Anmeldelse

Soul Nomad & The World Eaters

Du er ung. Om du er mann eller kvinne er fullstendig opp til deg. Det same er namnet ditt, men det er ein ting som dreg deg gjennom søla, om du vil det eller ei: Gig. Gig er ein liten djevel, ein slem liten djevel. Ein djevel som eigentleg er ein mannevond gud, og som ikkje draumar om anna enn verdas totale samanbrot. Han styrer tre enorme verdsetarar (dei et verda altså, som du kanskje pønska deg fram til ut av namnet på spelet). Desse svære monstra kommanderer han ved å knipse ein finger, og det er ingenting som får Gig til å bryte ut i ekstase, som tanken på liding og smerte for alt og alle som kryp eller går på to bein, eller hovar.

Men Gig har eit problem. Han har ingen kropp. Denne fryktelege inkarnasjonen av alle dommedagsprofetiar Nostradamus nokon gong skulle ha kokt opp under lettare berusa tilstand, er redusert til ei patetisk stemme i hovudet ditt. For det er akkurat her vi kjem til kjerna av all hovudverk. I starten av spelet blir du og Gig spleisa saman til ein (u)heilag union.

Om du er ein person med moral. Ein person som ikkje kan akseptere latter på andres kostnad, då har du eit problem. Eit så pass stort problem at du eigentleg bør styre langt unna Soul Nomad. For Gid kjem til å slenge drit i alle tenkjelege retningar, han vil vere frekk, spydig og motbydeleg, og for å gjere vondt verre døyper han om bestevennen din til «dumme ku». Sistnemnde er verre enn kva det høyrest ut som, for han gjentar det, og gjentar det, og byggjer på, og forklarar si forakt for dumskap med korleis han får lyst til å banke kaninar.

Saleg symbiose

Du blir nøydt til å leve med Gig, og med mindre du kjenner deg igjen i eksempelet ovanfor, og heller slektar litt på meg, kjem du nok til å trivast i selskap med Gig. Han er ein likandes kar, han seier det du tenkjer før du treng gjere det. Dette er jo ganske greitt, sidan det å ha samtaler med ein skjerm lett kan bli sett på som litt rart.

Livet med Gig utviklar seg til å innehalde ei sær form for harmoni. Det er klart eit spel som handlar om beist som et verda, handlar om meir enn deg og din usynlege ven. Ditt mål, ikkje Gig sitt mål, men ditt mål, er å øydeleggje desse beista. Du skal byggje deg opp til å bli så sterk at du kan gi dei pryl. Eit anna spørsmål er om du kan klare det utan å få hjelp av Gig, eller om du eigentleg vil selje ein bit av sjela di til ein sånn dritsekk.

Soul Nomad & The World Eaters er ein spel frå Nippon Ichi, og dette betyr umiddelbart to ting: Endelaus og svært djup taktisk strategi der du kan skru saman det du måtte ha lyst på, akkurat slik du vil ha det, og ein grafikk som kort og godt kan oppsummerast som ræv.

Nippon Ichi har gjort seg kjent for sin heller lite imponerande grafiske stil, men den fungerer alltid. Det er tydeleg at dei ikkje jobbar på dei heilt store budsjetta, og i Soul Nomad er det heile ekstra tydeleg. Figurane er uskarpe og udetaljerte, dei har eit snevert utval av animasjonar, og du flyttar dei som regel rundt på ein stilleståande, men pent, kart i to dimensjonar. Dette kartet kan du riktig nok rotere på i tre dimensjonar, men det er framleis ei heilt flat plate du flyttar deg på.

Som med dei fleste taktiske strategispel av denne sorten flyttar du figurane på eit rutenett. Kvar soldat på kartet har ei gitt lengde han eller ho kan gå, og når du langt nok kan du kaste deg ut i kamp. I kampar blir det heile litt meir tredimensjonalt, sidan dei todimensjonale figurane brått kjempar på ein tredimensjonal bakgrunn. Men vi skal la dimensjonane ligge no, og heller fokusere på kva du faktisk kan gjere i dette spelet.

Avansert interiørdesign

Kvar figur på kartet representerer eit rom. Kvart rom inneheld ei hær, og det er denne du sender i kamp. I staden for å regelrett putte folk inn i eit lite rom, puttar du heller inn ei dokke som eigentleg er ein tru kopi av den personen du vil putte i rommet. Det er litt som voodoo, sjølv om Gig hevdar dette er berre tull, sidan voodoo ikkje eksisterer.

Kvart rom har ein eller fleire eigenskapar, og opp mot ni felt du kan plassere dokkene på. I tillegg har romma opp mot tre rekker, og kvar krigar har forskjelleg angrep i forhold til kva rekke du set han i. Til dømes vil ein Cleric lækje ein person om han står på midterste rad, medan han vil lækje alle om han står bakarst. Generelt sett kan du tenkje logisk med dette. Ein mann med sverd gjer seg best i fronten, og folk med magi held seg bak. Kvar soldaten står vil òg ha innverknad på kor stor sjanse det er for at han blir angripen.

Når det bryt ut kamp vil som regel den hæren som angrip slå til først, før forsvararane går til motangrep. Dette kan kaste deg ut i nokre ufyseleg lange angrepsanimasjonar som berre kastar billege spesialeffektar på deg i opp mot tretti smertefulle sekund. Det grafiske fiksfakseriet hadde kanskje imponert på PSone for mange år sidan, men hallo, det er ei stund sidan den maskina kom ut. I dag er det berre stygt. Heldigvis kan du slå av alle slike animasjonar, noko som kappar ned kamptida til berre nokre få sekund. Som eit resultat går spelet unna som eit uvær, og du kosar deg mykje meir.

For er det ein ting som er sikkert om Soul Nomad, så er det at spelet har alt det du kan ynskje og be om frå eit taktisk rollespel. Det let deg gå fram slik du vil, setje saman dei hærane du vil, og banke alle fiendane ned i gjørma.

Soul Nomad & The World Eaters PS2 PS2

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 20. juni 2008
  • Plattform: PlayStation 2
  • Utgiver: KOEI
  • Utvikler: Nippon Ichi

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen