Wargaming.net har kjøpt Total Annihilation

Fleire Atari-eigedommar har funne nye eigarar.

THQ er ikkje det einaste spelselskapet som har gått dukken i år. I mai blei fleire eigedommar frå den tidlegare storutgjevaren Atari lagt ut for sal. No er ei liste med nye eigarar for fleire speltitlar gjort kjent.

Det mest merkbare er nok at Wargaming.net har kjøpt Total Annihilation. Dette strategispelet kom frå Chris Taylor som seinare danna Gas Powered Games. Der var han med på å skape spela Dungeon Siege og Supreme Commander. Tidlegare i år blei selskapet etter ein mislukka Kickstarter-kampanje for spelet Wildman kjøpt opp av nettopp Wargaming.net. Kan det kanskje vere tid for eit gjensyn med Chris Taylor og Total Annihilation?

Tota Annihilation er derimot ikkje den einaste serien Wargaming.net har kjøpt opp. Dei har og skaffa seg rettane til romstrategiserien Master of Orion.

Total Annihilation.
Total Annihilation.

Gamle spel med nye heimar

Dette er ikkje dei einaste Atariseriane som har fått nye eigarar i det siste. Rebellion har snappa opp rettane til både Battlezone og Moonbase Commander. Battlezone er ein kombinasjon av skyting og strategi, medan Moonbase Commander er eit turbasert strategispel.

Minst like interessant er at Stardock Systems har skaffa seg rettane til dei gamle spela Star Control. I følgje Joystiq leikar Stardock med tanken på å gjere noko av det same som blei gjort med det siste XCOM-spelet, og bruke Star Control 2 som inspirasjon for eit nytt spel i serien.

Dei siste spela som har funne nye eigarar er mindre kjende titlar som Backyard Sports som no eigast av Epic Gear, samt Humongous, Fatty Bear's Birthday Surprise (!) og Math Gran Prix som no eigast av Tommo.

Les også: Svensk spelutgjevar kjøpet gamle atari-klassikarar
Les også: Historien bak atari: Del 1

Kommentarer (10)

Forsiden akkurat nå

Til toppen