(Bilde: Microsoft Studios)

Meir av dette, takk

Microsofts ferskaste nyskaping er eit friskt pust i eit maskulint landskap.

Berre for å ha det klart, først som sist, det er lenge sidan eg har spelt eit spel som har vore så sjølvbevisst på at det ikkje er noko anna enn akkurat det; eit spel. Opptil fleire gongar medan eg har susa gjennom den aude planeten New Eden har eg spurt meg sjølv om kvar slike spel eigentleg blei av. Kvifor lagar ikkje folk slikt lenger? Spel som ikkje prøvar å vere meir enn eit spel? Spel som ikkje treng å forankre alt i universet sitt, og der det å vere kult er meir enn godt nok?

ReCore introduserer oss for den noko einslege unge dama Joule, som lev eit stakkarsleg liv på planeten New Eden. Denne planeten blei valt ut som ny heim for menneska etter at det ikkje blei mogleg å leve på jorda lenger, men naturlegvis har svært lite gått etter planen. Maskinene som er sendt til planeten for å gjere den i stand for nye innbyggjarar har gått ut i streik, og det blir Joules jobb å få ting på stell igjen.

Heilt aleine er ho likevel ikkje. Med seg har ho den artige robothunden Mack, og utover i spelet får ho nye artige robotvener som alle tilbyr noko nytt og verdifullt både Joule og du kan leike med.

I korte trekk betyr det at du kan få bruke nokre timar på å kose deg med eit stykke spel dei eigentleg slutta å produsere sånn ca. rundt 1992.

Duncan er ein stor gorillarobot som er gull verd i kamp.
Duncan er ein stor gorillarobot som er gull verd i kamp. Bilde: Øystein Furevik/Gamer.no

Fri og bevare meg vel

ReCore er i hovudtrekk to ting: På den eine sida er det eit intenst actionspel der du skal kjempe mot mengder av robotar som stort sett framstår som perverterte utgåver av ulike dyr. Deretter er det eit plattformspel. Eit skikkeleg plattformspel. Eit slikt plattformspel som får deg til å sveitte både på rygg, brystkasse, og der sola aldri skin. Du bit tenna saman i raseri når ting ikkje går din veg, men skyt nevane i lufta når du endeleg får det til, og ser instinktivt rundt deg berre for å konstatere at nei, det var ingen som var vitne til din vanvittige prestasjon denne gongen heller.

For å ta det første først. Som dei fleste heltar i moderne tidsrekning har Joule ei rifle som viktigaste forsvar. Denne kan skyte skot i fire ulike fargar sidan fargen på fienden indikerer fargen på ammunisjonen du bør bruke. Du låser deg automatisk på fiendane, skiftar til fargen som passar fienden du angrip, og fyrer av to ulike typar skot. Sjølv om dette i starten får det heile til å framstå i overkant lettvindt, endrar dette biletet seg raskt.

Oppskrifta er veldig enkel, umogleg å misforstå, og set ramma for eit spel som kan kaste all mogleg galskap på deg. Ofte møter du på berre på eit par fiendar, men du kan og ende opp i vanvittige kampar som gjer det heilt essensielt å kunne låse seg på fiendane for å forstå noko av kva som skjer. Det er fargar overalt, kuler flyr i alle retningar, og du hoppar og dansar rundt fiendane som ein ballerina. Robotkompisane blir essensielle verkty, enten sidan dei distraherer andre fiendar, eller som ekstra våpen du kan aktivere på kommando.

Variasjonen på fiendane gjer svært mykje for å skape eit intenst nivå. Ikkje at det er så vanvittig mange ulike fiendar, men når dei kan kome i ulike fargar, ha ulike angrepsmønster, og samtidig kome på deg frå alle retningar samtidig, får du mykje å halde styr på, noko som sørgjer for at kampane aldri blir keisame.

Det er kanskje eit aude ørkenlandskap, men du finn alltid ei ny utfordring.
Det er kanskje eit aude ørkenlandskap, men du finn alltid ei ny utfordring. Bilde: Øystein Furevik/Gamer.no

Du har nådd nivå to

Kampane er berre ei viktig brikke i dette spelet. Å utforske terrenget er minst like viktig. ReCore byr på ei verd av solid storleik, sjølv om dette på ingen måte kan kallast eit massivt spel. Vi får nokre få rimeleg store område lenkja saman med knutepunkt, men dei er alle så pakka med innhald at du kan bruke mange timar på å utforske dei. Det er slik eg vil ha det. Gi meg heller eit kompakt område der kvar vesle krok har noko å by på, enn store, flotte miljø så tappa for noko å gjere at du er lei før du har starta.

Omlag alt du kan sjå kan du nå, spelet er krydra med gøymde skattar i kvar krik og krok. Det kan vere alt frå kister med oppskrifter på nye robotdelar til kompisane dine, ressursar å byggje robotdelar med, eller glitrande kuler du treng for å kome deg gjennom låste dører. Premiane er ikkje så store i seg sjølv, men det å endeleg nå fram til ein som ligg vanskeleg til kan ofte vere gevinst nok i seg sjølv.

Kontrollsystemet i spelet er for det aller meste sylskarpt, og gjer det veldig tydeleg for deg kva du er i stand til, og deretter at du eigentleg er i stand til det aller, aller meste. Du kan hoppe, dobbelthoppe, og skyte framover eit stykke, og i løpet av spelets første timar får du god trening i korleis ein skal nytte kontrollane best mogleg. Seinare i spelet får ein òg bruke robotar når ein skal navigere ulendt terreng. Ein kan la deg gli gjennom luta, medan ein annan klatrar langs skinner, før den kastar deg gjennom lufta der du sjølv må ta over styringa for å ikkje deise i bakken.

Det heile startar roleg, og du blir gradvis introdusert for større og større utfordringar. Seinare i spelet blir du kasta med hovudet først inn i vanvittige plattformsekvensar som får testa reaksjonsevna di til det fulle. Laserstrålar, roterande plattformer, sirklar som let deg hoppe enda lenger, og utspekulerte feller finnest overalt.

Det flotte med spelet er likevel at sjølv om du riv deg i håret i frustrasjon nokre gongar, er det likevel ikkje så vanskeleg at du gir opp. Du skjønar det heile er mogleg, men det krev innsats frå deg å kome dit. 

Forhåpentlegvis får vi nye eventyr med Joule i framtida.
Forhåpentlegvis får vi nye eventyr med Joule i framtida. Bilde: Microsoft Studios

Ikkje alt som skin...

Det aller meste av tida mi med ReCore har vore ein gedigen opptur, men det finnest likevel fleire kritikkverdige element i spelet. For det aller første finn vi lange lastetider som kan bryte opp opplevingar svært mykje, spesielt om du skulle hamne i ein situasjon der du døyr ofte. I verste fall har eg venta i eit minutt. Som første spel i Microsofts Play Anywhere-initiativ får du derimot både Xbox One- og Windows 10-versjonane av spelet med ein kode, og om du har ein brukbar PC vil eg absolutt anbefale deg å spele der.

Dei resterande problema er uavhengige av plattform. ReCore kunne hatt godt av nokre månader til i gryta. Det er ei lang liste med tekniske feil å spore, og sjølv om ingen av dei øydelegg spelet, er det små irritasjonar som minnar om at spelet ikkje er heilt ferdig. Eg har erfart at knappar i menyane ikkje fungerer, Joule har låst seg fast i terrenget, statuseffekter kan henge seg fast sjølv om dei skal gå over etter ei tid, og diverse anna. Jamt over er det merkelege ting som burde ha vore luka ut før spelet blei lansert.

