Anmeldelse

Don King Presents: Prizefighter

Don King burde vel ikkje vere eit ukjent namn. Han er personen med håret som hadde gjort heltane i japanske teikneseriar misunnelege, og med eit dollarglis praktisk talt synonymt med hardtslåande knyttnevar. Han er gudfaren til heile boksesporten, og det var vel berre eit spørsmål om tid før han kom med sitt eige spel.

Historiske kamper

Vis større

Trailer. Don King Presents: Prizefighter #2


Blåkopi

Problematikken ved noko slikt gjer seg kjent umiddelbart. Når sjefen sjølv skal lansere eit spel, då bør det vere kvalitet over det endelege produktet. Så kva skal ein gjere? Skal vi tenkje knallhardt for å kome opp med det definitive spelet om boksing, eller skal vi ta ein enkel utveg, og lage ein mild blåkopi av eitt av dei meste vellukka boksespela dei siste åra?

Vi vel det siste. Då slepp vi å tenkje sjølv, vi kan berre idèmyldre litt, for å sjå om vi kjem opp med nokre små ekstra detaljar for å skilje oss litt frå vår næraste konkurrent.

Kunsten å tenkje sjølv

La oss no sjå på det endelege resultatet av ti minutt med idèmyldring: Har vi ein røff og dramatisk hovudmeny med attityde? Check. Kan vi lage våre eigne boksarar? Check. Har vi realistisk modellerte boksarar som ser ut som om dei er meisla i bronse? Check. Reflekterer sveitta deira lyset på ein estetisk måte? Check. Har vi ein dramatisk sekvens der lyden består av lave frekvensar på bassnivå når vi oppnår ein knock out? Check. Gjentek denne sekvensen seg i reprise minimum tre gongar? Check.

Godt.

Då er vi klare. Prizefighter gjer skremmande lite nytt, og er tidvis skremmande likt Fight Night Round 3, men samtidig greier det aldri å bli like engasjerande som Fight Night. Kontrolloppsettet er ikkje like intuitivt, og å slå ein motstandar i bakken gir aldri den same kjensla som i Fight Night. Dette har ein enkel grunn. I staden for eit nærbilete av ansiktet til den utmatta boksaren, ser vi alt frå trygg avstand. Det kan med andre ord sjå ut til at Venom sin teknologi for å realistisk vise hud som blafrar i vinden, ikkje er heilt på nivå med EA sin.

Elles er det meste likt. Det er visse forskjellar i sjølve kampmekanikkane, og dei er faktisk ikkje så ille, men den store forskjellen kjem gjennom historiemodusen. Her handlar alt om deg, skjønar du. Etter at du har laga din eigen boksar gjennom eit veldig robust modelleringsverkty (min karakter Tambo J Breaker ser ut som ein veldig sint versjon av Zangief frå Street Fighter-serien), vil du vere vitne til ei historie som på litt snodig vis presterer å byggje opp ein illusjon om at du er noko heilt spesielt.

Din vesle snørrunge

Du byrjar med kallenamnet «The Kid». Du er ny i gamet, og namnet ditt må sjølvsagt reflektere dette. På din veg mot verdsherredøme, vil du sjølv til dels kunne velje framgangsmåten din. Du vil velje dine kampar med omhug, og mellom kvar kamp får du som regel to veker på å trene. Akkurat dette sprenger ikkje akkurat låste dører, men det let deg byggje opp boksaren din slik du vil. Kvar gong du vinn ein viktig kamp, vil du bli vitne til ei serie med intervju der det blir snakka om deg i tredjeperson. Det heile er ein slags liksomdokumentar, der du er den sentrale figuren.

Ein trenar, ein manager, ein bilmekanikar, eit assortert utval leikekameratar frå under dyna, til og med Don King sjølv, dei har alle noko å sei om deg. Dei har alle noko på hjartet om kvifor du var så spesiell. Dette går heile vegen frå grasrota, der du i starten får høyre at det var noko heilt spesielt ved deg. Det er ein interessant vri på ting, og det blir enda meir interessant av at desse klippa er gjort gjennom intervju med ekte personar. Vi snakkar ikkje om ubehageleg modellerte representasjonar av kjende menneske. Vi snakkar om verkelege folk frå bokseindustrien, samt nokre skodespelarar her og der for å fylle tomromma.

Det er absolutt ein interessant vri, men den feilar på eit viktig punkt; du bli aldri absorbert av det. Dei snakkar i korte rykk og napp, og det som blir sagt får sjeldan ei god samanheng. Du endar opp med å bli litt forvirra over kva dei eigentleg snakkar om, i staden for å bli sugd inn i den fiktive historia rundt boksaren din.

