Anmeldelse inFamous

Elektrisk ekstase

Om du er lei av sterke menn i spandex, er lynmannen Cole klar for å ta over.

Du må gjere eit vanskeleg val i inFamous: Skal du prøve å hjelpe innbyggjarane i Empire City, eller skal du gi blanke, og frese dei med eit smil om munnen? Du skjønar, Empire City har vore utsett for ei katastrofe med ein temmeleg stor K. Ei mystisk kule lagar grus av bygningar, og får folk til å gå fullstendig av skaftet. Som om ikkje det var nok, har den tidlegare løpeguten Cole enda opp med å kunne skyte lyn frå fingertuppane. Sannsynlegvis sidan han heilt uvitande om kva han bar på, hadde kula i armane då det store smellet sa pang.

No står du altså ovanfor eit dilemma. Cole kan etter kvart gjere mykje meir enn å skyte lyn, men nøyaktig kva han kan gjere, kjem an på om han er snill gut, eller ein bastard fullstendig blotta for sympati.

Det heile er eigentleg ganske enkelt. Om du er snill mot dei sivile, og ikkje skadar dei, vil du bli ein snill helt, og du vil få tilgang på nye krefter deretter. Eit døme på dette er ei elektrisk kule som låser fiendane til bakken etter at den eksploderer. Om du derimot vel å vere ein dritsekk, vil den same kula ende opp med å dele seg i fleire små kuler, og såleis ha ein stor sjanse for å ende dagane til tilfeldig forbipasserande. Dilemmaet kjem altså i form av at du får sjå fleire eksplosjonar om du er vond. Er eit menneskeliv ein pris du er villig til å betale for å få litt meir fyrverkeri?

Elektrisk akrobat

Mykje av spelet er sentrert rundt Cole sine krefter, og det er ein liten genistrek (med modifikasjonar, noko vi kjem tilbake til) å gi Cole forskjellige krefter i forhold til korleis du spelar. Det gir mykje rom for å spele spelet om igjen, sidan du vil få bruke heilt andre våpen, samt få tilgang på nye oppdrag.

Dei forskjellige oppdraga varierer i natur, men grunnregelen er at Cole må klatre og springe gjennom den enorme byen. Om du trur du har sett god akrobatikk i eit spel før, får du tru om igjen. Assassin's Creed har kanskje hakket meir flyt i det heile, og i Crackdown kan du kanskje hoppe litt høgre, men i inFamous kan du gjere absolutt alt. Det finnest ikkje ein einaste avkrok Cole ikkje kan nå, og det å utforske Empire City er ei sann fryd.

Cole klatrar som ein apekatt langs husveggar, kastar seg mellom bygningar, hiv seg opp på hustak, rutsjar langs straumleidningar, og flyg gjennom lufta, før han hiv seg mot bakken i ein eksplosjon som får bilar og folk til å fly i alle retningar. Du får verkeleg kjensla av at du kan gjere alt i dette spelet, og du er heile tida aktiv i det du gjer. Du blir aldri ein passiv tilskodar som ser ting skje utan at du eigentleg må gjere stort.

Magnetisk superhelt

Denne fridomen kjem med ein pris. Cole er temmeleg hyperaktiv i korleis han finn vegen, og som eit resultat av dette, er det ikkje alltid han tek den vegen du vil. Han grip automatisk tak i det næraste han kan finne, kastar seg opp på hustak med litt for stor iver, og vil så gjerne surfe på togskinnene berre litt til.

Ofte kan du ende opp med å bli ståande fast ei stund. Du vil av togskinnene, men Cole endar berre opp med å skli fram og tilbake sidan han automatisk festar føtene til den næraste tingen han kan surfe på. Når du klatrar hiv han seg opp på hustaket og inn i den sikre død frå fiendane sine sinnsjukt treffsikre skot, sjølv om du berre skulle flytte litt på han. Og du endar opp med å hoppe ned frå eit hus du har brukt tid på å kome deg opp, berre fordi du blir så irritert over at han klatrar feil veg, at du i rein frustrasjon gjer eit dumt trekk.

Sistnemnde er sjeldan eit stort problem, sidan Cole hatar bakken. Du har ein knapp for å sleppe deg ned, men han vil berre sleppe seg ned til den neste tingen han kan gripe fatt i. Sjølv om du er i toppen av ein telefonstolpe vil han gripe tak i stolpen igjen. Den einaste måten å Cole ned på, er ved å hoppe ut frå veggen, og krysse fingrane for at han ikkje kjem nær noko han kan ta tak i. Sistnemnde høyrest kanskje ikkje så ille ut, men du endar ofte opp med at kameravinkelen tek ein U-sving, og du mistar oversikta eit par sekund.

Du blir vand med dette, og greier fint å leve med det, men det kan bli temmeleg irriterande i visse situasjonar. Enda meir irriterande er nokre øydeleggjande feil som gjer skjermen svart i eit minutt, før du høyrer lyden av at Cole er død. Eventuelt spring du gjennom bakken og fell mot det store tomme rommet. Sistnemnde har eg erfart tre gongar, så ein liten glipp er det ikkje.

Fri struktur

Å kome seg fram i Empire City er ei blanding av totalitær ekstase, og bitande frustrasjon. Like interessant er kva du faktisk gjer i byen. I starten er heile byen mørklagd, og det blir din jobb å få på straumen igjen ved å la Cole plante nevane på nokre generatorar. Dette gir han samtidig nye krefter, og du kan tru meg, dei blir betre og betre. Frå den spede starten med nokre skarve lyn, endar vi opp med gigantiske bomber og granatar, før den fabelaktige og øydeleggjande avslutninga med ein lynstorm frå skyene.

Etter at straumen er på, vil du få tilgang på forskjellige oppdrag. Desse er alt frå å drepe nokre fiendar i det eine geniale scenarioet etter det andre, til å vise kor dyktig du eigentleg er, ved å kome deg frå ein plass til ein anna i Empire City på kort tid. Det er temmeleg god variasjon i oppdraga, og spelet blir aldri gjentakande i så stor grad at det vil plage deg.

Kva oppdrag du får, kjem an på korleis du spelar, sjølv om historia for det meste er den same, uavhengig av om du er god eller vond. Det som endrar seg er dei valfrie oppdraga. Av desse har du ein bråte med nøytrale oppdrag, samt ei rekkje med gode eller vonde oppdrag. Det interessante med desse oppdraga er at du ved å ta eit godt oppdrag, vil fjerne eit vondt, og du kan aldri gå tilbake.

Handlingane dine vil ikkje endre historia, men alt det som skjer rundt den får ei heilt anna stemning. Cole blir bleik og skiten når han er vond, og folk kastar stein etter han, eller spring i panikk. Som snill vil dei hylle han og gå i tog for å feire at han er der.

Det som er litt trist med inndelinga av om du vil vere god eller vond, er at det finnest ingen mellomveg. Om du skulle velje å gjere både gode eller vonde oppdrag, vil du aldri få oppgradert kreftene dine, sidan det ikkje finnest nokon nøytrale krefter. Dei fleste kreftene kjem i tre nivå, og desse nivåa gjenspeglar kor snill eller slem du er. Du vere ein helt, eller det verste avskum, for å få dei kraftigaste våpna. Samtidig vil du seinare i spelet ikkje kunne ta snille eller slemme oppdrag, sidan du er for vond eller god. Med andre ord vil dine tidlege val i spelet avgjere kva du vil gjere i all framtid. Du kan prøve å snu, men det er ein tung prosess som berre endar opp med å gjere deg svakare enn du kunne ha vore ved å køyre løpet heilt ut.

Slepp ikkje taket

Det store spørsmål er då, som du no bør ha forstått, om du vil vere vond eller god. Du får erfare forskjellige ting, og det blir nesten som to forskjellige spel. Dei fleste oppdraga er riktig nok dei same, men du kan ofte ta eit val midtvegs, noko som gir deg noko nytt å sjå, eller andre reaksjonar frå byen.

Samtidig er det desse våpna. Alle desse fantastiske våpna som rett og slett er ei interaktiv orgasme. Du har så mange forskjellige krefter i dette spelet, men likevel er det ubegripeleg lett å ta dei alle i bruk. I inFamous ligg du ikkje bak ein vegg og skyt forsiktig mot fiendane. Du stormar fram, hiv dei i lufta med ei sjokkbølgje, fresar dei med bestialsk elektrisitet, før du sug livskrafta ut av dei etter at dei har landa på bakken.

Det heile skjer i ei dyster verd, som trass sine gråe og brune fargar, aldri står fram som monoton. Sjølv om det er få fargar her, får du heile tida inntrykket av at spelet brukar heile spekteret. Du blir direkte glad i byen. Det som trekk litt ned med det visuelle, er ganske dårleg animasjon på alle andre enn Cole, i tillegg har ansikta til folka i spelet like mange rørsler som ei Ivo Caprino-dokke. Akkurat dette legg du likevel sjeldan merke til, sidan «filmsekvensane» er nydelege teikneseriepanel, der små animasjonar får det heile til å kome til live. Det er temmeleg fett. Sleng på litt herleg musikk frå Amon Tobin, og du har ei verd det er svært vanskeleg å forlate.

Konklusjon

inFamous er eit vanskeleg spel å setje karakter på. Det er element ved kontrollane som irriterar stort, men det er likevel eit spel det er heilt umogleg å leggje frå seg. Empire City er ein av dei mest overbevisande byane eg har sett, og det er ei heilt fantastisk kjensle å utforske den. Du kan nå absolutt alle områder du kan sjå, og inga utfordring er for stor. Spelet møter aldri eit punkt der ting stoggar opp. I staden får du heile tida nye ting å gjere, nye krefter, samt ei historie som verkeleg engasjerer.

Kampane er samtidig heilt ville, og bruken av forskjellige superkrefter når heile tida nye høgder. Kombinerer du bruken av akrobatikk, med kreativ bruk av Cole sine krefter, endar du opp med eit spel der du står temmeleg fri til å gjere akkurat kva du vil.

Om kontrollsystemet hadde vore justert enda nokre hakk, slik at Cole var litt enklare å halde i tøylene, hadde dette spelet nådd enda høgre. Det er uansett ingen tvil om at inFamous er eit av dei feitaste spela på PlayStation 3, og du bør spele det.

inFamous kjem i salg 27. mai, kun for PlayStation 3.

Diskuter artikkelen i forumet

Vurdering


Infamous PS3 PS3 8/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 29. mai 2009
  • Plattform: PlayStation 3
  • Utgiver: SCEE
  • Utvikler: Sucker Punch Productions

Forsiden akkurat nå

Til toppen