Andre ting går meir på korleis spelet er designa. Du blir lurt til å tru at spelet er mykje kortare enn det er. Brått er du ved endestasjonen, men før du veit ordet av det blir du prylt av fiendar i ein liga du ikkje har sett makan til så langt. Greit nok, dette er ditt første alvorlege dytt i baken for å kome deg ut og utforske verda litt. For min del var det her eg verkeleg oppdaga alle dei fantastiske utfordringane utviklarane har strødd rundt i landskapet. Valfrie område du kan reise til for å bryne deg på enten plattformutfordringar, eller kamputfordringar gav spelet ein heilt ny dimensjon for meg.

Etter å ha brukt ein god del timar på dette blei den tidlegare kampen barnemat, og eg kom meg lett til slutten av spelet, men det er det absolutt ikkje sikkert du vil gjere. Avslutninga på dette spelet er banalt kjip om du ikkje brukar mykje tid ute i verda først. Eit av dine viktigaste mål i spelet er å samle inn glitrande kjerner, sidan desse skal drive maskineriet som skal få planeten på stell igjen. Mot slutten av spelet må du kome deg gjennom ei rekke nivå som alle krev stadig større mengde med kjerner for å få tilgang til. Har du ikkje samle inn mange av desse, vil du brått møte ein vegg der du er heilt nøydd til å gå på ei lang skattejakt for kunne nå slutten av spelet.

Edderkoppen Seth blir essensiell for å navigere gjennom utfordringane i det fjerne.
Edderkoppen Seth blir essensiell for å navigere gjennom utfordringane i det fjerne. Bilde: Øystein Furevik/Gamer.no

Det er veldig unødvendig å gjere det slik, og eigentleg ganske teit. Eg var strengt tatt såre glad eg allereie hadde samla dei nødvendige kjernene då eg kom hit, elles hadde eg blitt arg. Det verste med å designe spelet slik er at det hadde vore veldig lett å unngå. I staden for å straffe spelaren for å berre følgje historia slik spelet eigentleg legg opp til, kunne dei med enkle grep ha dytta deg i ein annan retning, og fortalt deg at hei, det er ei stor verd der ute, du bør sjekke den ut.

Konklusjon

Eg er svært glad for at Microsoft støtta utviklinga av Recore. Det er ein type spel vi ikkje ser nok av no for tida. I ei verd der ein av og til kan få inntrykket at at utviklarane konkurrerer om å gjere spela mest mogleg straumlinjeforma, har utviklarane av Recore valt ein heilt anna kurs. Dei ser bakover, mot klassiske spel frå fordums tider, og har skapt ei nydeleg blanding av fargekoda action og utfordrande plattformspeling.

Å plassere det heile i ei verd som byr på opne område der du står fritt til å utforske gjer det heile enda betre, og dette spelet kunne raskt ha enda opp som ei skikkeleg perle. Diverre har ReCore ei liste med problem som er litt for lang til at vi kan forbigå den i fart. Teknisk tull kan surne til opplevinga, og nokre litt sadistiske designval vil kunne øydeleggje opplevinga for nokre.

Om du er klar for eit eventyr der du får bryne deg på varierte og herlege utfordringar, og gjerne utforskar eit aude og ugjestmildt landskap i timesvis, er det likevel vanskeleg å slå feil med ReCore. Trass sine skavankar er det ei flott oppleving, og eg håpar Microsoft gjev utviklarane sjansen til å utforske dette universet meir.

Vurdering


"Det er ein type spel vi ikkje ser nok av no for tida."

ReCore Windows

ReCore XOne

ReCore Windows Windows 7/10 XOne 7/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 16. september 2016
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Microsoft Studios
  • Utvikler: Armature Studio, Comcept Inc

Prisinformasjon kommer snart

ReCore XOne XOne 7/10 Windows 7/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 16. september 2016
  • Plattform: Xbox One
  • Utgiver: Microsoft Studios
  • Utvikler: Armature Studio, Comcept Inc

Beste priser

På lager 298,- Til butikk
På lager 307,- Til butikk
På lager 310,- Til butikk
På lager 313,- Til butikk

Kommentarer (24)

Forsiden akkurat nå

Til toppen