet, sidan du kan bruke det til å automatisk samle gassressursen, eller plassere ned pylons raskt og gratis slik at du kjapt kan utvide til nye område. Eventuelt kan du hente inn mektige våpen, eller skaffe degg passive bonusar.

Den verkelege innmaten

Eg skal ikkje påstå eg er ein særs god StarCraft-spelar, noko som på sett og vis er ganske flaut sidan eg har spelt Blizzards-strategispel så og seie kontinuerleg sidan eg oppdaga Warcraft-universet på midten av 90-talet. Nei, til det tapar eg for ofte. Eg er god nok til å vinne nokre sleipe sigrar her og der, men dårleg nok til å tape omlag like mange.

Ei stille stund på moderskipet Spear of Adun.
Ei stille stund på moderskipet Spear of Adun. Bilde: Blizzard Entertainment

Likevel, eg fekk ein tøff start då eg etter smerteleg lang tid endeleg var ferdig med StarCraft II-historia. Mine første kampar over Battle.net blei ei tøff påkjenning som gjorde det veldig tydeleg at dette ikkje var det same StarCraft-spelet eg spelte i fjor.

Det kan sjølvsagt vere mitt mellombelse fråvær, men historia sluttar ikkje der. Blizzard har gjort nokre små, men dramatiske endringar som får enorme utslag når ein først skal prøve seg mot andre spelarar.

Faster pussycat

Før i tida starta du ein StarCraft II-kamp med seks arbeidarar for å kome i gong med å sanke ressursar. Dette gav kvar kamp ein noko treg start der du fekk tid til å speide kartet, samt byggje nokre bygningar og krigarar i tur og orden før ting braka laus. I StarCraft II: Legacy of the Void startar du med tolv arbeidarar. Ressursane ramlar inn i eit langt høgre tempo, og ikkje uventa blir du angripen mykje raskare òg.

Konsekvensen er eit mykje høgre tempo, uavhengig av ferdigheitsnivå, noko som kan tvinge deg til å fullstendig revurdere dine tidlegare strategiar. I tillegg finn vi no langt mindre ressursar ved kvart basepunkt, og dette tvingar deg til å byggje nye basar mykje tidlegare. Er du ikkje rask med dette, står du brått utan inntekt, og i stor fare for å møte din ende tidleg.

Mange vil nok takle denne omstillinga svært greit, men for andre kan den by på problem. For meg betydde det nokre tunge nederlag før eg fekk taket på ting, og klatra meg oppover igjen.

StarCraft II: Legacy of the Void.
Nokre gongar må det tung skyts til.

Sjølv om desse ressursendringane får store utslag på kampane, er det naturlegvis ikkje berre her Blizzard har skrudd på spelet sitt. Kvar av dei tre rasane i StarCraft-universet har fått to nye krigarar som tilfører spelet både glede og frustrasjon avhengig av kven som brukar dei, men òg dramatiske endringar på tidlegare krigarar.

Min kjære Zerg Swarm Host gav meg til dømes hovudbry der den ikkje lenger spyttar ut illsinte små kryp automatisk, men eg i staden manuelt måtte sende dei av garde. I tillegg har fleire soldatar over heile fjøla blitt endra, der nokre er sterkare, medan andre har blitt svakare.

Alt ligg i balansens gode ånd sjølvsagt. Der eg i starten vær nær sint for at mine tidlegare strategiar ikkje var like effektive, har eg over tid funne nye og betre strategiar, og blitt ein betre spelar i prosessen.

StarCraft II er eit spel som er i stadig endring, og det er ikkje mykje tvil om at dei endringane som har blitt gjort over åra har gjort spelet betre. Spelet er fullt av herlege kart å spele på, og ulike kart krev heilt ulike strategiar.

Hydralisk på grillen er ein favoritt i heimen.
Hydralisk på grillen er ein favoritt i heimen. Bilde: Blizzard Entertainment

Ny samarbeidsmodus

StarCraft II: Legacy of the Void byr på ein heilt ny samarbeidsmodus for to spelarar der ein skal spele mot maskina. Her får kvar spelar velje ein av seks heltar. Kvar av dei byr på ulike eigenskapar og let deg berre bruke eit utval av den totale samlinga av krigarar. Nokre heltar kan du ta med deg i kampen og styre sjølv, medan andre held seg unna kamp, og heller byr på strategiske krefter.

Denne modusen har gjeve meg mykje moro så langt, men eg merkar at levetida sannsynlegvis har nådd slutten. Den byr på for få kart, og dei ulike scenarioa du får bryne deg på går stort sett ut på det same. Anten skal du stoppe nokon frå å kome seg frå A til B, eller så skal du øydeleggje bygningar eller kraftige fiendar. Det er svært underhaldande i starten, men modusen blir seg sjølv lik svært raskt, og ein merkar fort kor einsformig den er. Kvart kart er heilt likt kvar gong, og har du først spelt det ein gong, veit du nøyaktig kva du har i vente den neste. Det einaste som endrar seg er helten din, som låser opp nye eigenskapar etter kvart som du sankar inn erfaringspoeng.

Om Blizzard fyller på med nokre nye kart og nye utfordringar, kan denne modusen derimot bli ein solid og artig del av StarCraft II-pakka.

Han ser tøffare ut enn han er.
Han ser tøffare ut enn han er. Bilde: Blizzard Entertainment

Ved sidan av samarbeidsmodusen finn vi Archon Mode, som strengt tatt òg er ein samarbeidsmodus. Forskjellen mellom Archon Mode og vanleg samarbeidsmodus er at du i Archon Mode samarbeider med ein spelar om å styre den same basen. På denne måten kan ein spelar til dømes ta føre seg ressursar og basebygging, medan ein anna står for krigføringa. Den byr på ei artig fråkopling, og den kan vere ein god måte å lære opp nye spelarar på, men for erfarne spelarar er appellen litt vanskeleg å sjå.

Sidan Archon Mode berre kan spelast med nokon du allereie er i gruppe med, fekk eg ikkje testa denne like mykje som resten av spelet. Det eg sit igjen med som sterkaste inntrykk er derimot at eg likar best å ha full kontroll sjølv. Det betyr likevel ikkje at Archon Mode har sin verdi. Modusen opnar opp for heilt nye måtar å spele på sidan kvar spelar til dømes kan ta styring over ulike soldatgrupper for å gjere slagplanen hakket meir kynisk.

Konklusjon

StarCraft II: Legacy of the Void er eit spel for dei som vil spele mot andre over nett. Det er det ingen tvil om. Sjølv om kampanjen byr på mange timar med svært gjennomtenkte utfordringar, er historia ei tannlaus deig som ikkje oppnår stort meir enn å forske på kor raskt du kan klikke deg gjennom dialogane. Det er synd, for den verkelege innmaten er svært solid, og byr på nydeleg valfridom i korleis du skal byggje opp hæren din.

På nett er opplevinga like solid og utfordrande som alltid. Blizzard har gjort nokre endringar som får svært mykje å seie for tempoet, og du vil bli nøydd til å teste ut nye strategiar for å kunne hengje med. Det meste er likevel ved det gamle, og om alt du vil ha er ei solid fleirspelaroppleving, stiller eg meg noko tvilande til om spelet er verdt inngangsbilletten berre for å få nokre balanseendringar og nye krigarar å leike med.

Slike tankar til side; StarCraft II: Legacy of the Void er eit knakande godt spel som demonstrerer at den gode, gamle sanntidsstrategisjangeren framleis har livets rett.

Om du likar StarCraft II: Legacy of the Void, bør du òg sjekke ut StarCraft II: Wings of Liberty og StarCraft II: Heart of the Swarm.

Vurdering


"StarCraft II: Legacy of the Void er eit spel for dei som vil spele mot andre over nett."

StarCraft II: Legacy of the Void Windows

StarCraft II: Legacy of the Void Mac

StarCraft II: Legacy of the Void Windows Windows 8/10 Mac

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 10. november 2015
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Blizzard Entertainment
  • Utvikler: Blizzard Entertainment

Beste priser

Nedlasting 213,- Til butikk
Ikke på lager 239,- Til butikk
På leverandørlager 329,- Til butikk
På lager 348,- Til butikk

StarCraft II: Legacy of the Void Mac Mac Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 10. november 2015
  • Plattform: Mac
  • Utgiver: Blizzard Entertainment
  • Utvikler: Blizzard Entertainment

Beste priser

Ikke på lager 348,- Til butikk
På lager 349,- Til butikk

Kommentarer (40)

Forsiden akkurat nå

Til toppen