FEATURE: Desse spela gler vi oss til i november
Feature
(Bilde: Montasje Gamer.no)

Desse spela gler vi oss til i november

Med ny maskinvare skal vinteren møtast.

Heisann! Triveleg å sjå deg her igjen i denne månadlege oppsummeringa av alt som var, er, og vil bli. Vi har nett lagt ein særs travel månad bak oss, men skal ein vere heilt ærleg både kunne, og burde den ha vore hakket betre. Joda, vi fekk nokre skikkeleg solide spel som Middle-Earth: Shadow of War og Forza Motorsport 7, men ei rekke etterlengta spel som The Evil Within 2, South Park: The Fractured But Whole og Gran Turismo Sport makta ikkje heilt å innfri forventningane våre.

Vi får tru det blir betre i månaden som kjem, for då blir det godsaker i godteposen. Endeleg skal Microsoft lansere «den kraftigaste konsollen nokon sinne» (noko anna hadde vel vore litt snodig utan andre ferske konsollar på horisonten), og med det går vi ein nye Ultra HD vår i møte.

Nokre velsmakande spel blir det nok attåt, så vi hiv oss rett i det.

Xbox One X

Er du klar for ien ny konsoll?
Er du klar for ien ny konsoll? Foto: Microsoft

Ute: 7. november

Med Xbox One X har Microsoft tatt konsekvensen av reaksjonane dei møtte etter den opphavelege lanseringa av Xbox One. Borte er fokuset på at maskina skal vere eit mediesenter i huset ditt, og Microsoft har ein gong for alle lagt rørslekameraet Kinect døydt. Igjen sit vi med eit fokus på spel som har kulminert i ei kraftpakke av ein konsoll.

Med Xbox One X skal du kunne spele alle dine Xbox One spel, berre betre. Nye spel vil få fleire grafiske musklar å rutte med, og ei rekke gamle spel vil bli oppskalerte på den nye konsollen. Microsoft stoppar derimot ikkje der, men lovar at fans av bakoverkompitabiliet vil møte både Xbox- og Xbox 360-spel som vil sjå hakket kvassare ut på den nye konsollen.

Sjå bilete og les artiklar om Xbox One X

Call of Duty WWII

Kjølig krig i årets Call of Duty.
Kjølig krig i årets Call of Duty. Foto: Activision

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 3. november

Dei siste åra har Call of Duty stadig flytta seg lengre vekk frå sine røter med meir eller mindre realistisk krig i historiske scenario. Vi har fått framtidsretta krig med oppdikta våpen, og dette har ikkje alle vore like nøgde med. Difor har no Activision og Sledgehammer Games skrudd tida tilbake til andre verdskrig igjen. Vi likte det vi fekk prøvd på årets E3-messe:

«Det var ikkje veldig mykje vi fekk prøve under E3, men skal vi døme etter det vi fikk sjå og spele er det ikkje mykje anna å seie enn at Call of Duty WWII verkar som eit svært velkome innslag i den populære spelserien. Ved å la seg inspirere av røtene sine og fikle litt med skytemekanikkar får ein brått eit spel som skil seg markant frå dei futuristiske innslaga ein er blitt vande med.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Call of Duty WWII

Need for Speed Payback

Need for Speed Payback fresar gummi til den store gullmedaljen.
Need for Speed Payback fresar gummi til den store gullmedaljen. Foto: EA

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 10. november

Need for Speed-serien er blant dei aller eldste racingseriane som framleis kjem med nye innslag. Mykje av det kan nok vere at serien stadig prøvar seg på nye ting, og etter kvart har fjerna seg ganske så mykje frå det juksekodeinfernoet serien ein gong var.

Med Need for Speed Payback har utviklarane henta inspirasjon frå den villt populære filmserien The Fast and the Furios. Med denne inspirasjonskjelda innabords, ventar det eit spel med ei dramatisk historie, og eit gameplay som ser ut til å hente rimeleg mykje inspirasjon frå den pensjonerte EA-serien Burnout. Om Need for Speed Payback kan få pulsen opp på Burnout-nivå gjenstår å sjå, men det er lov å håpe.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Need for Speed Payback

Star Wars Battlefront II

Det blir kaotiske kampar i Star Wars-land.
Det blir kaotiske kampar i Star Wars-land. Foto: EA

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 17. november

Om det var eit massivt ankepunkt folk hadde med Star Wars Battlefront, var det mangelen på innmat. Spelet var godt nok, og bydde på mykje moro, men vi ville ha meir. Meir vil vi no få. Med Star Wars Battlefront II får vi i tillegg til den sjølvsagde fleirspelarmodusen ein robust kampanje der vi følgjer imperiegeneralen Iden Versio på jakt etter opprørarar. Vi var spente på sluttresultatet etter vår sniktitt:

«Star Wars: Battlefront hadde store styrker og små svakheiter, men at det kjennest som ei ekte Star Wars-oppleving er udiskuterbart. EA og DICE har vore klare på at dei har tatt til seg kritikken, noko som gjenspeglar i fokuset på ein einspelardel og at fraksjonar fra alle tre eraer blir tilgjengeleg i same spel.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Star Wars Battlefront II

Pokémon Ultra Sun & Moon

Pokémon leverer varene i år og.
Pokémon leverer varene i år og. Foto: Nintendo

Plattform: 3DS
Ute: 17. november

Medan vi ventar på det første Pokémon-rollespelet til Switch, får vi eit nytt eventyr på 3DS. Pokémon Ultra Sun & Moon tek opp tråden etter Pokémon Sun & Moon, og vi reiser tilbake til den tropiske Alola-regionen. Her tek spelaren igjen på seg rolla som ein pokémon-trenar, og må samle inn og trene så mange pokémon som mogleg. Nytt i Ultra Sun & Moon er surfing, ein fotomodus, og nye beist.

Spelet blir skrudd saman av eit yngre team hos Gam Freak, medan veteranane jobbar med det komande Switch-spelet. Målet med spelet er å lage kulminasjonen av alt studioet har gjort på 3DS. Det bør love godt for alle Pokémon-fans der ute.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Pokémon Ultra Sun & Moon

Krim, fotball og familieliv

Den gamle klassikaren Outcast i ny drakt.
Den gamle klassikaren Outcast i ny drakt. Foto: Appeal

November blir ikkje på nokon måte ein like hektisk månad som oktober, men vi finn likevel ei rekke interessante spel. Mange av dei er nye versjonar av gamle spel, eller spel som kjem til nye plattformer.

Eit døme på dette er krimspelet L.A. Noire som tek turen til både PlayStation 4, Xbox One og Switch. The Sims 4 på si side tek turen innom Xbox One og PlayStation 4.

Switch har ein god månad i november og får ei heil rekke nye spel. Skytehelvetet Doom brautar seg veg inn på Nintendos konsoll, og hakk i hel kjem Rime, Telltales Batman-serie og ikkje minst The Elder Scrolls V: Skyrim. Mykje å gjere på denne månaden altså.

Skyrim er dessutan eit spel som får enda ein ny versjon denne månaden. For dei som likar å forsvinne heilt inn i sine digitale eventyr, kjem Skyrim i ein VR-versjon til PlayStation VR. Eit anna VR-eventyr i november er Final Fantasy XV: Monster of the Deep. Her skal du fiske.

Om VR ikkje er di greie kan det kanskje passe med litt blodhard action når actionspelet Nioh lanserast på PC.

Mindre action, men meir fart blir det i Sonic Forces, eit Sonic-spel der du kan lage dine eigne figurar. Du får ingen eigne figurar i LEGO Marvel Super Heroes 2, men om du er fan av serien, veit du kva du får. Vil du ha noko skikkeleg sukkersøtt bør du ta ein kikk på Xbox-plattformaren Super Lucky's Tale.

For fotballfolket lanserast Football Manager 2018, men fans av japanske rollespel kan kose seg med ein oppussa versjon av PlayStation 2-rollespelserien .hack//.

Heilt til slutt tek vi med ein skikkeleg godbit, ein splitter ny versjon av det klassiske eventyrspelet Outcast.

Med det takkar vi for denne gong. Kos deg.

The Elder Scrolls V: Skyrim VR

PS4
Slippdato: 17. november 2017
Sjanger: Rollespill
Utvikler: Bethesda Game Studios
Utgiver: Bethesda Game Studios

Batman – The Telltale Series

Switch
Slippdato: 17. november 2017
Sjanger: Eventyr

Pokémon Ultra Sun

3DS
Slippdato: 17. november 2017
Sjanger: Eventyr
Utvikler: Game Freak
Utgiver: Nintendo

Nioh

Windows
Slippdato: 7. november 2017
Sjanger: Action, Rollespill

Kommentarer (10)

Forsiden akkurat nå

Til toppen