Blogg

Reisebrev: GDC, dag 1

Første dag er over. Vi har fått i oss mat.

Kjære landsmenn.

Eg håpar de set pris på kulda som framleis herjar vårt langstrakte land medan vi her i dei forente statar slikkar sol og tek inn ein mild bris. Eg kan informere om at det no er heile tre dagar sidan sist eg hadde på meg eit tjukkare plagg, og dei vande parabootsa eg dyttar føta nedi om vinteren har blitt byta ut med lettare tøysko.

Det er godt, og det er slik det skal vere, og eg er veldig glad for å vere her, og ikkje... vel, der.

Vi er altså på dag ein, og svært lite jordomveltande har skjedd. Det eg har lagt mest merke til i dag er to ting:

Mat, Audun, Magnum.
Mat, Audun, Magnum.

Audun brukar ti bitt på å grave seg like langt inn i eit stykke mat som eg kjem meg med berre eitt, ...og hattar. «Hattar?» spør du meg kanskje i påvente av eit svar. Vel, det er mange rare hattar på GDC i år. Eg la først merke til dette der eg såg ei langbeint frøken med sjørøvarhatt. Kort tid etter, to booth babe-liknande skapningar på eit gatehjørne som hadde kvite fuskepelshattar med påsydde øyre. Deretter opptil fleire personar med enorme flosshattar. Det balla på seg med eit kurant utval cowboyhattar før det heile toppa seg med hippiedudens sixpence. Ikkje at sixpencen var spesielt fascinerande, men det er første gong eg har sett ein rufsete og uflidd hippie med rosa leppestift, og eg er glad eg fekk det med meg medan eg framleis er i live.

Eg har i samarbeid med kollega Audun utvikla ein teori:

Tidlegare har fedoraen vore ein slager på messer som denne, men etter at Notch på sett og vis har lagt ned monopol på dette klesplagget, har folket sett seg rundt etter andre alternativ. Vi ynskjer dei betre lukke neste år.

Gratis messemat.
Gratis messemat.

Diverre har eg ingen bilete av alle desse flotte hattane, men det er slikt ein gjerne ser i forbifarten, og då rekk ein knapt tenkje over kva ein har sett før det er hakket for seint til å fange eit bilete utan å framstå ein ein noko ustabil pervo. For å seie det enkelt, om du likar å «people watche» er GDC himmel på jord.

Tilbake til Audun.

Aldri i mine år har eg møtt nokon som tek seg slik god tid med maten. Ingenting vondt om det, men der eg er ferdig med burgeren min og fries, er han knapt komen halvvegs gjennom burgeren.

Nok om Audun.

Det er her det skjer

I dag har både eg og Audun møtt folk. Ein skulle ikkje tru det med tanke på all den maten vi et (og all den tid Audun ubevisst tvingar oss til å bruke på den), men vi har fått det til.

Det du treng ein sein kveld du prøvar å konsentrere deg.
Det du treng ein sein kveld du prøvar å konsentrere deg.

Eg er derimot litt uroleg. Eg har møtt tre av våre felles landsmenn opp til fleire gongar i dag. Eg trur dei er ein litt luguber utviklargjeng betre kjende som Krillbite, men eg er stygt redd for at dei her på GDC får langt meir glede av å rope «Gamer» kvar gong dei ser meg, enn å gjere noko fornuftig. Eg byrjar å lure på om dei er ute etter meg, for kvar eg enn går dukkar denne gjengen opp. Det kan vere på messeområdet, i ein butikk, eller på gata. Det er strengt tatt ganske urovekkjande, og at dei smiler så mykje kvar gong gjer meg berre enda meir mistenksam.

Sjølvsagt kan det vere at mine tankar rundt fenomenet Krillbite stammar av at eg, som i fjor, går gjennom ein noko intens jetlag akkurat no. Eg vil tru mangelen på god søvn under rette forhold kan nære opp under ein viss paranoia. Det hjelper heller ikkje at ein mann i flosshatt (kva er det med desse hattane?) har stått på gata nedanfor hotellet og blese i ei fløyte i gudane veit kor lang tid. Eg trur det er jobben hans. Ikkje at det gjer saka betre.

Nei, på tide å få gjort noko fornuftig før søvnen tek meg.

Øystein ut.

Kommentarer (11)

Forsiden akkurat nå

Til toppen