Overwatch får nytt kart

Eichenwalde vist fram på Gamescom.

Mange spanande spelnyheiter har kome fra spelmessa Gamescom i år, og ein av dei omhandlar eit nytt kart til skytespelet Overwatch. Etter at Jeff Kaplan fortalde om dei store endringane som kjem i den neste sesongen, får me no enno meir i form av kartet Eichenwalde.

Kartet er bygd rundt eit tysk slott, der ein ser referansar til heltane Bastion og Reinhardt. 

– Eichenwalde var staden for eit av dei mest berømte slaga under «The Omnic Crisis». Det var her «Crusaders»-leiaren Balderich von Alder og ei handfull av hans beste soldatar gjorde eit siste forsøk mot ein avanserande robothær. Grunna mindretal blei dei til slutt drepne i den komande kampen. Takket vere deira heltemodige innsats klarte likevel det tyske militæret å presse tilbake offensiven og vinne kampen, seier Blizzard om kartet. 

Inne i slottet kan ein sjå mange øydelagde Bastion-robotar, samt den døde Balderich von Alder på ei trone. Helten Reinhardt som liknar veldig på von Alder, skal ha ei stemmelinje i spelet som seier «Dette er ikkje eit slott, dette er ein gravplass».

Det nye kartet skal i fylgje Blizzard ha eit stort vertikalt område, som opnar opp for dei mest mobile heltane. Ein YouTubar med namn «Unit Lost» har fått spele det nye kartet, og videoen viser mange interessante flankeruter.

Det blir ikkje eit reversert hybridkart

Slik blir vogna ein skal eskortere.
Slik blir vogna ein skal eskortere. Bilde: Blizzard

Då traileren for kartet fyrst kom ut, var det mange som spekulerte i at det var eit omvendt Hybrid-kart. Vogna ein eskorterer slår opp ei dør på slottet i videoen, på same måte som ein rambukk. Nivådesignar Dave Adams har seinare sagt at det er eit vanleg Hybridkart.

– Bare for å gjere ting klart, Eichenwalde er ikkje eit omvendt Hybridkart. Det er eit vanleg Hybridkart på same måte som Hollywood, seier Adams på Blizzard sitt nettforum.

Mange endringar kjem til Overwatch i den andre konkurransesesongen »

Slik gjekk helgas Overwatch-kvalifisering til Telenorligaen »

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen