Sniktitt

Cold Winter

Swordfish Studios har sett seg lei på ein ting: Åtti prosent av spela som blir kjøpt, blir ikkje runda. Er ikkje det eit skummelt tal? Jo, det er eit groteskt skummelt tal. Det betyr at dei kundane som kjøpte dei åtti prosenta med spel ikkje var fornøgde kundar, og slik kan vi ikkje ha det. Swordfish har sett nøye på kva som er grunnen til dette, og har kome fram til ei rekke ting. Aldri straff spelaren for noko han ikkje har kontroll over! Du kan ikkje vite at det ligg eit beist bak neste hjørne, og derfor er det ikkje din feil at du ikkje har nok ammunisjon til å hamle opp med situasjonen. Samtidig skal du aldri måtte slite med kontrollar du ikkje likar, eller dum og forutsigbar kunstig intelligens som aldri byr på ei utfordring.

Inverted look, kva tenker du då? Blir du forbanna, eller blir du berre oppgitt over alle dei som ikkje forstår at det er slik det skal vere? Har du nokon gong måtte gå inn på ein meny for å stille det inn slik du vil ha det? Cold Winter kastar denne problematikken ut vindauget og skyt den til filler som ei leirdue. Den aller første sekvensen du har kontroll over sjølv ber deg om å sjå på lyset, du ser opp, og med det har spelet konfigurert seg etter kva veg du bevegde stikka. Verre er det altså ikkje, og det blir faktisk betre.

Brukarvenleg og lettfatteleg
Swordfish Studios er ikkje redde for å hente inspirasjon frå andre spel. I staden for å føye seg inn i rekka med snåle kontrolloppsett vi finn på konsollar, veljer Swordfish heller å lene seg til noko dei veit fungerar; Halo. Det er få skytespel på konsoll som i det heile tatt rekk Halo til hofta, og ein del av grunnen til det er at det er enkelt og tilgjengeleg. Dette har Swordfish tatt lærdom av, og du kan til dømes helbrede deg sjølv fullt ut når som helst. Kvifor ikkje? Samtidig vil spelet automatisk lagre for deg før og etter kampar. Kven gidd vel uansett å slite med dei same kampane om igjen? Kven vil springe i førti minutt for å finne ut at ein må starte på nytt enda ein gong?

No som vi er ferdige med kontrollar og helbreding er det på tide å bevege seg over på det det heile dreiar seg om. Cold Winter byr på ein sofistikert kunstig intelligens. Den tilpassar seg dine handlingar, noko vi fekk eit godt eksempel på. Om du til dømes møter på nokre fiendar, vil dei kanskje gøyme seg bak kassane. Dei ser deg i god tid, og har allereie forskansa seg. Om du skyt vekk kassane, vil dei springe etter andre former for beskyttelse. Forskjellen mellom Cold Winter og andre skytespel, er at absolutt ingenting er ferdig scripta på førehand. Alle handlingane til fiendane dine blir utført av deira kunstige intelligens, og korleis dei ser an situasjonen. Dette opnar eit enormt potensiale for gjenspeling. Eit møte med fienden kan variere enormt avhengig av handlingsmønsteret ditt.

Interaktive miljø
Om fienden gjer livet surt for deg kan du bruke det meste du finn rundt deg til å gøyme deg bak. Du kan velte bord, flytte kassar, eller dytte ei vogn foran deg medan du bevegar deg mot fienden. Om vi skal tru Sowrdfish Studios er absolutt alt i spelet interaktivt. Ser du eit stilas kan du velte det ned, gjerne over uvitne fiendar. Som du kanskje skjønar byr Cold Winter på ein imponerande fysikkmotor der du tilsynelatande kan gjere kva du vil. Du kan til og med flytte lik ved å skyte på dei, og dei rullar realistisk bortover bakken medan kroppsdelar etter kvart blir øydelagde. Om du vil kan du også sjekke dei døde kroppane etter beskyttelse. Om det er noko å samle på, kjem an på kor mange kuler du planta i offeret ditt, sidan beskyttelsen kan bli øydelagd.

Sjølv om det er ei enormt interaktiv verd Cold Winter byr på, er det ikkje alt du kan skyte i filler. Hengelåsar er eit godt eksempel på dette, og det er ei avgjerd som blei gjort bevisst for å ikkje gjere ting for enkelt. Skal du opne ei låst kiste må du sannsynlegvis leike McGuyver ei lita stund. Finn ei tang og litt ståltrå, og du kan lage dine eigne dirkar. Finn ei flaske, bensin, og ein tøyklut, og du har eit eksplosivt våpen å kaste mot fienden. Alt dette gjer du via menyane der du kan setje saman gjenstandar for å skape nye ting. Akkurat korleis dette vil fungere i lengda er det for tidleg for oss å seie noko om, men det lovar svært bra.

Konklusjon
Dette ser absolutt imponerandes ut, og du bør alvorleg talt halde auga oppe for dette spelet som kan bli eit av vårens, og kanskje årets viktigaste spel. Swordfish Studios har ein del banebrytande idèar på lager, og det skulle i det minste ikkje forbause meg om dei treff blink. Det vesle vi fekk spele sjølv, i staden får å sjå på, var nok til at det gav meirsmak. Kontrollane er behagelege, den kunstige intelligensen såg ut til å fungere svært bra, og historia verkar ganske interessant. Om Cold Winter kan ta opp kampen med Halo gjenstår å sjå, men vi ventar i spaning, og vil kome med full omtale nærmare lansering som er 20. mai.

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen