Anmeldelse

Eragon

Eg må innrømme to ting: Eg hadde aldri høyrt om Eragon før eg såg ein trailer for den komande storfilmen i vår. Eg har heller ikkje lest boka, noko som elegant hindrar meg i å få noko ut av historia dette spelet gjer eit forsøk på å formidle. Med dette i baktankane må eg innrømme at sjølve namnet på dette spelet basert på ein film som er basert på ei bok, gir meg litt smånervøse rykningar.

For det første minnar dette namnet veldig på eit anna kjent namn frå eit litt anna, og ganske så mykje større fantasy-univers. For det andre er spelet utvikla av dei same som kom med The Two Towers for nokre år sidan, og det er lett å bli litt skeptisk til noko som papiret ser ut som ein blåkopi av eit fleire år gammalt spel.

Eragon er eit spel som fungerar, men ikkje stort meir enn det. Vi får servert ein usedvanleg tørr historie, som alvorleg talt bør være betre i bokform om filmen (som spelet er basert på) skal ha noko å gå på. Historia blir presentert gjennom ei rekke stiliserte filmsekvensar som kunne ha vore pene å sjå på om det ikkje var for at dei gjer alt som ser heilt OK ut i spelet temmeleg stygt. Dei er av den typen som får deg til å tvile på kva du driv med heilt frå første sekund. Det er noko som forsterkar seg når du ser spelet i aksjon. Ingen av personane i spelet lignar på skodespelarane dei er basert på, og dialogen er usedvanleg tørr trass i at fleire av skodespelarane gjentar sine roller.

La gjespen byrje

Etter ein ganske intetsigande åpningssekvens som fortel deg at den vonde trollmannen Galbatorix vil ta over verda, og ganske tydeleg legg opp til korleis ein ung gut på veldig uoppfinnsomt vis skal redde den, ber det ut på eventyr. Du spring rundt i trange miljø utan friheit til å kunne bevege deg, godt fulgt av den frykteleg irriterande stemma til Eragon som på ganske idiotsikkert vis fortel deg at du må klatre litt om du skal kunne kome deg over ei elv. Greit nok, alle spel er ikkje like flinke til å gjere opplæringa engasjerande, men det får no være måte på å skyte hunden for tidleg.

Om du har vore i nærkontakt med Stormfront sine tidlegare spel, veit du godt kva du har i vente. Eragon følgjer nøyaktig same formel som The Two Towers og Forgotten Realms: Demon Stone, men manglar noko veldig viktig: Underhaldning. Det er ei monoton reise gjennom forskjellige miljø, og du kjenner aldri på kroppen at det du gjer eigentleg spelar noko rolle.

Spelet baserar seg på den magiske formelen som tvingar deg til å trykke inn to knappar i forskjellig rekkefølgje. Gjer du dette vil du kunne drepe fiendane raskare, noko som ikkje er så dumt sidan det til tider kan bli ganske mange av dei. Kampsystemet manglar dessverre dynamikk, og du endar opp med å sove deg gjennom den eine fienden etter den andre. Dei forskjellige komboangrepa sprutar ikkje noko liv inn i spelet heller. Systemet er upresist, og det er litt tilfeldig om du eigentleg utløyser ein kombo eller ikkje.

For å variere livet ditt litt får du tilgong på ein boge og litt magi. Bogen viser seg raskt å være det mest praktiske våpenet i heile spelet. Noko som ikkje er så vanskeleg sidan du eigentleg kun har to å velje mellom. Om du står langt nok vekke frå fienden kan du berre halde inne skyteknappen til kontrollaren dirrar, før du fyrer av eit skot som drep dei fleste fiendar umiddelbart. I mange situasjonar endar bogen opp som ditt viktigaste våpen, og når du seinare kan slenge litt magi på den, tek den ut enda fleire fiendar i slengen.

Sjølv om bogen i praksis fungerar som den skal, blir den kroneksempelet på kvifor dårleg kameravinkling er ein uting. I fleire tilfelle enn eg kan telje zombier i Dead Rising, ser du aldri kva du skyt på. Fiendane forsvinn utanfor skjermen, og den einaste indikasjonen på at du i det heile har noko å skyte på, får du ved hjelp av eit sikte som viser kvar målet ditt er. Eit sikte som nesten heile tida elegant dansar heilt i ytterkant av skjermen. Du endar raskt opp med å stå godt planta på ein stad, medan du fyrer av bogen heilt til det ikkje er noko å skyte på lenger.

