Myst blir TV-serie

Det klassiske eventyrspelet får nytt liv.

Cyan Worlds

Heilt tilbake i 1993 skapte Cyan Worlds eit namn for seg sjølv med det unike eventyrspelet Myst. Vi blei planta på ei mystisk øy der vi måtte nøste opp i ei rekke gåter og utfordringar i god peik og klikk-stil. I motsetning til eventyrspela frå til dømes Lucas Arts fekk vi ikkje sjå hovudpersonen i Myst, i staden såg vi det heile frå førsteperson, og kunne sjå rundt oss medan vi vandra gjennom dei ulike områda.

Spelet blei ein stor suksess og fekk fleire oppfølgjarar, men dei siste åra har det vore ganske stille rundt serien. I dag får vi derimot vite via Variety at Myst-serien får nytt liv. Cyan Worlds har fått i stand ei avtale med Legendary Entertainment om å lage ein serie av Myst. Kor vidt denne vil dukke opp på TV, eller bli lansert i digitalt format, er ikkje bestemt enno.

Cyan Worlds med kreativ kontroll

Vil denne øya dukke opp på ein TV-skjerm nær deg?

Myst-skaparane Rand og Robyn Miller skal vere direkte involverte i prosjektet, og vil gjere det til meir enn berre ein serie. Detaljar er få akkurat no, men hos Variety kan vi lese at målet er å gjere dette til ei oppleving som går på tvers av medium. Både eit spel og bruken av nettbrett blir nemnt.

Om handlinga vil bli den same som i spelet, eller ei ny historie er det ikkje sagt noko om.

Myst blir ikkje Legendary Entertainments første forsøk på å filmatisere spel. For tida jobbar dei med Dead Rising, Mass Effect, i tillegg til at filminga av den komande Warcraft-filmen blei ferdig for ikkje så lenge sidan.

For Cyan Worlds ser det ut til å kunne bli ei travel tid framover. Akkurat no held dei på med det Kickstarter-finansierte eventyert Obduction. Der skal du fritt kunne bevege deg i opne miljø, og utviklarane håpar å gje spelarane kjensla av å brått ende opp i ei framand verd.

Siste fra forsiden