ANMELDELSE: Star Ocean: The Last Hope International
Anmeldelse

Star Ocean: The Last Hope International

Eitt steg frå himmelen

Stjernehavet plaskar endeleg inn på PlayStation 3.

Dette er ei republisering av Xbox 360-anmeldelsen av Star Ocean: The Last Hope. Endringane i PlayStation 3-versjonen blir omtala på side 2.

Utviklarane bak Star Ocean-serien – Tri-Ace – er best kjende for to ting. Dei lagar som regel spel med fantastiske kampsystem og superpolerte mekanikkar, men det finnest ikkje eit hovud i staben deira som er i stand til å skrive ei historie som får deg til å bry deg. Vi har sett dette før i så godt som samlege spel frå Tri-Ace-leiren. Infinite Undiscovery er eit godt døme, der dei kasta oss ut i ei vakker verd, med eit flott kampsystem, og ei historie som var vanskeleg å verkeleg kome inn i.

Det same er diverre tilfelle med Star Ocean: The Last Hope. Eller rettare sagt, historia kunne eigentleg ha vore knakande god, om den berre hadde vore fortalt på ein knakande god måte. Det tek deg sannsynlegvis omlag tjue timar eller meir før du i det heile tatt blir litt engasjert i den, og forstår kva det heile eigentleg går ut på. Desse tjue timane brukar Tri-Ace på å prøve å byggje opp karakterane. Du reiser til forskjellige planetar, vitjar underutvikla kulturar, og det heile framstår som temmeleg retningslaust.

Ut mot stjernene

Konseptet bak Star Ocean-serien er enkelt. Du reiser ut i universet for å finne nye planetar med liv, slik at folk kanskje kan busetje seg der. I Star Ocean: The Last Hope får vi fortalt korleis det heile starta. Jorda gikk praktisk talt under i den tredje verdskrig, og som eit resultat, må menneska stå saman om å finne ein ny heim. I rolla som Edge Maverick reiser du ut i rommet for å finne potensielle kandidatar for denne nye heimen.

Ingenting går sjølvsagt som planlagt, og Edge og hans kompanjongar krasjlandar på den primitive planeten Aeos. Ting skjer fort, og brått står vi ovanfor ei krise som kan sjå ut til å vere mange gongar større enn den tredje verdskrigen som sendte folk ut på desse romreisene i utgangspunktet.

Premissane er enkle, og gode nok til å kunne byggje ei god historie, men du får ei stor kjensle av at du berre kastar bort tid. Det største problemet er hovudpersonen sjølv. Han ser direkte tåpeleg ut, der han framstår som eit mislukka forsøk på å lage ein realistisk versjon av ein anime-karakter. Animasjonen er tilsvarande dårleg, og hovudet hans nikkar kontinuerleg gjennom dei fleste filmsekvensar, i noko som minnar litt for sterkt om gode gamle Titten Tei.

Dette er likevel ikkje det verste. Det verste er at Edge, som person, er ein fiasko. Han er ein naiv, liten idiot totalt blotta for intelligens, som likevel har fått i oppdrag å bli kaptein på romskipet Calnus. Som om ikkje det var nok, ser alle andre opp til han. Alle dei andre folka du møter, som alle har mykje meir intelligente ting å seie, som ser forskjellige situasjonar for kva dei er, og er i stand til å oppføre seg på ein nokon lunde fornuftig måte. Dei ser alle opp til han. Sjølv når Edge gjer den dummaste tingen du kan tenkje deg. Når han gjer noko du på mils avstand kan sjå vil resultere i ei katastrofe. Når han gjer ting berre ein komplett idiot er i stand til å gjere. Sjølv då står hans allierte bak han, klappar han på skuldra, og seier det var ikkje hans feil.

