Vi er ferdige med ein svært spanande månad som har bydd på mykje variert, og starta haustsesongen med eit smell.
Blant høgdepunkta finn vi Borderlands 4 – som vi kalla det beste spelet i serien – den herlege grøssaren Cronos: The New Dawn, klassisk taktikk i Final Fantasy Tactics: The Ivalice Chronicles, samt fornøyeleg Zelda-aktige eventyr i The Knightling.
Som om det ikkje var nok har vi fått heseblesande retroaction i Earthion, japansk grøss i storform i Silent Hill f og solid fotballmoro i EA Sports FC 26.
Det blir spanande å sjå om oktober kan bli like heftig.
Ghost of Yōtei
Plattform: PlayStation 5
Ute: 2. oktober
Etter den massive suksessen med Ghost of Tsushima var det berre eit spørsmål om tid før det kom ein oppfølgjar. I Ghost of Yōtei møter vi Atsu som legg ut på eit valdeleg hemntokt i ei blendande vakre Japan. Vi har allereie testa den etterlengta oppfølgjaren. Sjølv om spelet ikkje leverer mykje nytt og byr på mykje av det same, er det eit nydeleg spel som byr på finfin samuraimoro:
«Ghost of Yōtei er stort, fargerikt og usedvanleg vakkert, men også overraskande likt førre spel i serien. Ein sit ofte med ei kjensle av at ein har gjort og sett mange av desse tinga tidlegare, og det er skuffande at utviklarane ikkje har klart å vidareutvikle konseptet på fleire meiningsfulle måtar.»
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Ghost of Yōtei
Battlefield 6
Plattform: PlayStation 5, Xbox Series X, Windows
Ute: 10. oktober
Hausten er tida for store skytespel, og 2025 er ikkje noko unntak. I år er det tid for eit nytt Battlefield-spel, og denne gong har DICE rodd seg litt bort frå framtidsscenarioet frå Battlefield 2042, til fordel for ei hakket meir dagsaktuell konflikt. Her blir det skyting og krig både for ein spelar, eller for mange over nett, og fleirspelarbiten har vi allereie kika på:
«Etter dei massive, men også ganske langtekkelege framtidskampane i Battlefield 2042, er Battlefield 6 ei nedskalert og langt meir jordnær speloppleving. Dette betyr ikkje berre at det er færre spelarar å forhalde seg til og mindre fokus på duppedittar, men også at kampane følest meir meiningsfulle og taktiske. Kor kvar spelar kan utrette en forskjell og ein lønast for meir enn berre «kills» og kaos.»
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Battlefield 6
Pokémon Legends: Z-A
Plattform: Nintendo Switch, Nintendo Switch 2
Ute: 16. oktober
Med Pokémon Legends: Z-A går serien i ein dramatisk ny retning. No skal vi ta turen til Lumiose City der vi får utforske ein storby og alt den har å by på. Byen er planlagt å bli ein stad der menneske og Pokémon kan leve saman i fred og harmoni, og når du kjem til byen må du velje deg ein av tre Pokémon du får ta med deg på eventyr.
Vi får no kampar i sanntid der du får bevege deg fritt, og angripe når du vil. Ei stor endring frå seriens turbaserte røter. Vidare byr spelet på mange nye mekanikkar for å skape ei ny og spanande oppleving for spelaren. Som om det ikkje var nok byr spelet på fleirspelarmodusen «Battle Club», der fire spelarar kan kjempe mot kvarandre eller andre Pokémon.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Pokémon Legends: Z-A
Vampire: The Masquerade – Bloodlines 2
Plattform: PlayStation 5, Xbox Series X, Windows
Ute: 21. oktober
Ein skulle nesten ikkje tru det var sant, men no er vi her. Oppfølgjaren til Vampire: The Masquerade – Bloodlines er lanseringsklar. Som det første spelet er Bloodlines 2 baserte på penn og papir-rollespelet med same namn. Vi tek turen til Seattle der vi får tre inn i rolla som ein blodsugande vampyr som tilhøyrer ein av fleire klanar. Klanen din avgjer svært mange av eigenskapane dine. For å overleve må du suge blod frå menneske, men utan å bli oppdaga, slik at du bryt maskeraden.