Kunsten å være blind

Kameraet i Eragon er låst til det som sikkert skal være stemningsfulle of filmatiske vinklar, men det fungerar ikkje på nokon måte. Det er ikkje kun bogen som lar seg mishandle av dette, men og nærkamp med sverd. I mange situasjonar der du er i kamp mot mange fiendar samtidig, har du inga oversikt over kor mykje du må kjempe mot. I visse døme skal du beskytte folk du ikkje ein gong får sjå om du står på feil plass. Det er i slike tilfelle at bogen blir veldig praktisk. Du har kanskje slakta alt du kan sjå, men for å være sikker er det berre å trekke opp bogen, så får du den siste bekreftinga du treng.

I tillegg låser miljøa deg fullstendig inne i det som kan framstå som ein usynleg boks. I mange område dukkar det opp usynlege sperrer som hindrar deg i å gå nokon stad, enkelt og greit fordi du ikkje skal dit enda. Det er frykteleg irriterande, spesielt når du ser fiendar kome springande, men berre må vente på at dei kjem fram før du får gjort noko. Spelet er ikkje nemneverdig vakkert heller. Det ser bra ut på ein PlayStation 2, men når det kjem over på Xbox 360 er det veldig tydeleg at litt høgare oppløsyning ikkje alltid er nok for å skape ei visuell oppleving.

Som drageriddar får Eragon visse magiske krefter han kan bruke i si jakt for å redda verda. Makan til nedtur skal du leite lenge etter. I staden for å gi Eragon nokre krefter som er ein drageryttar verdig, får vi servert tamme trylleformular som med få unntak kun fungerar i spesifike situasjonar. Til dømes har vi bøttene med spyd. Desse spyda kan Eragon skyte mot fienden ved å bruke litt magi. Han kan riktignok ikkje sikte på kven han vil, men dei drep det dei kjem i kontakt med.

Magi på skinner

I same stil kan du av og til deformere områda du er i. Men kun der eit magisk symbol viser seg. Her kan du kanskje lage ein veg for å kome vidare, eller rive grunnen ned under fiendar. Det blir litt mindre moro når etter eit knapt sekund du innser at dette uansett er noko du gjere. Det er ikkje eit val. Du får kun bruke denne magien der du må, for å kome vidare i spelet. I staden for å skape nokre magiske krefter det står respekt av, får vi noko som er så lineært og uinteressant at det skapar meir irritasjon enn glede.

Det einaste som eigentleg kjem i nærheita av å by på underhaldning kva magi angår, er ein liten sprut med flamme som Eragon kan skyte frå handa si. Dette får dei fleste fiendane til å springe rundt i ring ei lita stund, og er du ekstra heldig dett dei ned i avgrunnen (om noko sånt skulle være innan rekkevidde). Eragon kan også dytte og dra folk mot seg om han skulle ynskje. Noko som er praktisk no og då, men som regel kun bortkasta.

Den beste med Eragon, sjølv om heller ikkje dette er gjennomført, er når du får ri på den flotte dragen Saphira. Om du har spelt til dømes Panzer Dragoon-serien, vil du kjenne deg igjen. Du flyr på ein drage som i stor grad flyr av eiga fri vilje, mens du skyter ned eller sprute litt ild på fiendane rundt deg. Du har begrensa kontroll over denne dragen, men det er din jobb å sørge for at Saphira ikkje krasjar inn i tre og bergveggar. Om du ikkje skulle klare dette (noko som ikkje burde sjokkere deg i og med at Saphira kan ha lett for å svinge heilt motsatt veg enn kva all logikk burde tilseie), kan du alltids fylle opp helsa hennar med nokre velsmakande kvite duer.

Konklusjon

Eragon er eit spel du kjem til å sove deg gjennom, og du kan være ganske sikker på at du ikkje kjem til å kome tilbake for meir. Det byr på heilt grei underhaldning som ikkje fungerar som noko anna enn tidsfordriv når du ikkje har noko anna å spele. Det er potensiale i bøtter og spann for å skape noko bra ut av ein lisens som Eragon, men som vanleg er det eit potensiale som forblir utømma. I staden får vi eit generisk eventyr med mangelfullt kampsystem og katastrofal kameravinkling. Om du gjerne vil ha eit spel i denne stilen, og ikkje er Eragon-fanatiker som må ha alt den unge drageryttaren tar i, vil eg heller anbefale deg at du plukkar opp Stormfront sitt forrige spel; Forgotten Realms: Demon Stone. Det er eit godt eksempel på korleis slike spel kan gjerast.

Vurdering


Eragon X360

Eragon PS2

Eragon X360 X360 3/10 Windows PS2 3/10 Xbox DS GBA PSP

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 24. november 2006
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Vivendi Universal Games
  • Utvikler: Stormfront Studios

Eragon PS2 PS2 3/10 Windows Xbox X360 3/10 DS GBA PSP

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 24. november 2006
  • Plattform: PlayStation 2
  • Utgiver: Vivendi Universal Games
  • Utvikler: Stormfront Studios

Kommentarer (7)

Forsiden akkurat nå

Til toppen