Dette endar sjølvsagt opp i at ein allereie irriterande hovudperson endar opp som eit sjølvhatande misfoster. Sjølvhatet kan eg forstå, men med eit elendig manuskript, dårleg dialog, og ein skodespelar som ikkje er i stand til å få fram kjenslene Edge går igjennom på ein truverdig måte, endar du berre opp med å få lyst til å gi Edge ein omgang juling sjølv.

Eit lite håp

Redninga for historia kjem i form av ein ung mann frå planeten Eldar. Han deler den merkelege grafiske stilen som pregar Edge (og alle andre i spelet for den saks skuld), men han har ein fabelaktig skodespelar. Han får stemme frå Jason Liebrecht, same person som gav stemma til David i The Last Remnant, og Capell i Infinite Undiscovery, og han gjer som vanleg ein utmerka jobb. Det er truverdig, og han bringer dei kjenslene, og den livsgnisten inn i spelet, som spelet elles manglar fullstendig. Du trur på han, og det er ofte han aleine som reddar historia frå å gå fullstendig under.

Som sagt tek det seg likevel opp etter omlag tjue timar. Alt blir mykje større i omfang, og du forstår meir av kva som eigentleg skjer i dette universet. Når du først når dette punktet, byrjar du endeleg å bry deg. Du byrjar endeleg å få lyst til å vite meir, og du greier etter kvart å fase ut Edge sin idioti til fordel for eit bilete som etter kvart går frå å vere nærbilete, til å bli vidvinkel. Sjølv om Edge alltid er i framgrunnen med sitt evige pjatt om universet vårt, og korleis vener er viktig. Alle gode ting sjølvsagt, om ein truverdig person hadde sagt det.

Om historia aldri skulle klare å engasjere deg, kan du positivt nok hoppe over alle filmsekvensar. Skulle du vere redd for å gå glipp av noko, treng du ikkje uroe deg, sidan du kvar gong bli møtt av eit kort samandrag av kva som har skjedd.

Kampen for livet

Hadde Star Ocean: The Last Hope vore eit spel som først og fremst skodde seg på å fortelje ei historie, hadde dette vore eit av dei dårlegaste japanske rollespela på mange år. Grunnen til at dette er milevis frå kva som er tilfelle, er det gjennomført geniale kampsystemet.

Som tidlegare spel i serien går alt i sanntid. Du spring rundt i store område, og du ser forskjellige fiendar du kan gå i kamp med. Tradisjonen tru ser du berre Edge når du spring rundt slik, men når du først er i kamp, viser dei andre i gruppa seg.

Du kan ha med deg fire krigarar i kamp, inkludert Edge, om du vil spele som han. Du finn ikkje noko ventetid, og det heile går i eit skyhøgt tempo. Om du vil, han du gjere det heile såre enkelt og berre slå nokre slag mot fienden, men å la det bli med dette, er rein dumskap. Kampsystemet i Star Ocean: The Last Hope byr på så mange herlege element at det er vanskeleg å vite kvar ein skap byrje.

Det kan likevel vere greitt å starte med Blindside. Ved å halde inne B-knappen ei kort stund, kan du dytte i analogstikka rett før fienden angrip, for å hoppe bak han, noko som gir deg kritiske slag, og mykje meir skade. Konseptet er såre enkelt, men det er umogleg å verkeleg beskrive kor gull verdt dette faktisk er i kamp. Du kan kaste deg ut i ein Blindside heilt i starten av ein kamp for å få overtaket, eller midt inne i ein kamp om du brått ser den gule ringen som betyr at sjansen er der. Det kan snu ting fullstendig rundt på nokre få sekund, og det er noko som heile tida held deg i høgspenn.

Du er samtidig ikkje uovervinneleg. Nokre fiendar er i stand til å gå til motangrep om du brukar Blindside, og om dette skjer, tapar du mykje. Du skjønar, når du presterer noko bra i ein kamp, får du ein krystall. Denne legg seg på bonusbrettet på sida av skjermen, og etter kvart som du spelar, vil opp mot 14 krystallar legge seg her. Krystallane gir deg bonusar som til dømes fleire erfaringspoeng (opp mot 140% ekstra), eller fornya helse og mana etter ein kamp.

Du kan byggje opp brettet som du vil for å passe den situasjonen du er i. Om du vil hamstre erfaringspoeng, utfører du dei angrepa som gir deg slike krystallar. Om du slit mot vanskelege fiendar og treng å fornye helse etter kvar kamp, skaffar du dei krystallane. Problemet er: Om du blir kontra i ein Blindside, forsvinn halvparten av krystallane. Ved å spele uforsiktig, har du veldig mykje å tape.

Kombofantomet

Blindside og bonusbrettet er ikkje dei einaste tinga Star Ocean: The Last Hope har gåande for seg. Du har i tillegg nokre spesialangrep som verkeleg kan få liv i ting. Dette er kraftige angrep som kan kaste fiendane i lufta, før du denger dei hardt i bakken. Du kan leggje opp til tre av desse til både LT og RT, og du brukar dei ved å først trykkje inn ein avtrekkjar ein gong for å bruke det første angrepet, så ein gong til for det neste. Slik kan du halde fram heilt til du har lenkja saman seks vanvittige angrep.

Du står i tillegg fri til å leggje desse angrepa til avtrekkjarane i den rekkefølgja du sjølv vil, slik at du kan skru saman den kombinasjonen som passar deg best. Det er eigentleg her nøkkelen til suksessen ligg; du kan verkeleg spele dette spelet slik det passar deg. Om du vil kaste deg ut i det med full fres står du heilt fritt til det. Om du heller vil vere ein engel og passe på at alle har det bra, kan du heller velje å spele med ein anna karakter, halde deg i bakgrunnen, og kaste buffer-magi på krigarane.

I tillegg er spelet venleg nok til å la oss bytte ut falne krigarar. Skulle nokon døy, og du er tom for gjenstandar som får dei opp, og ikkje har nok mana-poeng til å bruke magi, kan du berre bytte ut dei falne krigarane med nokon som er heilt klare for kamp. Dette er samtidig noko som ganske effektivt kan brukast for å få svake krigarar opp på høgre nivå. Du kan spele gjennom ein heil kamp med dei sterkaste krigarane, berre for å hente inn ein svak krigar rett før den siste fienden døyr.

Enormt og mangfaldig

Områda i Star Ocean: The Last Hope er enorme i omfang. På kvar planet du reiser til, byrjar du i eit massivt område du må bruke mykje tid på å kome deg gjennom. Når du først når enden på det første området, vil du ofte ende opp i enda eit område som er minst like stort, før du omsider når atter eit nytt område. Du endar opp med å vandre rundt timevis før du når destinasjonen din, og du kjempar mot fiendar, sankar skattar frå kister, og hamstrar ressursar. Av og til kan det blir i meste laget, og du må kjapt rekne med at det kan gå over ein time mellom kvar gong du får lagra. Star Ocean: The Last Hope er definitivt ikkje eit spel for folk i tidsklemma.

Ressursane du kan sanke vil du kunne bruke til å lage nytt utstyr. Kvar karakter har eit spesialområde dei er gode på. Edge er til dømes ein smed, medan andre igjen kanskje er ingeniørar eller kokkar. Ved å ta turen tilbake til Calnus, kan du finne opp nye oppskrifter, eller prøve deg på å bruke dei oppskriftene du har til å lage noko. Du kan mekke mykje bra på denne måten, men det er ikkje alltid like lett å finne dei ressursane du treng. Kreasjonsverktyet blir på denne måten mest for dei som dediserer veldig mange timar til spelet. Gjer du ikkje det, kan du vere sikker på at du får laga minimale mengder med nytt utstyr.