Alt du gjer skal kunne få følgjer på ein eller annan måte. Dialogen i spelet er til dømes prega av alt frå historia di til klanen din, omdømet ditt og korleis du ser ut. Tidlegare oppførsel ovanfor ein person kan vidare endre korleis du blir motteken seinare. Jamt over blir vi lova eit rollespel med solid fokus på rollespelbiten, og det blir svært spanande å sjå om dette spelet som har lagt bak seg ein temmeleg utfordrande utviklingsprosess vil leve opp til forventningane.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Vampire: The Masquerade – Bloodlines 2
The Outer Worlds 2
Plattform: PlayStation 5, Xbox Series X, Windows
Ute: 29. oktober
Obsidian er denne månaden klare med sitt andre store rollespel på under eitt år. I The Outer Worlds 2 reiser vi tilbake til deira meir enn berre litt Fallout-inspirerte sci-fi-univers. Her får vi ei 50-talsinspirert framtid fyllt med humor, action og forhåpentlegvis ei skikkeleg god historie. Vi har allereie fått spele prologen til The Outer Worlds 2, og blei positivt overraska over kva Obsidian har snikra i hop:
«Den sterkaste kjensla eg sit igjen med er likevel den av at for mange spel er altfor alvorlege. Det gjer godt når vi får eit fargerikt spel som tør å by på litt satire, litt humor, men ikkje så mykje at det hindrar ei god historie. The Outer Worlds 2 ser ut til å kunne by på både humor, alvor og spaning i ei pakke, og det er det verdt å glede seg til.»
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Outer Worlds 2
Frå ninja til viltre dinosaurar
Det er mykje godt i vente i oktober. Ved sidan av dei store oppfølgjarane vi allereie har ramsa opp, kjem det ein bunke til. Kva seier du til dømes til actionfesten Ninja Gaiden 4, spelet som kanskje kan vise verda korleis spel sparka spelarens rumpe før Demon's Souls dukka opp?
Eller kva med litt skrekkeleg underhaldning i Little Nightmares III, eller eventuelt kunsten å stri med sure dinosaurar i parkbyggaren Jurassic World Evolution 3?
Moonlighter 2: The Endless Vault held fram oppfølgjarmoroa, medan Digimon Story Time Stranger tek oss med på eit nytt Digimon-eventyr. Once Upon a Katamari gjev oss vidare enda fleire måtar å rulle opp eit univers på, medan Double Dragon Revive prøvar å puste nytt liv inn i ein skikkeleg gammal actionspelserie.
Danseløvene får òg meir moro denne månaden i form av Just Dance 2026. ARC Raiders byr på si side på fleirspelarmoro i «extraction»-sjangeren.
Kva no om du heller vil ha noko heilt nytt? Vel, der òg får vi litt å kose oss med.
Frå Double Fine – folka bak Psychonauts of Brütal Legend – kjem Keeper, eit spel der du spelar eit fyrtårn. Frå Tyrkia kjem det Prince of Persia-inspirerte actioneventyret Blood of Mehran.
Alle desse spela har forhåpentlegvis sitt å tilby, men ingen har like stort potensiale til å enten gå på trynet eller strake vegen åt stjernene som Kingmakers. I dette spelet skal du reise tilbake i tid og kjempe i massive middelalderslag, med moderne skytevåpen.
Om det er litt god, gammaldags sideskrollande action du er ute etter, kan kanskje fargerike Absolum vere eit alternativ for deg.
Oktober er stappfull av spel, og fleire av dei har vi spelt før. Mortal Kombat Legacy Kollection er ei feiring av korleis den blodige slåstespelserien starta, og byr på ein haug med spel og ekstrainnhald.
Super Mario Galaxy + Super Mario Galaxy 2 kjem til Nintendo Switch denne månaden, men trasig nok får ikkje samlepakka ein eigen Switch 2-versjon. Det får derimot Persona 3 Reload.
Alle som er glade i hage og kos kan sjå fram til Harvest Moon: Home Sweet Home Special Edition. Dei som heller vil hoppe og sprette litt kan leike seg me Yooka-Replaylee. Om det derimot er beinhard action du vil ha, kan kanskje det nye Painkiller-spelet vere det du har lengta etter.
Til slutt tek vi med at to gamle klassikarar som var med på å skape ein sjanger kjem ut i ny drakt på tampen av månaden, for då lanserast Dragon Quest I & II HD-2D Remake.
Det var alt for oktober.
God speling, og kos deg.