For ei tid. Spelfronten leverer den ein kraftsalva etter den andre, og i oktober har vi storkosa oss. Både The Outer Worlds 2, Ninja Gaiden 4, Battlefield 6 og Vampire The Masqueradè: Bloodlines 2 overbeviste stort, medan Pokémon Legends: Z-A leverte det beste Pokémon-eventyret på ei stund. Ved sidan av desse storspela har vi òg fått nyte andre, og meir spesielle opplevingar.
I LEGO Voyagers fekk vi reise på eit nydeleg samarbeidseventyr med to legoklossar, i Keeper vandra vi gjennom ei fantasifull verd som eit fyrtårn, medan Bye Sweet Carole tok oss med på eit emosjonelt og stemningsfullt handanimert eventyr.
Som om det ikkje var nok har vi prøvd oss på noko heilt nytt i oktober; å teste bordrollespel. Først ut var den nye startpakka til The One Ring.
Kan november halde same nivå?
Europa Universalis V
Plattform: Windows
Ute: 4. november
Det er heile tolv år sidan førre spel i Europa Universalis-serien, og då seier det seg sjølv at forventningane blir deretter. Denne serien kan godt mogleg vere for spesielt interesserte, der den fokuserer på beinard strategi i svært kompleks form. Her er det detaljstyring på meisternivå, men og stor fridom til å styre slik du vil. Målet til utviklarane er å lage det mest komplekse strategispelet i verda.
I Europa Universalis V får du velje mellom hundrevis av nasjonar, i eit spel som går over nesten fem hundre år. Utviklarane lovar djupe system som lar deg styre slik du vil. Her styrer du slik du vil, om det er med makt, diplomati eller handel. Korleis verda vil utvikle seg kjem an på dine val, og utviklarane får det nesten til å høyrest enkelt ut. Det blir det definitivt ikkje, når du aleine skal styre eit rike til topps i ei konfliktfylt verd.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Europa Universalis V
Hyrule Warriors: Age of Imprisonment
Plattform: Switch 2
Ute: 5. november
Der The Legend of Zelda-serien i seinare år har satsa på fridom, kreativitet og utforsking er Hyrule Warriors noko heilt anna. Denne serien som kjem frå folka bak Dynasty Warriors-serien kastar deg inn i kampen mot hundrevis av fiendar på ein gong, og fokuset er action. Vi kan definitivt vente oss mykje meir av det vi fekk i Hyrule Warriors: Age of Calamity, men forhåpentlegvis blir det hakket penare å sjå på, med betre biletefrekvens.
I Age of Imprisonment møter vi først prinsesse Zelda, som blir kasta tilbake i tid og møter den første kongen og dronninga over Hyrule. Her får vi oppleve historia om Ganondorfs invasjon, og møter ein bråte nye allierte som vil kjempe saman med Zelda mot nye fiendar. Dette blir faktisk det aller første Zelda-spelet eksklusivt for Switch 2, og det blir spanande å sjå kva Nintendo og Koei Tecmo har fått til.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Hyrule Warriors: Age of Imprisonment
Anno 117: Pax Romana
Plattform: PlayStation 5, Xbox Series X, Windows
Ute: 13. november
Anno-serien til Ubisoft turar og går, og no er det tid for å legge turen til det gamle Romarriket. Her får du ansvaret å bygge opp den romerske sivilisasjonen, og sjølvsagt velje korleis du skal nå dine mål. Her får du bygge den byen du vil, men må passe på at alle innbyggjarane dine får alt dei treng. Produksjon av ulike varer må vere effektiv og sørge for at varene kjem fram der dei trengs.
Spelet lovar å by på spanande val for ein god strateg. Vil du ivareta kulturen til folk du møter, eller vil du påtvinge dei romerske tradisjonar? Vil utvide riket ditt med diplomati, eller vil du knuse alle som ikkje føyer seg under støvlane til din massive militære makt? Anno 117: Pax Romana lovar på like linje med tidlegare spel i serien å by på ein haug med utfordringar som krev at du vel klokt mellom fokus på befolkninga, økonomien eller militæret.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Anno 117: Pax Romana
Call of Duty: Black Ops 7
Plattform: PlayStation 5, Xbox Series X, Windows
Ute: 14. november
Til absolutt ingens store overrasking er Call of Duty tilbake denne hausten òg. For første gong på ei lita stund har det fått solid konkurranse i form av Battlefield 6, og har ein del å bevise. Som vanleg får vi både ein kampanje og det som for dei fleste er trekkplasteret; fleirspelarmodusen. Zombie-modusen er sjølvsagt med, for alle som heller vil bade i vandrande lik. Vi tok nyleg ein grundig kikk på spelets fleirspelarmodus, og kom frå det i live:
«Akkurat no er det veldig mykje moro å hente, og det at eg stort sett kosar meg bak spakene må attribuerast at den grunnleggjande gameplay-loopen framleis fungerer godt. Dette innebær snerten skyting og stor rørslefridom, men også mykje fridom til å setje saman både klassar og våpen etter eige ynskje.»
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Call of Duty: Black Ops 7
Kirby Air Riders
Plattform: Switch 2
Ute: 20. november
Om du ikkje fekk nok moro på vegen med Mario Kart World, er Nintendo allereie eit halvt år seinare klare med ein ny konkurrent. Kirby Air Riders er praktisk talt Mario Kart, om vi skal tru spelsjef Masahiro Sakurai. Kirby Air Riders er ein oppfølgjar til GameCube-spelet Kirby Air Ride frå 2003, men moderniserer det heile, og sprøytar inn mange nye idear.
Spesielt for Kirby Air Riders kontra Mario Kart er at du her kan kopiere triksa til motstandarane dine. I tillegg vil du ved å angripe motstandarane lade opp spesielle eigenskapar. Ved å angripe motstandarar vil du òg få høgre fart, noko som kan sende deg av garde i eit skyhøgt tempo. Spelet lovar i tillegg ei solid menge baner og sjåførar å velje mellom. Om Kirby Air Riders kan ta opp konkurransen mot Mario Kart World eller Sonic Racing Crossworlds finn vi snart ut.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Kirby Air Riders
Hald deg fast
November 2025 blir ein stappfull månad som byr på alt mogleg mellom himmel og jord. Det etterlengta eventyret Moonlighter 2: The Endless Vault kan fort bli høgdepunktet for mange.
I actioneventyret I Hate This Place må vi bruke dagen på å førebu oss så vi kan overleve den marerittaktige natta. Den tematikken er ikkje heilt ulik rollespelet Demonschool som hentar det meste av sin inspirasjon frå Persona, der studentar må kjempe mot alskens monster.
Meir action får vi i Terminator 2D: NO FATE, eit piksellert og sideskrollande actionspel basert på ein av verdshistorias beste filmar. Solo Leveling: Arise Overdrive er ikkje basert på ein film, men heller på ein koreansk netteikneserie. Her får vi heftige og stilisert action på asiatisk vis. Deadpool VR byr på si side på litt Dealpoolsk gladvald for VR-entusiastar.
Litt rolegare, men desto dystrare, blir det i Tales of Old: Dominus, der vi følgjer Eric som startar i ein leir i skogen, og etter kvart blir leiar for ei motstandsrørsle.
Biped 2 pustar litt farge inn i månaden igjen med samarbeid for to til fire spelarar. Meir farge blir det i Unbeatable, der vi tek turen til ei verd der musikk er ulovleg. Meir musikk blir det i Lumines Arise, det første nye konsollspelet i den flotte musikkserien på nesten 15 år.
Football Manager er tilbake, og om det ikkje er nyheitsverdig kan du gjere noko med det i News Tower, der du skal styre di eiga avis til suksess eller ruin.
For dei som treng fart eller spenning blir det litt å velje mellom i november. Assetto Corsa Rally lovar å by på ei realistisk rally-oppleving, meda JDM: Japanese Drift Master strengt tatt lovar det motsette når det kjem til Xbox.
Før vi slår av for i dag må vi ta med ein bråte spel som kjem til nye plattformer. Yakuza Kiwami 1 og 2 kjem til Switch 2, Monster Hunter Stories Collection kjem til Xbox One, Age of Empires IV kjem til PlayStation 5, S.T.A.L.K.E.R. 2: Heart of Chernobyl kjem til PlayStation 5, medan det australski- og Animal Crossing-inspirerte Dinkum kjem til Switch.
Sacred 2 Remastered by på eventyr av gamle sorten, og for dei som saknar dei gode, gamle peik-og-klikk-eventyra, kjem klassikaren Syberia tilbake i Syberia Remastered.
Om du ikkje finn noko spanande å kose deg med denne månaden, håpar eg det er fordi du har ein backlog lang som eit vondt år.
God speling.