Visuell schizofreni

Star Ocean: The Last Hope nyttar den same grafikkmotoren som fjorårets Infinite Undiscovery. På same vis som dette spelet, er Star Ocean svært blanda visuelt sett. Det kan gå frå å vere blendande vakkert, til å sjå ut som eit spel frå førre generasjon på svært kort tid. Mykje av dette skuldast ei svært svak lyssetjing. Den er ofte alt for sterk, og heile spelet blir bada i harde og ubehagelege kontrastar. Dette gjer i tillegg den manglande anti-aliasinga veldig tydeleg.

Andre gongar er det likevel svært pent, og dette er som regel når lyssetjinga er mildare, og spelet tek i bruk litt djupnesyn. I slike situasjonar kan spelet sjå nesten verkeleg ut. Ikkje verkeleg på ein realistisk måte, men heller i den forstand at flotte og handmåla statuettar brått kjem til live. Det som øydelegg mykje er animasjonen. Det er brukt ein del «motion capture», men det aleine er ikkje nok. Det er i hovudsak ansikta og det til dels store fråværet av leppeanimasjon som knuser truverdet. Ofte kan ein person seie noko, og leppene byrjar ikkje å røre seg før han er halvvegs i setninga.

Det variable skodespelet gjer ikkje stort for å forbetre dette. Nokre skodespelarar gjer ein veldig bra jobb, men når dei må leve side om side med livlause og slitsame kollegaer, blir resultatet deretter. Musikken er derimot av høg kvalitet. Atter ein gong er det Motoi Sakuraba som komponerar musikken, og det gjer han i kjend stil. Det er storslagent og pompøst, og mykje av det har vi strengt tatt høyrt mange gongar før. Det er likevel når han bryt seg laus frå det han plar gjere, og utforskar nye ting, at musikken for alvor gjer seg merkbar gjennom ei lang rekke fantastiske verk.

PlayStation 3-versjonen

Det er eigentleg ingenting vesentleg nytt med Star Ocean: The Last Hope International. Det er nøyaktig det same spelet, dei same karakterane, og det same fantastiske kampsystemet. Det skal vere gjort noko små justeringar på kampmotoren, men dette er i så fall så minimalt at eg ikkje har merka noko til det.

Det som verkeleg er merkbart er korleis du no kan velje å byte ut dei tidvis horrible engelske stemmene, og i staden lytte til det originale japanske stemmesporet. Dette gjer historia mykje lettare å følgje med på. Eg synest framleis skodespelet kunne ha vore betre, men kvaliteten er unekteleg høgre enn på engelsk.

Ein annan fin bonus i PlayStation 3-versjonen er at du kan velje å sjå menyar i anime-stil i staden for den litt røffare stilen i Xbox 360-versjonen. I tillegg blir personportretta i kamp byta frå CGI-bilete til animeteikningar.

Konklusjon

Star Ocean: The Last Hope vil gi deg akkurat det du er vand med om du kjenner til Tri-Aces tidlegare spel. Vi får eit middelmåtig historie som ofte er til å grine av, komplimentert av eit fabelaktig kampsystem som filleristar konkurrentane. Kampane i Star Ocean: The Last Hope oppfyller dei våtaste draumar, og lar deg kontre ein kvar situasjon som måtte oppstå. Det let deg skreddarsy framgangsmåten din slik den passar deg, og det sluttar aldri å vere underhaldande. Spesielt sjefskampane kan få sveitte til å sile nedover ryggen medan du sit langt ute på stolen med blodsprengde auge retta mot TV-skjermen.

Det er svært synd at ei veldig svak historie skal øydeleggje for dette elles svært underhaldande spelet. Skjønt, sidan du kan hoppe over historiesekvensane, og spelet i tillegg byr på eit samandrag av alt som skjer, rett frå menyen, kjem du deg gjennom det. Likevel, med ei god historie, kunne Star Ocean: The Last Hope ha nådd mykje høgre på skalaen.

Nokon av bileta i anmeldelsen er fra den japanske utgåva, i mangel på nok representative bilder fra den europeiske versjonen.

Kommentarer (9)

Forsiden akkurat nå

Til toppen