Lite nytt frå fronten

Det viktige med spelet er sjølvsagt kampane, og akkurat her presterar Prizefighter så vidt å overbevise. I alle fall i starten. Det er som nevnt frykteleg likt Fight Night Round 3, men sakte men sikkert byrjar det å bli svært tydeleg at Fight Night framleis er kongen. Dette er mykje grunna Fight Night sitt kontrollsystem, der du kan bruke analogstikka for å angripe. Prizefighter brukar i staden knappar, mange knappar. Eller kombinasjonar av fleira knappar samtidig. Du har din Jab, din thrust, din høgre og din venstre, samt variasjonar av din høgre og din venstre. Og sjølv om dette fungerar, så maktar det aldri å gjere meir enn akkurat det: Å fungere.

Det eine elementet som tidvis gjer sitt for å heve spelet over dette, er adrenalinet ditt. Ved å spele godt, og å få inn velplasserte slag mot fienden, vil adrenalinet ditt byggje seg opp. Dette skjer i tre stadium, og kvar gong du har bygd opp ein tredjedel av adrenalinet ditt, vil du kunne fyre laus eit slag som med litt flaks kan sende ein motstandar i bakken. I staden for å bruke alt adrenalinet på eitt enkelt angrep, kan du i staden gå inn i ein adrenalin-modus, der du serverer slag i eit mykje høgre tempo, og med større kraft enn kva du normalt gjer.

Dette er vel og bra, men det er eit problem med spelet som ofte kan øydeleggje det som ser ut som ein gyllen sjanse til å slå fienden i bakken. Spelet registrerar ikkje kollisjonar mellom dei to figurane i ringen godt nok. Det første du vil merke er at boksehanskar går gjennom både armar, bein og overkropp, men det blir verre når ein byrjar å leggje merke til at angrep som i alle tenkjelege tilfelle ville ha nådd mål, ikkje blir registrert. Akkurat dette er det som ofte kan skje når du brukar adrenalin. Fienden din har kanskje hovudet fram, hanskane nede, og du leverer ein knyttneve mot tanngarden hans, utan at noko skjer.

I andre døme blir det litt motsette. Du kjempar kanskje mot ein boksar som er flink til å forsvare seg. Han held nevane tett inntil kroppen, og er nøgd med det. Det pussige er, at når du først angrip, då er det ikkje berre han som mister helse, men du òg. Gjerne meir enn han du slår mot. Om dette kunne forklarast med at han leverer kjappe slag mot kroppen din hadde det vore ein ting, men ved å studerer det visuelle, fann eg ingenting som tyda på dette. Min hypotetiske konklusjon er at som i dømet med kroppsdelar som går gjennom kvarandre, er dette ein grafisk feil. Motoren registrerer ikkje kva som skjer kjapt nok til å vise det på skjermen.

Ei hand å halde i

Med dette sagt kan vi elegant gli over i vanskegrada, som er mildt sagt hyperaktiv. Det er banalt enkelt, nesten heile tida. Dei forskjellege boksarane du møter har alle eit mønster dei følgjer, og før kvar runde får du i tillegg råd frå trenaren din om korleis du skal gå fram. Slik går spelet ei stund, før du med jamne mellomrom møter ein motstandar som burde høyrde heime langt over deg på rangstigen. Det snodige er at dette ikkje er kampar du gjennom heller, du kan for det meste glatt hoppe over dei for å ta ein anna.

Prizefighter er tilpassa sosial speling, men om det er sosial ein vil vere, finn ein langt betre alternativ. Det blir litt passivt i lengda, og har ein først funne ein teknikk som fungerar bra, er det lett å halde seg til den. Har du ein kraftig arm, slår den gjennom det meste, og sjølv om mange gjer tapre forsøk på å beskytte seg sjølv, eller dansar rundt i ringen som ballettdansarar, er ikkje dette nok mot ein svær kamphane. Dette er likevel ikkje det største problemet til Prizefighter, for spelet blir raskt kjedeleg. Det held ikkje motivasjonen oppe, og etter eit par kampar er ikkje berre du lei, men dei du spelar mot òg.

Dette er nok noko som gjeld for mange, for å finne seg ein kamp på Xbox Live er ikkje lett. Det kan ta mange minutt før du finn nokon å spele mot, og når du først har funne nokon, stikk dei ofte frå kampen før den er over. Flyten i kampane er likevel bra, der det berre er tidvis hakking.

Konklusjon

Don King Presents: Prizefighter er eigentleg ganske så meiningslaust. Det er i stand til å engasjere i små doser, men ein blir lei etter nokre få kampar. Spelet er ein uinspirert kopi av Fight Night Round 3, og dei små forskjellane som er der, er ikkje store nok til at spelet blir verdt eit innkjøp. Du skal vere litt desperat etter boksespel om du skal kjøpe Prizefighter, og sjansen er stor for at du vil lengte tilbake til Fight Night Round 3 ganske kjapt.

Nei, det er nok best om Don King held seg til det han kan; ekte boksarar. Prizefighter blir litt for uinspirert til å engasjere nokon som helst utover litt impulsiv speling i ein time eller to. Utover det blir du lei, og ser nok aldri tilbake.

Don King Presents: Prizefighter X360 X360 Wii DS

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: Ikke fastsatt
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: 2K Games
  • Utvikler: Venom Games

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen