Final Fantasy Type-0 kjem til PC

Mørk fantasi tek enda eit plattformhopp.

Etter fleire år med såre bøner frå Final Fantasy-fans verda over blei Final Fantasy Type-0 omsider lansert i vår del av verda denne våren. Spelet blei opphaveleg lansert på PSP i Japan i 2011, og det skulle altså ta tre og eit halvt år før vi fekk spele det sjølve. I åra som gjekk brukte Square Enix tida på å pusse opp spelet for ei lansering på Xbox One og PlayStation 4.

I ei Twitter-melding frå Square Enix får vi vite at konsolleigarane ikkje er dei einaste som får ta del i dei krigsherja eventyra Final Fantasy Type-0 byr på. Ein PC-versjon er på veg til Steam, men når lanseringa vil finne stad veit vi ikkje enno. Vi veit heller ikkje noko om kva Steam-versjonen vil by på i forhold til konsollversjonane.

For kort tid sidan blei det kjent at mobilspelet Final Fantasy Agito er på veg til PC. Dette blir eit Windows 10-spel, og utspelar seg i same verd som Final Fantasy Type-0.

Ei verd i krig

Final Fantasy Type-0 kjem til PC.
Final Fantasy Type-0 kjem til PC. Bilde: Espen Jansen/Gamer.no

Final Fantasy Type-0 er eit hakket meir brutalt Final Fantasy-spel enn kva vi er vande med. Spelet kastar oss midt inn i ein ganske så hardhendt krig, og vi sette pris på spelet, sjølv om ein lett kunne merke at spelet ikkje heilt takla overgangen frå PSP til Xbox One og PlayStation 4:

«Final Fantasy Type-0 HD er ein merkeleg skrue kva Final Fantasy-spel angår. Her får ein servert eit klassisk verdskart, landsbyar og sideoppdrag til den store gullmedaljen, samtidig som det heile surrast saman med eit actionprega kampsystem, begrensa med tid og ei historie som skil seg kraftig frå stort sett alt serien har gjort tidlegare.»

Square Enix har fokusert hardare på PC-fronten den siste tida. Spel som Final Fantasy IV og Final Fantasy XIII har tatt spranget frå konsoll til PC. Det gjenstår å sjå om det komande storspelet Final Fantasy XV òg vil ta turen.

Kommentarer (11)

Forsiden akkurat nå

Til toppen